torsdag 31. mai 2012

Spelelista mi - Mai

Mai er på hell, snart går vi inn i årets sommarmånader. Kvifor ikkje avslutte våren med litt musikk? Her er i alle fall ei liste over dei songane eg har høyrt mest på i månaden sm har gått. Trykk på bildet, så kjem du til lista i Spotify:


Eg har denne månaden oppdaga at eg likar den norske visegruppa Narum, som eg knapt hadde høyrt om før eg høyrde songen "Kjinner håss je smelter litt nå" på radioen. Koseleg musikk!

Elles er det for det meste gjenoppdagingar. For eksempel den flotte plata "Until my heart caves in" av Audio Adrenaline, og den stilige songen "Sugercoat it" med DC Talk. Også Geoff Moore & The Distance har eg høyrt mykje på denne månaden. Ofte tankevekkande, og då gjerne nye og spennande tankar. Og stilig rockemusikk!

Eg har, utanom artistane på lista, også gjort ei anna kjempegjenoppdaging, men det skal eg skrive meir utdjupande om ein annan dag, når eg får tid!

tirsdag 29. mai 2012

Ting eg håpar er i Himmelen (1) - Bøker

Som kristen har eg eit håp for livet etter døden. Jesus tala mykje om Guds rike, og om Himmelen som er i vente for dei som trur på Han. Eg skal her ikkje skrive så veldig teologisk kring dette, det vil eg overlate til langt meir lærde og kloke personar enn meg sjølv.

Ein kveld for ei tid sidan sat eg og funderte litt på dette med Himmelen. Det står i Bibelen at livet etter døden er evig. Altså at det er utan ende. Eg begynte å fabulere litt for meg sjølv kva eg kunne bruke all denne tida på. Vi vil sannsynlegvis (og forhåpentlegvis) bruke mykje tid på å lovsynge Gud. Det er noko som løftar hjartet allereie her på jorda, kor mykje betre skal det ikkje bli der oppe!

Men resten av tida? Kva kan eg bruke den til?

Eg er glad i ord, og eg er glad i bøker. Det er difor heilt naturleg for meg å håpe at der er mange bøker i Himmelen.


Det er midlertid ein ting som bekymrar meg litt når det gjeld bøkene som må finnast i Himmelen. Eg har uttrykt denne bekymringa i eit dikt:

Bøker i Himmelen 

Ein gong, på den evige sida
Når eg vandrar rundt i Paradiset
Tek eg det som sjølvsagt
at eg plutseleg støyter på
Eit bibliotek

Der er det uendeleg med bøker
Og eg har endeleg uendeleg
med tid til å lese

Men ein ting bekymrar meg
Ein ting lurar eg på
Korleis er mysteriet i ein krim?
Eller konflikta i eit drama?
der

Kven kan eg le av i komediar
- Eller bli fortvila over i tragediar?
Kven er skurken
- Og kva har han fóre?

Dette bekymrar meg litt
For i Paradiset
skal alle ting vere godt
Der finst ikkje kranglar, svik eller dårlege
handlingar

Korleis kan ein då lage gode plott?
Er der millionar av bøker
- heilt utan handling?

Det gjenstår berre å sjå, tenkjer eg. Ein av dei mange tinga vi ikkje kan finne svar på her på jorda. Viss det då ikkje sit ein klok teolog ein eller annan stad og har funne ut meir om denne problemstillinga? I så fall blir eg veldig glad for eit ord.

søndag 27. mai 2012

Guds fred

Alle menneske søkjer fred. Det er min påstand. Vegane vi søkjer langs er vidt forskjellige, og vi tenkjer kanskje ikkje alltid likt om kva fred faktisk er


Då Jesus skulle reise tilbake til Himmelen, etter at han hadde døydd og stått opp att, sa han desse orda til læresveinane sine: 

Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! (Joh 14, 27)

Han gir fred på ein annan måte enn det verda gir, altså.

Freden verda gir, slik eg tenkjer: Materiell velstand, nok mat, nok klede, fråvér av krig, rolege dagar, avslapping, kjekk arbeidsplass, gode kollegaer. Ja, stort sett dei tinga som eg trur mange av oss søkjer etter. Av og til finn vi det, men like ofte kan det vere at mykje av dette manglar. Det finst millionar av fattige i verda, mange manglar nok mat for ein heil dag, det er krig og tragiske hendingar rett som det er. Få har så gunstige forhold som her i Noreg, at ein kan ta seg lange feriar og nyte ettermiddagar og fridagar saman med familien. Det er så utruleg mykje slit og strev i verda, og så mykje ondskap.

Og på toppen av alt kjem dét, at om ein finn alle desse tinga som høyrer til freden i verda, vert ein likevel ikkje fornøgd. Sit ein med luksus til opp over øyrene, med fridagar og gode kollegaer, så er det likevel eitt eller anna som manglar. Ein får ikkje fred heilt og fullt likevel. 

Grunnen er ganske enkel. Den fred verda gir, er ikkje fullkommen. Det er ein fred med hol og manglar, ein fred som aldri kan slokke tørsten vår. Ein fred som aldri kan tilfredsstille.

Jesus sa til oss at han etterlét oss SIN fred. Ein fred som dempar uro og fjernar motløyse. Guds fred er ein fullkommen fred. Det er ein fred som held gjennom glade dagar, triste dagar, tragiske dagar, kjedelege dagar, svoltne dagar, krigsfylte dagar, kalde dagar, varme dagar, lukkelege dagar, arbeidssame dagar. Og sommardagar. 

Guds fred er "over all forstand". Vi kan ikkje forstå oss på den, for den er så annleis enn det vi mennesker trur vi treng. Det er ein fred som kan gje mot og glede sjølv i fengsel, sjølv under flukt, sjølv i svolt. Uansett kva vi møter her i livet, av gode og vonde ting, vil Guds fred kunne gje oss ro i hjartet og ta vekk motløysa.

Med Guds fred i hjartet, kan ein møte livet med godt mot. Guds fred er det vi eigentleg søkjer, utan å vite det. Verda kan aldri gje oss det, men Gud kan! 

 

God pinse!

lørdag 26. mai 2012

Enkel glede

Det er ikkje alltid
dei kompliserte
og avanserte
og teknologiske tinga
som gir mest glede

Det er ikkje alltid
dei skarpe
eller dei kule
eller dei fancy fargane
som fengjer mest

Det er ikkje alltid
dei beste
dei dyraste
dei hippaste tinga
som får meg til å le

Av og til er det nok med ei rulletrapp


(Eller som Lise sa etter to turar ned og opp rulletrappene: "Ein gong te!")

onsdag 23. mai 2012

Kyrkja - første steg mot fridomen

For oss som meiner at staten har hatt altfor mykje makt i den norske kyrkja, var det ein god dag på måndag, då kyrkja og staten tok det første steget på vegen mot deling.















Det som gler meg mest med denne delinga, er at det er dei kyrkjelege organa som no får velje sine eigne biskopar. Håpet mitt er, på sikt, at ein då kan få valt biskopar som er meir bibeltru. Viss då utviklinga som har vore i kyrkja dei siste åra går an å reversere. Eg vel å vere optimistisk nett no, og be om at det vil skje!

Likevel løyser dette sjølvsagt ikkje alle bekymringar rundt kyrkja. Den største "klampen om foten" i kyrkja i dag, er utdanningsinstitusjonane, som dessverre har brukt stillinga si feil så altfor lenge. I staden for å utdanne brennande vitner for Jesus, utdannar dei trusskeptikarar og liberale bibeltolkarar. Det vert sjølvsagt utdanna ein del bibeltru og stødige prestar også, men det er ikkje i utdanninga si dei har lært å stole 100 % på Bibelen og Jesus. (I alle fall viss ein skal tru det ein leser og høyrer om utdanningsinstitusjonane, og fylgjer med i debattar der lærarar derfrå deltek)

Mange har uttrykt bekymring for Noreg som kristent land no når evangelisk-luthersk kristendom ikkje lenger er offentleg statsreligion. Eg trur denne bekymringa er grunnlaus. Det som gjer Noreg til eit kristent land eller ikkje, er om menneska som bur i landet er truande og deltek i kyrkjelydsarbeidet på sin heimstad. Det er forholdet til Jesus som tel for Gud, ikkje om ein bur i eit kristent, humanistisk eller muslimsk land. Ei endring av grunnlova fører ikkje til at vi som trur plutseleg mistar trua. Inga lov kan ta Jesus frå meg.


Eg trur tvert om at det er sunt at det er eit skille mellom stat og kyrkje. Staten si oppgåve er ikkje å evangelisere, og kyrkja si oppgåve er ikkje å drive politikk. La politikarane fordele penger og lage rettferdige lover (for det er jo det som er jobben deira), og la prestane evangelisere og male Kristus krossfesta for auga våre. Viss ein prest eller to skulle slumpe til å lese dette: Neste gong eg kjem til Gudsteneste, ynskjer eg å høyre forkynning om Jesus, Gud, trua og det kristne livet. Eg ynskjer å få høyre om lova, og evangeliet som bergar meg ut frå lova si straff. Vil eg høyre svada og mellommenneskeleg pjatt, låner eg heller ei bok av Paulo Coelho.

Og så var det flagget då. Korleis skal vi forholde oss til det, i ein stat som ikkje lenger er definert som "kristen". Enn sei nasjonalsongen, som legg så stor vekt på Gud og hans vern, at ein må klippe ganske mykje vekk frå den viss den skal bli nokonlunde nøytral. Eg las i avisa i dag at ein prest meinte vi burde ta vekk korset i flagget, sidan Noreg no er ein sekulær stat (VL-artikkel).


Eg syns dette er eit litt rart argument. Og særleg rart at det kjem frå ein prest, av alle ting! Sjølv om vi ikkje lenger har statskyrkje, kan ein ikkje berre sette strek over vår tusenårlange kristne tradisjon, og bandet mellom stat og kyrkje er fortsatt sterkt.

Dessutan har flagget så sterk symbolverdi, at eg trur ikkje folk, sjølv ikkje den mest hardbarka ateist, ville syns det var naturleg å endre flagget. Kors eller ikkje, flagget vårt symboliserer landet vårt, og å endre det vil røre ved vår (i alle fall min) identitet som nordmann. Eg håpar verkeleg at dei aldri rører flagget vårt!

søndag 20. mai 2012

Perledykkaren (ei novelle)


Vatnet dryp frå håret og kleda hans. Han er kald, men lukkeleg. I handa glinsar det gyllent og skjørt frå dei tre turkise kulene. Perlene. Han er perledykkaren, den som leitar og finn.

Det er under eit døgn sidan han heldt dei i hendene sist. Då var han ikkje lukkeleg, i det heile. Han sat på svaberget, auga stirra på dei tre kulene, men tankane var ein annan stad. Dei var på skulen, i ein korridor med jakker, sko og gymbagar. Og sekken til Even. Han visste ikkje kvifor han hadde sett den frå seg der, men der stod den. Open. Rett utanfor klasserommet.

Dei andre hadde gått ut til friminuttet, berre han var att. Eigentleg skulle han hente jakka si, og det var då han såg sekken. Den svarte. Den med ei ekstra lomme på framsida. Lomma som det alltid ligg klinkekuler og terningar i. Han var ikkje interessert i terningane, sjølv om dei var flotte. Even hadde fått dei frå onkelen på den store båten. Terningar frå Manchester, Barcelona, Sydney, Los Angeles. Terningar i alle fargar og mønster. Han visste at dei var der, men det var kulene som var interessante. Dei kom frå den same onkelen, frå dei same stadene. Sjølv har han berre blanke kuler, og ei og anna svart. I Even sin sekk ligg det raude, turkise, lilla og gule. Spektakulære mønster og teikningar.

Ein gong hadde han vunne ei av Even sine kuler. Den vart ein skatt, låg i lomma hans heile skuledagen, og den neste. Han hadde teke den opp og sett på den. I friminutta, på veg heim, medan han gjorde leksene, då han skulle legge seg. Så hadde han tapt den. Eit uendeleg stort tap, og han angra på at han vart med i spelet, og det var nesten som han grein seg i søvn den kvelden.

No stod sekken der. Aleine. Flagrande tankar landa i hovudet hans. Slo seg ned og kviskra han i øyrene, kviskra til føtene, kviskra til fingrane som han stakk ned til kulene i sekken. Kviskra til handa som la tre turkise, vakre kuler ned i hans eiga lomme. Kviskra til beina som gjekk mot utgangsdøra. På baksida. Tankane flagra av garde, og han forstod nesten ikkje kva han sjølv hadde gjort.

Han torde ikkje sjå Even i auga etterpå. Ingen andre heller. Han sat ved pulten sin og stirra på naturfagbøkene utan å sjå dei. Han kjente berre tre kuler som brann mot låra hans. Tre glødande kolbitar, som trakk til seg all merksemd i rommet. Snart ville alle sjå dei. Snart ville alle peike på han og Even ville seie det grusame ordet. Tjuv. Det var det han var. Ein tjuv. Han vart klam i hendene, klarte ikkje halde blyanten.

Etter skulen skunda han seg ut. Prøvde å nå Even si jakke før nokon andre kom ut, men det gjekk ikkje. Det var som dei sprang etter han. Utgangsdøra drog han til seg, hjartet hamra i brystet og det var berre så vidt beina bar han. Likevel kom han seg ut og ned til vegen. Han kasta eit raskt blikk mot Even, som gjekk der og lot som ingenting. Snart ville han oppdage at kulene var vekke, og alle ville forstå kven tjuven var.

Han gjekk ikkje heim. Han gjekk ein lang omveg, gjennom skogen og ned mot svaberga og den vesle stranda. Der sat han og såg på bølgjene, utan å sjå. Alt han såg var dei sure fjesa, peikefingrane, latteren, hånen og skamma. Alt han såg var ordet tjuv smurt utover skuleplassen, og seg sjølv, aleine, midt oppå ordet, medan dei andre ropar og Even spyttar på asfalten framfor han. Alt han såg var foreldra sine skuffa blikk, og læraren som sukkar, kremtar og set Lite Godt i åtferd.

Bølgjene slo mot svaberget, og han skutta seg. Den som berre kunne gått tilbake. Gjort skuledagen om att. Annleis. Den som berre kunne sleppe å ha tre brennande ildkuler i lomma.

Han stakk handa i lomma og tok ut kulene. Såg på dei, med bankande hjarte. Så, brått, som om det var det einaste moglege, snudde han handa og lot kulene sprette mot svaberget og ned i bølgjene. Han såg dei synke mot botnen, og forsvinne i tareskogen.

Hjartet slutta likevel ikkje den harde bankinga, og øyrene høyrde fortsatt ordet tjuv runge gjennom skogen.

Om kvelden fekk han ikkje sove. Han var varm, sveitt og klam. Han var kvalm. Det vart den lengste natta han hadde opplevd, og morgonen kom utan løfter om anna enn pine. Frukosten smaka papp, og skulevegen var tusen mil lang, og likevel altfor kort.

Han gjekk ikkje til skulen, men tok vegen til svaberga att. Det var berre ein ting å gjere, berre ein mogleg utveg. Han måtte finne kulene. Det var nett som om ingenting anna betydde noko no.

Vatnet var kaldt. Han tok nokre prøvande svømmetak og sikta seg inn mot staden der han visste at kulene sank. Fire gongar måtte han dukke ned før han såg dei, og endå to gonger før han hadde fått taket på dei.

Til slutt står han der med kulene i handa, dryppande våt. Perledykkaren. Tjuven. Han smiler for seg sjølv, for første gong på eit heilt døgn. Hjartet slår roleg, men hendene er fortsatt klamme. Ei stund til.

 

lørdag 19. mai 2012

Du veit ikkje kven eg er

Du veit ikkje kven eg er,
fullt ut
før du har lese alle filene
på datamaskina mi
Og lese alle bøkene
Og høyrt alle cd'ane
Og sett alle filmane
i hylla mi

Før du har smakt alle middagsrettar eg likar
og ikkje likar
Reist til dei stadene der eg har vore,
Snakka med dei same folka
som eg har snakka med,
Og gjort alle leksene
eg ein gong har gjort,
kan du ikkje seie at du veit kven eg er
fullt ut

Du kan ikkje døme meg,
før du har høyrt dei same orda
og dei same songane som eg har høyrt
Du må gå dei same vegane som eg har gått
og bu i dei same husa
køyre dei same bilane
og leike med dei same leikane

Du veit ikkje kven eg er,
og kan aldri kjenne meg
fullt ut

Så ikkje kast den første steinen


Det er lett å sjå på andre, kva dei gjer og korleis dei oppfører seg. Det er lett, så altfor lett, å dømme andre ut frå det ein ser. Då er det viktig å hugse på at vi aldri kan sjå motivet bak ei handling. Vi kan aldri sjå kva som har ført til dei handlingane vi ser, eller gjort personen til den han er. Eg fekk ei god påminning om dette på facebook her ein dag, då nokon hadde lagt ut denne som status:


Vi trur vi kjenner andre, men likevel har vi ikkje peiling. Menneske er gode til å ta på masker og spele roller. Og vi er ikkje fullt så gode til å avsløre det som er bak andre sine masker. Vi tek utgangspunkt i oss sjølv og våre eigne erfaringar, og dømmer andre sine handlingar og haldningar ut frå det.

Det er utruleg viktig å ikkje dømme andre. Vi skal halde fram det som er etisk rett. Vi skal peike på sanninga og forkynne Guds ord. Vi skal vere så gode førebilete som vi kan. Men vi skal aldri dømme andre menneske. Vi veit ikkje nok om dei til å kunne gjere det.

torsdag 17. mai 2012

Fridom!

Eit av dei beste orda eg veit om, er ordet "fridom". Nest etter ordet "kjærleik", er det kanskje det viktigaste ordet som finst.

Det er mange aspekt ved ordet fridom. Det går for eksempel an å ha for mykje fridom. Viss ingen forventar noko av deg, ikkje stiller nokon krav. Visss du får lov til å ture fram nett slik du vil, utan at nokon gjer det minste forsøk på å korrigere, har du for mykje fridom. Berre at då er ikkje fridomen fridom lenger, den er blitt eit forvridd skuggebilde av fridomen. For å kunne vere fri, må ein nemleg vere bunde til noko!

Det høyrest kanskje paradoksalt ut, men det er likefullt sant. Eg skal gje nokon eksempel som viser at det er sant, og eg begynner med mitt eige privatliv:

Viss eg skal ha det bra, er eg avhengig av at familien min har det bra. Viss eg veit at ungane ligg og søv godt og trygt i sengene sine, og viss eg veit at kona har det bra, at neste skuledag er ferdig førebudd og at eg har fått gjort det husarbeidet eg hadde planlagt å gjere, då kan eg setje meg ned med ei bok og lese, og verkeleg kose meg. Først når alt rundt meg er ok, kan eg sjølv glede meg over å gjere det eg har lyst til! Eg kan sjølvsagt berre la vere å bry meg om det andre, men noko glede av det får eg ikkje. Og då vil eg ikkje kjenne meg fri, men tvert om bunden av mitt eige dårlege samvit.

Ein annan stad der det er nettopp krava, reglane og det å vere bunden til noko anna som gjer fri, er i trafikken. Eg kan setje familien min i bilen, køyre heimanfrå og heilt til besteforeldrene og parkere trygt på tunet deira. Den einaste grunnen til at dette er mogleg, er at alle vi billistar er bundne til trafikkreglane. Alle veit at vi skal køyre på høgre sida av vegen, alle veit at vi skal stoppe for raudt lys og alle veit at vi må halde fartsgrensene (sjølv om nokon av og til gløymer særleg denne regelen). I den augneblinken at nokon trur dei vert meir frie i trafikken viss dei køyrer nett slik dei sjølv vil, er fridomen slutt for oss andre. Då vert det utrygt og farleg.

Til slutt eit nasjonalt eksempel. Vi er alle bundne av dei norske lovene, og vert straffa viss vi bryt dei. Nokon ser på desse reglane som begrensande og ubehaglege, men tenk korleis det hadde vore viss vi ikkje hadde eit felles lovverk! Viss ingen hadde blitt straffa for å stele, og ingen lærte borna at det er gale, hadde tinga våre raskt skifta eigar... Om det hadde vore lov å drepe den du ville, ville det vore svært ubehagleg å ferdast i det offentlege rom... Anarki er ingenting å trakte etter, og er slett ikkje vegen til fridom. Det hadde tvert om vore vegen til det største fengsel av alle, der kvar mann sit innesperra bak eigne dører og er redde for å gå ut.

Tre eksempel som viser at det å vere fri, samtidig vil seie å vere bunden til noko.

Som kristen veit eg at dette gjeld på eit mykje høgare plan også. Skal eg kunne vere fri som menneske, skal eg kunne glede meg fullt ut over livet og verda, nyttar det ikkje å skjere seg laus frå Gud. Tvert om. Først når eg lar Gud ta styring i livet mitt, vert eg verkeleg fri og kan eg oppleve den største av alle gleder. Først som "Kristi slave" (1. Kor 7, 22) får eg oppleve at lenkene vert kutta, børa teken av ryggen min og hjartet mitt sett fri frå slaveriet i verda. Eg er ikkje lenger ein fange, eg er fri i Kristus!

1. Kor 7, 23: De er kjøpte, og prisen er betalt. Så bli ikkje slavar for menneske.

Som Guds born er vi kjøpte frie av han. Vi er bundne til Gud, men samtidig så frie som det går an å bli! Som Kristi frie slavar er det viktig at vi ikkje blir slavar for menneske. Ingen menneske har rett eller makt til å binde oss. Dei kan knuse kroppen min, men eg er likevel fri. Hjartet mitt har Jesus kjøpt fri, og ingen skal få gjere meg til slave for nokon andre enn Kristus sjølv!





onsdag 16. mai 2012

You'll never walk alone

16.mai er for mange den store fotballdagen. Dei fleste tippeligalaga spelar kamp i dag, og eg kjenner det, faktisk, som litt naturleg å skrive pittelitt om fotball i dag. Dette vil nok verke litt merkeleg for dei som kjenner meg godt, men sjokket vil nok gå over når eg presenterer den eigentlege grunnen til denne plutselege fotballinteressa...

Det har seg nemleg slik at eg høyrde ein song på radioen ein morgon tidlegare i veka. Det var den kjente musikalsongen til Rodgers & Hammerstein: "You'll never walk alone". Songen kom midt i eit fotballprogram, og intervjuobjektet var naturleg nok Liverpool-tilhengjar.

Når eg høyrer denne songen, tenkjer eg slett ikkje på fotball. Eg høyrde på den i min pure ungdom, og kjelda var ein av mamma sine gamle kassettar. Kassetten heitte "Good old country-gospel", og sangen var i selskap med andre klassikarar, som for eksempel "Amazing Grace" og "the Old Rugged Cross".

Songteksten appellerer til mine religiøse sider. Strofa: "When you walk through a storm/Hold your head up high/And don't be afraid of the dark," og ikkje minst sjølve tittellinja: "You'll never walk alone," er svært mogleg å gje ei tyding inn mot trua mi. Eg likte songen veldig godt då, og tenkte på den som ein slags "oppmuntringssang" frå Gud til meg. Eg vart difor noko forvirra då eg første gong høyrde den i samband med ein fotballkamp...

Enkelte songar, som denne, er altså mogleg å tolke i ulike retningar. Når den vert sungen i ein kyrkjelyd i USA, legg dei nok eit anna innhald i teksten enn det publikum på Anfield road gjer...

Og det er heldigvis ikkje mogleg å seie at nokon har rett og andre har feil. Så viss du ynskjer å høyre Johnny Cash sin versjon her, er det fritt fram, og om du tenkjer på fotballmål eller Jesus, er også opp til deg. EG kjem til å høyre den, og takke Gud for at eg aldri må gå aleine, sjølv gjennom dei mørkaste stormane i livet. Halleluja!


tirsdag 15. mai 2012

Tomt for brød i butikken?

Eit innlegg under sterk inspirasjon frå bøndene sin såkalla "Brødaksjon", og ikkje minst den tidlegare franske dronninga Marie Antoinette, som levde eit svært beskytta liv på det store slottet Versailles, og slett ikkje kunne forstå kvifor folket gjekk rundt og svalt og ropte etter brød, når det finst så mange andre ting ein kunne ete i staden. "La dei ete kake!" sa ho, og meinte det sikkert godt.

Kanskje det kan vere ei trøyst for det hungrige norske folk, som snart kjem til å møte tomme brødhyller i butikkane: Det finst så utruleg mange deilige og gode kaker i verda! Så kva skal ein med brød?

Bak deg ei saftig og lekker 17.mai-kake, for eksempel, og et den medan vi ventar på den tvungne lønnsnemda. For det går vel ikkje så mange dagane før vi kjem til det punktet, i ei så viktig sak som manglande matvarer i butikkane? (Vi hugsar jo alle, med frysningar på ryggen, den store katastrofa som ramma oss i vinter. Den store smørkrisa var ikkje lett å komme over, og det blir vel ikkje betre no.)

Skal vi då aldri bli spart for matkatastrofer i dette landet vårt?






(Og til dei som skulle vere i tvil: Eg har stor sympati for bøndene i denne saka.)

mandag 14. mai 2012

Der eg går

Der eg går
sluttar fuglane å synge
Dei sit der berre
Alvorstunge
Og stirrar på meg
med sørgmodige auge


Der eg går
sluttar vinden å blåse
Lauva på trea heng stille
Lufta dirrar
av eit stille vemod


Der eg går
stoppar menneska opp
Dei ser på meg
Tunge i blikket
Dei gret ikkje
men kan heller ikkje smile


Der eg går
står tida stille
Heile verda har stoppa å puste


Der eg går
er det slett ikkje slik
Fuglane syng
Vinden bles
og ingen ser mi djupe sorg


Der eg går
er alt nett som før
Det er berre eg
som ikkje lenger er som eg var


Dei fleste av oss har opplevd å miste nokon vi var glade i. Eg hugsar godt den første gongen eg opplevde den store sorga. Det var i 1994, og eg var 15 år gamal. Pappa og eg hadde vore på eit møte, det er haust, november, det er mørkt og vi er i godt humør. Så kjem vi inn i gongen, der mamma tek oss imot. Det er ikkje vanskeleg å lese av ansiktet hennar at noko har hendt. Vi får vite at farfar er død. Første erfaring med det store tomrommet som kjem etter nokon ein er glad i. Verda var ikkje lenger den same, likevel fortsette kvardagen rundt meg som før. Dei andre kunne ikkje, naturleg nok, sjå sorga og saknet mitt. Like lite som eg kan sjå kva som bur inni andre.

Seinare har eg mista andre, og kjensla er like vond kvar gong. Det går ikkje an å venne seg til det å miste nokon. Ikkje ein gong når døden er venta, er sorga mindre. Den er vond, hard og ubarmhjertig.

Og usynleg for verda rundt.

fredag 11. mai 2012

Jesus movement, eller: Det Terry Jones ikkje forstår

Den gangen eg hadde så få år på baken at eg fortsatt kunne kalle meg ungdom, høyrde eg svært mykje på ei gruppe som heitte Audio Adrenaline. Den aller første plata eg kjøpte heiter "Underdog", og den har gått sin del av rundar i CD-spelaren min. (Ei knallbra plate!)

På denne plata er det ein song som heiter "Jesus movement", og handlar om at uansett kor i verda ein reiser, vil ein kunne treffe på menneske som høyrer Jesus til.Vi i Noreg eller "Vesten" har ikkje einerett på Guds ord. Det finst ikkje lenger noko "vi" og "dei" når det gjeld kor i verda vi finn kristendomen. Og det er eit faktum at det er i Afrika og Asia at kyrkjeveksten er størst, medan vi i vest-Europa opplever meir ein stagnasjon og til og med tilbakegong.

Med denne påminninga frå Audio Adrenaline i bakhovudet, vert heile situasjonen rundt den amerikanske "pastoren" Terry Jones absurd. Han har innleia sitt heilt private "korstog" eller kva vi no skal kalle det, mot muslimar og koranen. Det verkar som han meinar at han kan straffe eller påføre den muslimske verda eit slag ved å brenne koranen, akkurat som om det at han brenn ei bok i USA vil føre til at millionar av muslimar plutseleg skulle begynne å tenkje seg om og innsjå at det ikkje er så lurt å fylgje koranen likevel.

Dette vitnar om lite respekt for andre menneske si tru, og lite innsikt i andre sine kulturar. Og sjølv om han har uttalt at han vil "vise verda" kor overdrive muslimane reagerar på bokbrenninga, så gir ikkje andre sin overreaksjon ein sjølv nokon legitim grunn til å provosere. Det blir som spansk tyrefekting: "Sjå kor sint oksen blir, berre fordi eg stikk han med spyd!"

I Iran sit den kristne pastoren Yousef Nadarkhani arrestert og dømt til døden. Hans einaste forbrytelse er å tru på Jesus. Han lever i eit land som er strengt muslimsk, og viser ei mykje betre haldning til sine medmennesker når han fordømmer denne type koranbrenning (VL: Dødsdømt pastor refser koranbrenning)

Over alt i verda finn vi kristne menneske, og dei fleste veit at den beste måten å leve på er å respektere sine naboar, og la seg forme av Jesu ord i Bibelen. Jesus gjekk i si tid i rette med den religiøse eliten i Israel. Han gjorde det ved å gå til sakens kjerne: peike på problema i deira tru og utfordre dei på heimebane. Og eit viktig poeng: Begge partar, både Jesus og dei skriftlærde, høyrde til den same religionen og var godt kjent i dei same skriftene. Jesus brente ikkje farisearane sine skriftrullar. Han leste frå dei, og viste den rette vegen i ord og handling.

Ut frå dette har eg eit godt råd til Terry Jones og andre som fryktar annleis truande eller trur at bokbrenning fører til noko godt: Slutt å brenne koranen, begynn heller å lese i Bibelen og leve etter den!

torsdag 10. mai 2012

Nr. 24 er død

Gunnar Sønsteby, landets til no høgast dekorerte borgar, er død. For slike som meg, som er glad i historie og har lest uttallige bøker om 2. verdskrigen, er Sønsteby ein sjølvskriven helt. Sjølv om det ikkje er så unaturleg at menn på over nitti år dør, er det likevel vemodig.

Eg har lest ein del om store militære slag, og det som fascinerar meg mest er psykologien som ligg bak. Kva tenkjer leiarane, kva slag haldningar viser dei og kva for ein ideologi fylgjer dei? Krigspsykologien er mykje meir spennande enn sjølve kamphandlingane (i alle fall etter mi meining). I den samanhengen er Gunnar Sønsteby ein spennande mann, for det motet og handlekrafta han viste medan det storma rundt han, er imponerande. Han sykla altså rundt i gatene og planla aksjonar og tiltak for å svekke okkupasjonsmakta, samtidig som han lenge klarte å halde identiteten sin skjult. Tyskarane må ha slått i veggen av frustrasjon ganske mange gongar over denne "usynlege" motstandaren.

Sjølv om han er ein dekorert helt, og har vunne seg eit stort namn, verka han aldri blasert eller overlegen. I dei intervjua og reportasjane eg har sett han, har han vore roleg og jordnær, og med glimt i auget. Det står også respekt av den store innsatsen for å undervise og fortelje om 2. verdskrigen, og kampen for demokrati og mot fascisme.

For nokre år sidan vart han fotografert av fotograf Morten Krogvold. Det resulterte i blant anna dette stilige bildet:

 

Slik er det eg vil hugse han. Eit vakent blikk og ei rank haldning. Nazistane klarte ikkje å knekke han, og han stod oppreist heile livet.

Kvil i fred, Gunnar Sønsteby!

onsdag 9. mai 2012

Pila peikar mot sofaen

Akkurat no er eg sint og skuffa - kanskje aller mest skuffa. Eg sit i bilen på veg til jobb, høyrer på nyhendene og nyt at det er tørre vegar og glimt av sol rundt meg. Rett før eg parkerar bilen, kan nyhendelesaren opplyse at KrF avlyser kampen mot homofilt ekteskap, ja rett og slett hiv seg med i den same karusellen som dei fleste andre partia har sitte på i nokre år no.

Dermed står eg tilbake temmeleg partilaus. Eg har i mange år støtta opp om KrF, ganske enkelt fordi det er det partiet som er nærast mine politiske verdiar og ståstad. Dei har vore skuffande tafatte i abortspørsmålet, og slett ikkje vore den opposisjonen eg ynskte. Det som derimot har vore bra, er ein familiepolitikk der omsynet til småbarnsfamiliar og valfridom har vore framtredande.

Av den grunn har eg støtta opp om partiet, og til og med vore medlem ein periode.

I dag gir dei altså endå eit viktig etisk prinsipp på båten. No er det ingen seriøse politiske parti som står for tradisjonelle familieverdiar eller kjempar for bibelsk etikk i det norske politiske landskapet.

Det er stor fare for at eg sit i ein sofa ved neste val, og det er utruleg synd. Eg er glad i demokratiet, og meiner at det å stemme ved val er viktig, både for å halde systemet ved like, men også for å kunne delta i samfunnsdebatten.

Akkurat det trur eg at eg fortsatt kjem til å gjere, men eg nektar å stemme på vérhanar.

tirsdag 8. mai 2012

Conn Iggulden om Djengis Khan

Ein av dei verkeleg store forteljarane eg kjenner til, og som eg oppdaga ved eit reint tilfelle for eit par år sidan, er britiske Conn Iggulden.

Boka "Ulven fra steppene" var med i Foreningen les! sin txt-aksjon, og dermed hamna boka på leselista mi. Ein av dei store fordelane ved å vere norsklærar, har eg oppdaga, er at eg har verdas beste unnskyldning til å halde meg oppdatert på ungdomsbøker! No er ikkje "Ulven fra steppene" først og fremst ei ungdomsbok, sjølv om den heilt klart vil fenge ein del i den aldersgruppa også.

Boka tek for seg barndomen til guten Temüdsjin, som ettertida hugsar som den store Djengis Khan. Ein hard og vanskeleg oppvekst, midt blant stammar som kriga med kvarandre, la grunnlaget for personlegdomen til den store erobraren. Boka er svært spennande, og tok ikkje lange tida å lese ut. Ikkje fordi den er spesielt kort, men fordi den er spennande!

I bok nummer to, "Buens mestere", kan vi lese om korleis Djengis Khan klarte å samle alle dei ulike mongolske stammane til ein, og korleis dei etter samlinga vart ein enorm trussel for det nord-kinesiske riket Xia, og etterkvart for keisaren i Kina. Det er store slag, og ein leiar som veit å utnytte folket sine overlegne krigerske evner.

Djengis er fylt av mot og handlekraft, men også av ein grusom og hard vilje til å styre. Det er lite nåde å finne for motstandarane, og lite omtanke for dei erobra folkegruppene. Blant anna brukar han 3000 krigsfangar som levande skjold i møte med den store hæren frå den kinesiske hovudstaden. Det er heller ikkje særleg lystig å lese om beleiringa av den same hovudstaden. Ein millionby som plutseleg vert avskåren frå all handel med omverda, og som i tillegg har tømt alle matlager då dei sende hæren ut mot Djengis Khan... Det er grusome scener, men khanen viser ein ukueleg jernvilje. Til slutt knekker han byen.

Etter sigeren i Nord-Kina, set Djengis Khan augene vestover. Han har blitt provosert av folkegrupper i det noverande Afghanistan, Kazakstan og sør-Russland. Han tek med heile folket vestover, og banar seg veg mot dei store byane, blant anna Samarkand. Undervegs vert han møtt av ein enorm hær, leia av ein sultan. Nok ein gong kjem mongolane sine dyktige krigarar til sin rett. Dette kan ein lese om i den tredje boka, "Knokler i sanden". Dette er også den siste boka som handlar om Djengis Khan.

Den fjerde boka heiter "Et rike av sølv", og her er det Djengis sin son Ogledai som sit med makta. Mongolane befestar si stilling som stormakt, og utvider grensene kraftig vestover. Den gylne horde, som ekspansjonsstyrkane til mongolane vart kalla, flytta seg vestover mot Moskva, Kiev og etterkvart kom dei heilt til Budapest i Ungarn. Her møter dei ein enorm hær, men knuser den i eit taktisk slag. Vegen mot resten av Europa ligg open, men så vert hæren tvungen til å gjere vendereis... Det er svært sjeldan at Europa har stått ovanfor ein slik enorm trussel, og fare for total kollaps av det beståande. Hadde dei lukkast, kan det hende vi hadde snakka mongolsk eller kinesisk i Noreg i dag. I grunn ein ganske merkeleg tanke.

Før eg las desse bøkene visste eg svært lite om Djengis Khan og folket hans, men no, etter å ha lest denne fantastiske, episke historia, sit eg igjen med mykje meir enn berre historisk kunnskap. Eg føler nesten at eg var der, med i felttoget, med i gerane og på steppene, med i dei store slaga, med i rådsmøta der ein verkeleg forstod kor dyktig og mektig leiar Djengis Khan var. Ein djup respekt for det krigerske folket har vakse fram i meg, og ei glede over at det finst slike fantastiske skribentar som Conn Iggulden, som klarar å levandegjere historia på ein slik måte. Eg anbefalar alle som er pittelitt historieinteresserte, eller interesserte i episk historisk dikting, å fordjupe seg i dette emnet. Grusome bøker, men svært lærerike!

No gler eg meg til femte og siste bok, som tek for seg livet til Djengis Khan sitt barnebarn, Kublai Khan, vert oversett til norsk!

mandag 7. mai 2012

Apropos dyrevern

Dialog i bilen i ettermiddag:
Jens: "Oi, eit dyr!"
Etterfulgt av raske rørsler og eit triumferande utrop: "Eg fanga den, eg!"
Mamma: "Du må vere forsiktig med det, då!"
Jens: "Jada. Eg skal berre sjå på det med forstørrelsesglaset når vi kjem heim."

Stille i om lag eitt minutt.

Jens: "Oi, eg trur han døde..."

onsdag 2. mai 2012

Skapt til fridom

Då skaparen skapte
den første tordivel
Eit ord fekk han med på vegen:
Du er fødd til fridom,
til arbeid og slit
og leik mellom grasstrå og mold


Då skaparen skapte
av molda ein maur
Han høyrde ei stemme så mild:
Lat ingen få stenge
den vegen du går
For fridom er gåva frå meg


Då skaparen skapte
eit menneskebarn
Eit bod i hans hjarte han la:
Insekt og småkryp
i fred må få gå
De er skapte til fridom, alle


Då son min fann denne billa i går, var begeistringa stor. Så fine fargar! Han putta den oppi ein plastboks, og sykla ivrig iveg opp til bestekameraten for å vise fram funnet. Dessverre var bestevennen vekke, så han kom litt slukøyra tilbake. Han ynskte å ha den i boksen heilt til kameraten fekk sjå den, men vi forklarte at det ikkje ville gå så bra. Det var altfor varmt der, pluss at billa ikkje ville like seg noko særleg. Difor bestemte vi oss for at vi heller skulle ta eit bilde av den, slik at vi kunne vise kameraten bildet! Som tenkt så gjort, og billa fekk fridomen tilbake.

Det er ikkje så enkelt for små born å forstå verdien av biller og andre insekt. Dei er artige å fange, og fine å sjå på, men forståinga for at dei også har rett til å leve i fridom er ofte mager. Heller ikkje mauren vert respektert, og i iveren etter å fange dei vert dei ganske så ofte klemt ihel.

Vi prøver å lære ungane våre å respektere insekta sin rett til liv. Det er ikkje slik at vi har rett til å drepe dei, berre fordi vi er så mykje større og har makt til å gjere det! Eit spørsmål vi då gjerne stiller, er: "Kven var det som skapte denne billa?" Det veit dei godt, det er Gud. "Og kvifor trur du han skapte den? For at vi skulle drepe den?" Svaret er nei... "Trur du Gud er glad i billene?" Svaret er ja, det er Han nok. Dermed forstår dei at det ikkje er så lurt å drepe dei.

At fuglar, flaggermus, edderkoppar og andre rovdyr fangar og et insekt i millionvis kvar dag, er ei lekse som får komme seinare... Respekten for livet må lærast, og skal dei få respekt for alle mennesketypar og alle dyr og alle andre skapningar i Guds natur, må vi begynne tidleg. Eg ynskjer ikkje at mine born skal bli av den typen vaksne som meiner at visse former for liv er det heilt ok å drepe (og no tenkjer eg ikkje på jakt eller slakt for matauk, eg snakkar om dreping for moro skuld, eller fordi ein meiner det er rett ut frå forvridde etiske tenkemåtar).

Eg håpar ikkje nokon av borna mine vert soldatar, mordarar, abortlegar eller følelseskalde i møte med liding.

Difor startar eg med innprentinga alt no: "Gud har skapt oss alle til fridom"

tirsdag 1. mai 2012

Mine 1.mai-parolar

Det er slett ikkje alle parolar i eit 1.mai-tog eg ville gått under. For eksempel parolar mot Israel, eller slagord som reduserer menneskeverdet eller fremjer krav som bryt ned i staden for å byggje opp samfunnet.

Her er tre parolar eg kunne gått under. Den første trur eg nok at dei fleste på venstresida i politikken også kan slutte seg til, i større eller mindre grad...


Den andre ville nok hatt noko lågare oppslutning, er eg redd, sjølv om det er denne eg aller aller helst ville gått bak. Det er nemleg den viktigaste!


Og så ei som kanskje hadde fått noko større oppslutning:


Det var nokon slagord eg kunne stilt meg bak. Viss eg skulle gått i 1.mai-tog, då.