tirsdag 19. februar 2019

Tore Kvæven: Når landet mørknar

Arnar Vilhjalmson frå Dyradal er fortsatt ein ung gut då han deltek på kvalrossfangst for første gong. Det vert eit mektig møte med kjempene i djupet, og under jakta vinn han seg eit namn; Han står støtt der dei eldre, vaksne mennene skvett unna.

Under same jakta er det to andre møter som vert skjebnessvangre: Dei renn i senk ein båt frå ein gard i nabofjorden, og får seg dermed ein farleg fiende. Og endå viktigare: Han møter Eir for første gong.

Fleire år seinare møter me Arnar att på ein storgard ved fjorden, der han byggjer seg eit liv og planlegg den store utferda han drøymer om; Til Vinland. Saman med Eir. For Eir er der heile tida, anten i draumane hans eller i dei flyktige møta som ho så altfor ofte flyktar frå.

Der er nemleg eit hinder for kjærleiken. Eit hinder som synast å vere uoverstigeleg.

Tore Kvæven har nok ein gong skrive ein meisterleg roman, og teke utgangspunkt i den norrøne busetnaden på Grønland. Her budde vikingane og etterkommarane deira i fleire hundre år, før befolkninga flytta, døydde av svolt eller vart drepne av inuittane. I dag er den norrøne busetnaden fjern historie, men Kvæven klarar å gjere både folka og det harde livet svært levande, og klarar å gjere sjølv dei verste undergangsdrama vakre. Det er ikkje ufortent at Kvæven fekk Brageprisen i 2018 for denne boka!


søndag 17. februar 2019

Gamal og ny








Matt 13,24-25: Så sette han fram for dei ei anna likning og sa: "Himmelriket kan liknast med ein mann som hadde sådd godt korn i åkeren sin. Men medan folket sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten og gjekk sin veg."


søndag 10. februar 2019

Eit lukka rom








Mark 13,26: Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyene med stor makt og herlegdom.

søndag 3. februar 2019

Alle mine bårer






Joh 5,8: Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»