onsdag 29. november 2017

Det store alvoret - 1



Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
    Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei: «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett! Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»  
(Luk 13, 22-30)

Dette er ikkje nokon enkel tekst å skulle seie noko kortfatta og fornuftig om. Jesus tek her opp det store alvoret med dei to moglege utgongane av livet, og temaet har blitt drøfta og tolka av både teologar og kunstnarar og vanlege lekmenn opp gjennom hundreåra. Eg kan ikkje i eit lite blogginnlegg komme med lange, teologiske utgreiingar om tema, eller gje att dei ulike haldningane og meiningane som har blitt uttrykt. Men eg kan peike på nokre ting som verkar å vere sjølvsagte for Jesus, og som dei kristne kyrkjene for det meste har vore einige om.

For det første verkar det som det er heilt sjølvsagt for Jesus å tenkje at det finst eit liv etter døden. Han snakka ofte om himmelriket, eller Guds rike. I mange av talane sine brukar han ein port eller ei dør som symbol på inngangen til dette riket, og han er klar på at det går an å møte ei stengt dør. I søndagsteksten møter vi nokre som bankar på denne døra, men døra vert ikkje opna. Dei vert altså ståande utanfor Guds rike.

Slike tekstar reiser ein del spørsmål, blant anna: Korleis er denne «verda» utanfor den stengte porten? Korleis kan ein god Gud halde menneske utanfor sitt rike? Eg vil ikkje prøve meg på nokre enkle svar på desse spørsmåla, for dei er verkeleg utfordrande for tanken. Dessutan er det bortimot umogleg for oss menneske å forstå kva det vil seie å vere allmektig, kva det vil seie å vere 100% god og kva det vil seie å vere 100% heilag. Gud er så mykje større enn mine tankar.

I møte med slike tekstar vil eg helst fokusere på denne porten eller døra som Jesus snakkar om, og kva som kjenneteiknar dei som faktisk kjem gjennom den. På slutten av teksten seier han at menneske skal komme frå alle himmelretningar, altså frå heile verda, og sitje til bords i hans rike. Der er altså mange som kjem gjennom døra.

Ein annan stad i Bibelen, i Joh 10, 9, seier Jesus at det er han som er porten. Døra inn til Guds rike er altså Jesus sjølv. Andre stader kan vi lese at den som trur på Jesus, og trur på hans død og oppstode, skal bli frelste. Når eg les teksten i Lukas, og les at dei må gå bort, dei som har gjort urett, tenkjer eg at den uretten dei har gjort er å ikkje tru på Jesus.

Konklusjonen min blir difor slik: Viss Jesus er døra inn til Guds rike, og eg kan gå gjennom denne døra ved å tru på Jesu oppstode, ja, då vil eg klynge meg til Jesus og hans kors. Då vil eg setje all mi lit til at han kan frelse meg gjennom forsoninga på korset på Golgata. Så lenge eg held fast i Jesus, treng eg ikkje fokusere på, eller frykte, den andre utgangen av livet. 


(Artikkelen vart først publisert i Suldalsposten 25.10.17)

tirsdag 28. november 2017

Juliane Rui: Aude så rørsle kan synast

Dette er Juliane Rui si tredje diktbok, og ho held fram med å skrive små og underfundig tekstar om kvardagsopplevingar. I denne boka er det observasjonar i naturen som er i fokus, og særleg dei små dyra som vi ikkje plar leggje merke til, i alle fall ikkje på filosofiske måtar. Både fluga, børstemarken, ribbemaneten og sommarfuglegget har fått sine eigne dikt.

I tillegg skriv ho også om dei litt større dyra, eller om dei ikkje-levande elementa som også er viktige delar av naturopplevingar. Regndropar, saltvatn, steinar og greiner er alle viktige bestanddelar i denne vare og vakre samlinga av poetiske refleksjonar.

Eit par døme frå boka:

Egget sommarfuglen
legg på eit blad
pustar

det blæs ikkje bort
dropar treffer skalet
dyrehår
blomsterstøv
fester seg

larva opnar egget
frå innsida

det tar tid å vekse opp
i enga
lengre enn ein sommar


Og dette vakre diktet om haren:

Tyngda til ein hare
som rører seg
over vidda
mot fjellbjørka
i synsranda

eg kan ikkje halde
hjartet hans i torva
den kvite pelsen
som fortel om vinteren
når han stansar
og går opp på to
liksom større enn
den brune vidda


Katrine Sele: Jølster hotell - historier frå eit asylmottak

Denne vesle boka teiknar eit konkret og sterkt bilde av situasjonen til mange av asylsøkarane som ventar på svar frå myndigheitene i Noreg. Det aktuelle asylmottaket som er omtala i boka er i dag nedlagt, men eg vil tru mykje av innhaldet og historiene lett kan overførast til andre institusjonar.

Vi vert kjent med ni ulike asylsøkarar. Forhistoria deira vert fortalt, korleis dei flykta og enda opp i Noreg, møtet med det norske byråkratiet og korleis det gjekk med dei etter at sakene var ferdig behandla. Vi får også høyre korleis dei opplevde møtet med nordmenn og norsk kultur.

Til saman står boka som eit utsnitt av ein tidsepoke, ei tid som ein gong vil verte lagt under lupa og dømt i lys av ei ny tid. Truleg vil ein del av det desse nye landsmennene opplevde dei første åra i sitt nye heimland bli sterkt kritisert. Ein gong kjem vi til å riste på hovudet over at noko slikt kunne gå an.

Boka til Sele er eit viktig bidrag til debatten rundt asylpolitikken, og ei bok både politikarar, byråkratar, kommentarfelt-entusiastar og vanlege forståsegpåarar bør lese. I tillegg til alle andre som lever i eit land som skal integrere menneske med skjulte sår og vonde minner.

søndag 26. november 2017

Mellom linjene



i auga dine ser eg æva
spegla som ein funklande diamant,
sjela di – eit lys
eit stempel frå den allmektige:
du er Min

så senkar eg handa
ingen kan slå Gud
og bli ståande

så lukkar eg munnen
ingen kan forbanne Gud
og leve

så senkar eg hovudet
ingen kan tenkje misunnelege tankar
og stå oppreist framfor trona

for i smilet ditt strålar lyset
frå ein ukjent dimensjon;
dette er ikkje DNA
dette er ikkje nervespel
eller gen på gen i aksjon,

heile du er noko anna, noko meir
noko som er skrive mellom linjene
bak molekylstrukturar og funksjonar;
du er eit barn i Herrens hender
ein uvurderleg skatt
i Hans kjærlege, nådefulle hjarte




Matt 25, 40: Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’

tirsdag 21. november 2017

Niroz Malek: Slik natten er

Det er våren 2014. Byen heiter Aleppo. Forfattaren Niroz Malek sit i ein by som på få år har blitt forvandla frå eit vakkert turistmål til ei farefull krigssone. Mange har reist, men forfattaren har valt å bli. Han sit i leiligheita si og skriv korte noveller, og skildrar livet i ein døande by på sin eigen måte.

Og slik ei vakker novellesamling det har blitt!

I tekstane møter vi menneske som søker tilbake til minner om ei meir sorglaus tid. Vi møter menneske i nostalgisk samtale med brev eller irriterande sko. Vi møter menneske som ser menneske dei kjenner gå inn i ein bygning, snu seg rundt og i det dei snur seg tilbake er bygningen jevna med jorda. Og vi møter menneske som trur dei lever, men har kryssa grensa til dei døde sitt land. Dei døde har nemleg ein like viktig plass i Malek sine noveller som dei levande.

Sjølv om dette er skjønnlitteratur, og forfattaren lar personane i tekstane sine flykte inn i draumar, minner og absurditetar, gir tekstane likevel eit sannare bilde av det å leve i ei krigssone enn det kjappe nyhendereportasjar kan gjere. Den gode bruken av humor og psykologisk innsikt løfter tekstane opp over det dystre og håplause. Likevel gjer det vondt å sjå døden som ein så framtredande og kvardagsleg del av skildringane.

Eit døme på dette, frå slutten av ei novelle: "Da han kom til fjerde etasje, stanset han. Det var ikke den siste etasjen, slik han hadde ventet! Forundret så han seg omkring. Hadde han gått forbi sin egen etasje? Deretter vendte han ansiktet oppover og så at han var nær taket. Han skvatt da han skjønte at han var omgitt av blå himmel! Var han kommet opp på taket? Han kikket ned og så føttene sine tråkke på hvite skyer. Ett steg av gangen klatret de oppover mot himmelen til han endelig ble borte bak et lag av strålende blått."

Å lese "Slik natten er" er ei absurd, sterk og samtidig god lesaroppleving, og noko du ikkje må gå glipp av!


søndag 19. november 2017

Elif Shafak: Arkitektens læregutt

Tolv år gamle Jahan kjem til Istanbul saman med elefanten Chota. Han får jobb som elefantpassar hos sultanen, og snart vert han oppdaga av sjefsarkitekten Sinan. Han vert plukka ut som ein av fire arkitektlærlingar, og får vere med på å bygge mange vakre storverk i og rundt Istanbul.

Denne vakre romanen kan lesast på fleire måtar:
- Som ei kjærleiksforteljing, der fattigguten Jahan forelskar seg i sultanen si vakre dotter Mihrimah. Denne ulukkelege kjærleiksoga går som ein raud tråd gjennom boka.
- Som ei hyllest til den historiske meisteren Sinan, som har sett sitt preg på byen Istanbul. I løpet av livet sitt, på 1500-talet, sette han opp nærare 400 større eller mindre bygningar i byen!
- Som ei mysteriebok, der alle uhella og dei direkte sabotasjane mot mange av Sinan sine byggeprosjekt renn som mørkt vatn under hovudforteljinga. Vil Jahan klare å avsløre kven som står bak?

Eller ein kan ganske enkelt lese det som ei kompleks, vakker og poetisk forteljing, der byen Istanbul står i sentrum for mange typar drama, og der kjærleik og svik, venskap og frykt, sorg og lukke er kjensler som pregar og formar såvel menneske som dyr. Elif Shafak har ei eiga evne til å blande austlege og vestlege forteljartradisjonar, akkurat slik Istanbul er eit bindeledd mellom Asia og Europa.

Er du glad i god forteljarkunst, bør du absolutt lese denne!