søndag 27. mars 2016

I det tomme





hjarta var tomme
alt var over

vi visste ikkje lenger forskjell
på dag og natt

og orda, rykta, om den tomme grava
glei unna som tåke og dogg

der var ikkje lenger noko
dei kunne feste seg til;

likevel gjekk vi
ja, likevel sprang vi

ville sjå dette, feie det unna
som tomme ord i ei tommare verd;

men steinen var borte
eit skal var alt som stod att

taust i sin tomme ro;
og hjarta vart fylte med tru!



Joh 20, 5-8: Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.

fredag 25. mars 2016

Måtte velje sitt fall




kroppen, min skjulestad i verda
slengt innover
ukontrollert
i eit vakuum etter orda
som fall
som ei rivingskule
mot sjølvmedvitet

ein implosjon i sakte fart;
eg ser framtida mi
gjennom andre auge,
ynskjer å snu
men veit
at éin veg må eg velje

så eg let kroppen flyte med
i dette vakuumet
etter orda, det ulukkelege
i å vite om sitt eige fall
før det skjer;
vite, og tvile
og tenkje at eg likevel skal gå klar
og vite
gjennom tvilen
at trass alle endringar og vendingar
vil det gå
- slik det alltid gjer -
som det går –



Mark 14, 29-30: Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!» Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»

torsdag 24. mars 2016

Jesus, bøygd


desse orda er ein vegg
mellom den blanke kunnskapsløysa
og eldgamle sanningar, skrivne
svart på kvitt
på huda;

Jesus, bøygd
over mine eigne føter
med vatn i hendene
og kjærleg vaskar han vekk støvet
frå tusen bakgater,
strevsame dagar og arbeid
for å få mat på bordet

dette er eit lerret
tømt for alle mine mislukka forsøk
på å skildre verda;
ei blank flate
og nye fargar

og Jesus, bøygd
over mine eigne føter
med eit kjærleg blikk
vaskar han vekk alt som gjekk gale
langs vegen som førte meg hit;
tusen ulike snublesteinar
og eg trakka på dei alle –

desse orda er ein vegg
og dette arket er eit lerret;
ingenting av det eg har opplevd
vil feste seg her,
for Meisteren står på kne, kjærleg
midt i min eigen kvardag





Joh 13, 6-7: Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?» 7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

søndag 20. mars 2016

Noko med auga




det hender noko med auga,
lyset som vandrar over himmelen
set sine spor
tvers gjennom linser og nervetrådar;
det var mørkt
som det mørkaste mørke
før lyset fylte himmelranda – endå ein gong

det hender noko med auga,
blikket som vandrar frå fjes til fjes
set sine spor
tvers gjennom sjel og hjarte;
det vert lyst
som det lysaste lyset
i det mørket vert jaga på dør – endå ein gong




Joh 12, 1: Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.