torsdag 22. desember 2011

Snart kjem han

Snart kjem han
Barnet
forsvarlaus, naken og redd
 Han kviler trygt
i det mørke rommet
mellom æva og tida
Endå

Snart møter han jorda
med songen frå tusen englar
Hans eige liv er eit frø
som vil spire
 Snart kjem han
Og sår våre hjarte med kjærleik


mandag 19. desember 2011

Ringenes herre

Eg er den type menneske som kunne hatt følgjande tekst på gravsteinen: "Boka var betre"... Mykje fordi det er sant, men også fordi eg er glad i bøker, og har brukt relativt lite tid av livet mitt på å sjå film. I tillegg kan det hende eg er eit bittelite snev av kultursnobb? Det er så mange faktorar som spelar inn.

Sjølv om eg har sett lite film, har eg sett nokre. Tre av dei filmane eg så avgjort har sett, er trilogien om Ringenes herre. Filmane kom ut med eitt års mellomrom, og det kom ut ein kvart av dei tre åra eg gjekk på lærarskulen. Eg gjekk og gledde meg til kvar einaste ein, og var fascinert av historia. Bøkene stod i bokhylla, men vart ikkje lesne av meg. Nina las dei, men eg kom aldri så langt.


Av den grunn bestemte eg meg i haust for at eg skulle lese meg gjennom serien. Eg begynte med "Hobbiten", og las så Ringenes herre-trilogien. Og nok ein gong må eg seie: Bøkene var betre... I all rettferd må eg då skyte inn at det altså er nesten ti år sidan eg såg filmane, så eg har gløymt det meste av dei. Kanskje eg bør sjå dei no i vinter, berre for å få eit riktig samanlikningsgrunnlag?

Det som i alle fall er sikkert, er at det er ein del ting i bøkene som er utelatt i filmversjonen. Dette er ganske logisk, i og med alle begrensningar som eit filmmedium har, både når det gjeld verkemiddel og tid. Kven hadde vel orka å sjå ein fire timar lang film om Ringens brorskap?


Ei av dei rollene som verkeleg fascinerte meg i boka, var fyljesvennen Sam. Eit godt eksempel på alt det gode eit trufast venskap fører med seg. Kva hadde vel Frodo kunne utrette utan denne gode venen? Og så er jo sjølvsagt rollefiguren Gollum interessant, men då av ein heilt annan grunn. Ein gong var han ein normal og oppegåande person, som levde livet sitt saman med familie og vener. Så fann han Ringen, herskarringen, med inskripsjonen:  
 
Én ring skal samle dem, 
én ring skal finne dem, 
én ring betvinge dem 
og i mørket binde dem.

Ringen øydela han, gjennom mange mange år. Ringen gav han eit langt liv, samtidig som det øydela alle menneskelege trekk og gjorde at det einaste han brydde seg om, var ringen. 

Då Gollum fyljer etter Frodo og Sam, og Frodo klarar å fange han, drep dei han ikkje. I staden viser dei omsorg for han. På den måten får dei eit slags tillitsforhold, og Gollum kan hjelpe dei vidare på reisa. Den same haldninga kan vi lese om i "Hobbiten". Der møter vi Bilbo, onkelen til Frodo, som finn ringen nede i hola til Gollum. Bilbo kunne også tatt livet av Gollum, men sparar han. Den vise trollmannen Gandalf seier at det er denne miskunnen som er grunnen til at Bilbo ikkje vart øydelagt av Ringen.





















Og når vi nemner Gandalf, begynner vi å nærme oss kjernen i forteljinga. I alle fall det EG meiner er kjernen. Tolkien uttalte at han ikkje la nokon føringar for tolking av historia, men lot det vere opp til kvar enkelt lesar å leggje inn i historia det ein ville. Han ville først og fremst fortelje ei god historie (Noko eg meiner han lukkast veldig godt med...)

I den første boka, Ringens brorskap, møter vi Gandalf Grå, som er den klare leiartypen. Han fører Ringens brorskap på den rette vegen, og veit som regel ein utveg på dei fleste problem. Slik eg ser det er han et symbol på Jesus. Frodo, ringbæraren, kan også sjåast på som eit symbol på Jesus. Han ber med seg ringen heile den lange vegen til Dommedagsjuvet, der ringen vert øydelagt og verda befridd for den onde Sauron. Likevel haltar han mykje som symbol, mest fordi han, når det kjem til stykket, nektar å gje frå seg ringen. Også han vert dregen mot den makta ringen kan gje, og vert undervegs litt for knytta til den. Jesus på si side, så langt vi kan lese i Bibelen, kom aldri til det punktet at han nekta å utføre den gjerninga han kom til jorda for å gjere. Sjølv om han var redd, og ba om å få sleppe (slik også Frodo gjorde i forteljinga), gjekk han frivillig heile vegen, og stoppa aldri. Frodo gjekk berre nesten heile vegen. Det måtte eit endå meir øydelagt vesen, Gollum, til for å øydeleggje ringen i flammane, og det var grådighet, ikkje kjærleik, som førte til fullendinga av oppdraget. I Jesu tilfelle var det kjærleik som førte til fullendinga.




















Tilbake til Gandalf som, ved sidan av Frodo og Aragorn, er ein hovudperson i forteljinga. I første bok er han altså Gandalf Grå, ein mektig, men ikkje den mektigaste, trollmannen i forteljinga. Han fører brorskapet inn i Moria, dei gamle dvergholene. Der møter han eit gedigent uhyre, og i forsøket på å berge venene sine frå dette uhyret, vert han dregen med ned i avgrunnen, og venene må reise vidare utan han. Dei reknar han som død. I bok to, To tårn, kjem Gandalf tilbake. No er han Gandalf Kvite, og er blitt den mektigaste trollmannen. Han "kom tilbake frå døden", som det står i forteljinga. Han går gjennom ein kamp på liv og død med det store uhyret, gjennom vatn og eld. Til slutt vert han liggjande forlatt øvst i eit høgt høgt tårn. Uhyret er død, men han ser ingen håp om redning for seg sjølv. Likevel vert han redda, og framstår etterpå som den største autoriteten.

På bildene over ser vi dei tre mektigaste kreftene i forteljinga. Til høgre er tårnet i Mordor, der Sauron sitt auge speidar utover landet. Til venstre står Gandalf på trappa til Sarumann sitt tårn, Orthanc. Entane, svære levande tre, har okkupert Sarumann sitt rike, og no sit han fengsla i tårnet. (Her avvik filmane noko, sidan dei legg inn ein direkte kamp mellom Gandalf og Sarumann, medan i bøkene er det snakk om eit reint ordskifte mellom dei to, ute på trappene. Sarumann sin styrke hadde alltid vore stemma, som kunne overbevise og leie fiendane til å gjere det han ville. I konfrontasjonen på trappa overvinn Gandalf Sarumann, og knekker det siste han har av makt)

Etter dette ser vi Gandalf som ein lysande leiar. Han er her eit klart symbol på den oppstandne Jesus, som er gitt all makt i himmel og på jord.


Den tredje hovudpersonen i boka, er Vidvandre, alias Isildurs arving, alias Aragorn, alias kong Elassar. Han er ein noko mystisk skikkelse, som ein ikkje heilt vert klok på. I starten framstår han meir eller mindre som ein litt skummel omstreifar, men etterkvart står han fram som den nye og rettmessige kongen av riket. Også han kan vere eit symbol på Jesus. Først ein ganske anonym og ukjent person, men som etterkvart viser sitt sanne ansikt. Aragorn står fram som ein stor leiar i krig og ein god konge. Jesus var aldri nokon krigsleiar, og gjer det klart at hans kongerike er av ei anna verd. Slik sett skil dei seg stort frå kvarandre, likevel er altså maktprogresjonen den same, og Aragorn fungerar som symbol.

Det som kanskje fascinerar meg mest med J.R.R. Tolkien sitt storverk, er kor detaljert og nøye gjennomtenkt alt er. Riket han diktar opp, Middle earth, er ikkje berre sausa i hop på tilfeldig vis. Han har laga ei heilt eiga verd, med eigne språk, ei eiga historie og ei eiga verkelegheit. Ein forstår, etterkvart som ein les seg ut i historia, at Tolkien måtte bruke så mange år som han faktisk gjorde på å få verket ferdig. Han var språkprofessor, og la mykje energi ned i bøkene sine. Alle detaljar og geografiske/historiske hendingar stemmer overeins!


Ta for eksempel kartet over Middle earth. Det er detaljert, og medan eg las kikka eg på kartet og kunne sjå for meg dei ulike delane i forhold til kvarandre. Og så er det ekstra kjekt at også "Hobbiten" føregjekk i det same landskapet. Dermed vert verket meir heilskapleg, og ein sit igjen med eit verk som kunne vore ei historisk bok. Hadde det ikkje vore for alt det overnaturlege som skjer, og at ein veit det er oppdikta...

Eg anbefalar i alle fall andre leseglade til å ta seg tid til å lese gjennom desse bøkene. Det er vel brukt tid!

lørdag 17. desember 2011

Eg spurde Gud om ein blome

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein blome -
Han gav meg ein hage
som bogna av fagre blomar

Eg spurde Gud
om eg kunne få eit tre - 
Han gav meg ein skog,
den flottaste eg har sett

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein dråpe -
Han gav meg eit hav
så uendeleg stort og vidt

Eg spurde Gud
om eg kunne få ein venn -
Han gav meg - deg!


onsdag 14. desember 2011

Smør for ALLE pengane

I desse "smørkrise"-tider, er det ikkje like lett å halde oppe sjølvrespekten som nordmann. Ok, vi har lite smør. Det finst folk i verda som har lite av alt.

Eg såg gjennom Aftenposten og Vårt Land sine nettaviser rett før eg skreiv dette, og eg fann ikkje ein einaste artikkel om svoltkatastrofa på Afrikas horn på framsidene. Eg er klar over at det har vore eit problem lenge, og at det sikkert kjem til å vere det ei god stund framover. Ergo: yesterdays news. Likevel, viss vi set desse to sakene i sitt rette perspektiv, og reknar med graden av alvor, og i tillegg tek med det utalet av artiklar eg har observert om den såkalla smørkrisa, burde det vore minst fem saker om Afrikas horn på framsidene, kvar einaste dag.


Vi snakkar om ein kvalitativ forskjell av dimensjonar.

Eg kjem på ein reklame som Dagens næringsliv hadde ei tid tilbake:


Ein ganske morsom innfallsvinkel til Europakartet! Eg tillet meg å gjere ein liten endring på kartet:


Dermed passar det litt betre inn i den verkelegheita vi faktisk lever i. Om vi vil eller ikkje.

Då eg såg gjennom avisforsidene, fann eg denne interessante artikkelen på Vårt Land si framside: "Rike ønsker seg ikke geiter". Det passar i grunn godt inn i mønsteret. For kvifor skulle vi rike og smørfeite nordmenn ynskje å gje pengar til folk som ikkje så mykje som sender eit julebrev i takk? Kvifor skal vi gje frå oss våre hardt tente og vel fortente rikdomar? Kva har vi å TENE på det? Eller som ho sa det så fint, svenske Amy Diamond, då ho som trettenåring fekk ein song inn på hitlistene: "What's in it for me?"

Ja, eg berre spør.

mandag 12. desember 2011

Det sentrale

I dagens bibelord, frå Apostelgjerningane 26, møter vi apostelen Paulus. Han er i lenkjer, i byen Cæsarea, og venter på å få sin dom. Han har anka saka si til keisaren i Roma, og i teksten møter vi han i rettssalen, der også kong Agrippa er til stades. Paulus får sjansen til å forsvare seg, og fotel om oppveksten sin, livet som farisear og korleis han ein gong hadde forfulgt kristne. Så fortset han med å fortelje om omvendinga si, korleis han møtte Jesus og til sist fortal han om det han forkynner. Han seier: "...eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle hende: at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka." (Apg 26, 22b-23)

Dette er typisk Paulus! Når han får sjansen til å forsvare seg eller tale ope, så kjem han alltid inn på Jesus og frelsa i Jesu død og oppstode. Han kjem ikkje med forsvarstalar der han prøver å sno seg unna anklagane og gå fri sjølv. I rettsalen i Cæsarea benyttar han derimot sjansen til å vitne for sjølvaste kong Agrippa. Det er ikkje Jesus under ein stol der i gården, nei. Tenk å vere så fokusert på kallet, og på Jesus, at ein skyv alt sitt eige til side og det einaste ein ynskjer er å få vere eit vitne! I dette er Paulus eit stort forbilde. Slik er det eg skulle ynskje eg og kunne vere.


Paulus knyter nesten alltid vitnesbyrdet sitt til personar og hendingar i det gamle testamentet, i alle fall når han snakka til jødar. Jødane kjente det gamle testamentet veldig godt. Tanak (Torahen og Talmud) svarar til vårt GT, og var skrifter dei fleste jødar sette seg god inn i og studerte heilt frå dei var små. Paulus sjølv hadde fått ei høg utdanning innan jødedommen. Han var ein skriftlærd, og kjende til alle profetiar og hendingar i GT, som han etter omvendinga såg peika fram mot Jesus. Paulus brukte Tanak bevisst. Ikkje for å "lure" jødane med deira eigne skrifter, men fordi Tanak/GT er sjølve nøkkelet til då å kunne forstå det nye testamentet. Viss ein utelet GT, mistar NT mykje av meininga for oss.

Kva er det då Paulus meinar GT peikar fram mot? Jo, Jesus død og oppstode. I fylgje Paulus snakka både profetane og Moses om denne store hendinga, og Paulus trudde fullt og fast på at Jesus var den lova Messias. Uredd forkynte han dette i synagoger, på gater, i fengsel og til og med fremfor dommarar i rettssalen. Eit stort mot, og eit utruleg fokusert sinn. Han mista aldri Jesus av syne!

Det er Jesu frelsesverk som er det sentrale i Bibelen. Heile GT peikar fram mot Jesu liv, død og oppstode. Evangelia fortel korleis det heile gjekk for seg, og apostelgjerningane og breva peikar tilbake til Jesus og livet hans. Alle piler i Bibelen peikar på Jesus!



På same måten skulle våre liv og våre ord, liksom Paulus sitt liv og hans ord stadig vendte tilbake til det sentrale, vere vitnesbyrd om Jesus og hans frelse. Også våre liv skulle vere piler som peikar på Jesus, over alt der vi er.

torsdag 8. desember 2011

To menn

To heilt ulike menn, som natt og som dag
To tankar, to håp, to ulike samfunn
Dei møtest, og held til slutt i lag
Dei vandrar saman, mot same målet.


Den eine frå aust, med ark og papir
Og tanken som reiskap og instrument
Han måler og finn ut når dagen lir
Kor tanken har ført han på veg.


Den andre frå vest, med sauer og gras
Og himmelen over er tak
Han gjeter og passar og syns det er stas
Å prate ved bålet om natta.


Dei driv kvar for seg, to heilt ulike menn
Som møtest ein dag i eit kryss
Begge to ynskjer å finne ut kven
Som kallar dei saman i stallen.

Dei møtest på vegen, og går dit i lag
Og begge er tause og undrar med seg;
Om dei skal treffast igjen ein dag
Når barnet i krubba vert stor.

Dei ventar og håpar og fyljer hans veg
Tek fotsteg som passar med hans
Til sist, etter det lengste av steg
Dei møtest på gater av gull.

tirsdag 6. desember 2011

Er frykt alltid negativt?

Eg har tenkt ein del på dette med frykt i det siste. Det kan hende at det har noko å gjere med boka eg held på å lese for tida: Ringenes herre. Der spelar frykta ei stor rolle, og den onde Sauron freistar å spreie frykta så langt ut som mogeleg. Og der skjer mange ting som skaper frykt hos "dei gode" i forteljinga.

I kyrkja i dag er det ei generell skepsis til det å skape frykt hos folk. Det er i alle fall mitt inntrykk av talar eg høyrer i kyrkjer og bedehus, og av det eg har fått med meg av debatt om temaet i media. Ein skal ikkje "skremme folk inn i Himmelen", noko eg absolutt er einig i. Samtidig vert redselen (!) for å skremme så stor, at ein stikk viktige delar av det kristne verdsbildet i alle fall halvvegs under teppet. No tenkjer eg sjølvsagt på den bibelske læra om livet sine to utgangar, dei to einaste alternativa Jesus stilte opp for oss: Evig liv eller evig fortaping. Det er fint å snakke om det evige livet, og ikkje fullt så stuereint å snakke om den evige fortapinga. Og grunnen er såre enkel, og eg snakkar her også om meg sjølv: Det er ubehageleg å snakke om, det er skremmande og det er lett å trakke på ømme punkt. Difor teier ein heller stilt.



Likevel vil eg no stille eit lite spørsmålsteikn ved denne haldninga, for er frykt alltid negativt? Er det å skape frykt hos andre alltid sett på som overgrep, maktmisbruk eller "dommedagsprofeti"? Vi kan sjå på nokre enkle eksempel frå kvardagen: Eg er redd for å stikke handa inn i peisen når den er påtent (sjølv om eg aldri har gjort det). Eg er redd for å springe over gata utan å sjå meg for (sjølv om eg aldri har vorte påkjørt eller sett andre bli det). Eg er redd for å dette ned frå høge stader når eg går tur i fjellet (sjølv om eg aldri har falt ned eller sett andre gjere det). Eg er redd for å måtte sone i fengsel (sjølv om eg aldri har vore der).  Kvifor er eg redd for dette? Eg har ikkje erfart det sjølv, men logisk tenking og andre sine advarslar har gjennom oppveksten og det vaksne livet lært meg at dette er ting eg bør unngå. Eg går altså rundt med ein del ting som eg fryktar, utan at det legg nokon dempar på kvardagen min eller øydelegg sinnet mitt. Eg set meg ikkje ned framfor peisen og skjelv av skrekk. Eg berre hugsar på kva som er lurt å gjere, og tek mine forhandsreglar. Dermed unngår eg å brenne meg. Det same gjeld dei andre punkta. Det å frykte bilane øydelegg ikkje dagen min, for saman med frykta for bilane lærte eg korleis eg kunne krysse vegen trygt. Dermed er ikkje frykta skadeleg, men eit hjelpemiddel til å overleve.

Eg fryktar helvete/den evige fortapinga. Viss eg tenkjer på denne moglege utgangen av livet, oppstår det i meg ei redsel for skulle havne der. Likevel vert eg ikkje øydelagt av denne frykta, eller får kvardagen min øydelagt. Grunnen er ganske enkel: Saman med frykta for helvete, lærte eg også korleis eg kunne unngå det. Eg har lært om Jesu store siger over døden, og korleis det å søkje tilflukt hos han er ein 100% sikker måte å unngå fortapinga på.

Det å gå trygt i trafikken har ein viss uvisse med seg. Eg kan vere så forsiktig eg berre kan, og likevel kan det komme ei ubetenksom sjel i stor fart og meie meg ned. Det å sjå seg til begge kantar er ikkje ein garanti for å klare seg, sjølv om det gjer det mykje tryggare.

Slik er det ikkje med himmelhåpet. Eg stolar på Jesus, og at dei orda han har sagt er sanne. Ta for eksempel den vesle bibelen, Joh 3,16, som fortel oss om frelsa frå fortapinga ved å tru på Jesus. Eller dei litt mindre kjente versa som kjem etterpå: "Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. Den som trur på han, blir ikkje dømd." (Joh 3,17-18a)



Difor trur eg ikkje vi skal vere så redd for å skape frykt. Vi må forkynne dei orda Jesus sa, og eg har endå til gode å høyre ein forkynnar snakke så tydeleg om livets to utgongar som det Jesus gjorde. Han la ikkje to fingrar i mellom, men snakka ope og direkte, og folk må nødvendigvis ha blitt litt skremte av det han sa. Likevel sa han det. Og så gjorde han noko meir: Han forkynte håpet som er tilgjengeleg for alle. For sjølv om fortapinga er ein realitet, er det ingen som MÅ komme der. Alle har sjansen til å søke tilflukt hos Jesus og bli frelste.


Dette er eit alvor vi ikkje kan tillate oss å dytte under teppet.

torsdag 1. desember 2011

Nok ein spiker

Endå ein grunn til å håpe at stat og kyrkje skil lag så fort som råd er: Den danske regjeringa har bestemt (!) at homofile no skal kunne bli vigde i den danske kyrkja, og no må biskopar lage rituale for slike vigslar: Biskoper skal lage homorituale (Vårt Land).


Når regjeringa, som i eit statskyrkjeland skal vere kyrkja si øvste leiing, pålegg kyrkjene lover og reglar som strir med Bibelen og den kristne etikken, er det grunn til å seie stopp: Hit, men ikkje lenger. Eg for min del meinar dette burde vore gjort for lenge sidan: Kvifor skal ei verdsleg makt styre over ei andeleg kyrkje? Kan ei regjering som består av ikkje-teologar og for det meste kyrkjeframande, kunne ta avgjerdsler som gagnar kyrkja? Og då tenkjer eg ikkje på økonomi eller tilretteleggjing i samfunnet. Der kan nok ei regjering gjere ein god jobb. Men når vi kjem til det teologiske og det etiske er vi ute på tynn is, i alle fall så lenge lovene i samfunnet på mange områder er i strid med kyrkja si lære. Dette gjeld for eksempel abortlova frå 1978, og den såkalla nye ekteskapslova som tredde i kraft for eit par år sidan, der ein tillett likekjønna "ekteskap".

Mi stemme er lita, og eg har vel bortimot null makt i denne saka (bortsett frå at eg ber for kyrkja og landet, til Han som vel kan seiast å ha mykje makt...), så eg forventar på ingen måte at desse orda i ein liten blogg skal kunne gjere nokon særleg forskjell i saka. Det er frustrerande, samtidig som eg er glad for at EG ikkje har noko særleg makt til å bestemme over ei heil kyrkje. Det ville vore eit ansvar som var for stort, og som ikkje bør ligge på nokon enkeltperson eller lita gruppering (t.d. ei regjering.) Einevelde har, gjennom historia, vist seg å ikkje vere det beste styresettet... Eg har større tru på demokrati, der dei som brukar kyrkja aktivt skulle få bestemme slike ting sjølv, og sjølvsagt at dette rådet først leste i Bibelen, og tok nokre timar i bønn til Gud før store avgjerdsler skulle takast.

I så fall ville situasjonen for den danske (og norske) kyrkja sett veldig annleis ut. Kanskje ikkje like "folkeleg" (i tydinga populistisk og "værhanerisk"), men mykje meir sann og ekte. Og mest truleg til større hjelp for dei som søkjer bibelske sanningar.

Ok, det var kanskje nok forbanning av mørket. No vil eg tenne eit lys: Den evige Gud, slik vi kan lese om han i Bibelen, endrar seg aldri, trass i våre omskiftelege meiningar og lover. Gud er i går og i dag den same, ja heilt til evig tid! Han er like nådig og kjærleg som han var i fjor og for 500 år sidan, og uansett kor vrangt ei kyrkje måtte finne på å lære, så talar Gud fortsatt sanning og nåde, og hans rike vil fortsette, trass i fråfall og bortfall. Eg trur ikkje på statskyrkja, eg trur på den levande, evige Gud!