mandag 30. april 2012

Kvifor det er heilt ok å feire påske heile året



Eg var på møte på bedehuset i helga, og det var Arnfinn Barlaup som talte. Preiketeksten søndag handla om det som skjer rett før Jesus innstiftar nattverden (Joh 13, 30-35). Judas forlet læresveinane, og går for å svike Jesus, og Jesus snakkar om dagane som skulle fylgje. Han legg særleg vekt på kjærleiken, kor viktig det er at læresveinane elskar kvarandre.

Det eg beit meg særleg merke i i andakten, var midlertid noko heilt anna. Arnfinn refererte til ei hending i det gamle testamentet, der øvstepresten Josva får møte Herren engel (Sakarja 3). Josva er øvsteprest, og skulle hatt på seg presteskrudet.  Det er nøye og detaljert skrive ned korleis øvstepresten sine klede skulle vere. Instruksjonar som går over fleire fleire kapittel i Bibelen! Likevel, Josva har ikkje på seg prestekleda då han fekk møte Gud. Han går i skitne klede, og Satan står og anklagar han.

Det første som skjer er at Herren refsar Satan. Set han på plass. Så vender han seg til dei som står rundt Josva, og ber dei om å ta av han dei skitne kleda. Så seier Herren til han: “Sjå, eg tek bort skulda di, og kler deg i festklede.” Ei herleg symbolsk handling! Gud tek bort skulda vår, våre skitne klede, og kler oss i si eiga rettferd, sin eigen nåde, si eigen tilgjeving. Når vi kjem til Gud, har vi ikkje anna enn skitne klede å komme i. Det spelar likevel inga rolle, for Herren sjølv tek dei av, og gir oss nye!

I vers 9 i Sakarja kapittel 3 seier Herren: “Eg stryk ut skulda til dette landet på ein einaste dag.” Viss eg skal våge meg på ei tolking her, ut frå det som vert sagt før og etter denne utsegna, må eg forstå det slik at dette handlar om langfredag. Dagen då hans “tenar Spire”, altså Jesus, stryk ut den skulda som kviler så tungt på oss menneske. Han nagla gjeldsbrevet til korset! Der heng det fortsatt, som eit vitnemål om at det er betalt. Og Jesus sjølv stod opp att, og fekk makt til å iføre oss alle nye klede. Det er berre å møte opp framfor Guds trone og la han ta av dine skitne klede, tildele deg si rettferd og kle deg i festklede!

Viss ikkje det er grunn til å juble og feire – heile året – så veit ikkje eg!

søndag 29. april 2012

Topp 15 - april 2012

Eg er ein person som høyrer mykje på musikk, og eg elskar å oppdage nye perler. Det er så utruleg mange dyktige artistar "der ute", så det hender rett så som det er at det dukkar opp nye flotte songar det er verdt å høyre på. For nokre veker sidan kom eg over ei plate som eg elska frå første gjennomhøyring. Bandet heiter "The Vespers", og plata har fått det noko teatralske namnet "The fourth wall".

Plata inneheld ei blanding av glade, melodiøse, lystige og alvorlege songar. Nokre songar inneheld kristent bodskap, medan andre tek opp reint mellommenneskelege spørsmål eller tema som må seiast å vere nesten tullete, men berre nesten, for det ligg som regel eit alvor bak.

Det er vanskeleg å skildre med ord korleis musikken høyres ut. Eit bilde er betre:


Og aller best er sjølvsagt å høyre dei! Min favoritt på plata heiter "Flower flower", og er ein sang eg rett og slett blir i godt humør av å høyre!



Ein annan favorittsong denne månaden er Todd Agnew sin melodi "The one you want". Ein song som fyller meg med lovsong! Her er ei liste over dei 15 songane eg har høyrt aller mest på denne månaden, og bildet er ein link til Spotify. Så viss du ynskjer å høyre "The one you want" og dei andre favorittsongane mine, er det berre å trykke!


lørdag 28. april 2012

Narniakrønikene - Bibelske sanningar som perler på ei snor

Eg har i eit tidlegare blogginnlegg ("Løva og heksa") skrive om eit par sentrale episodar i boka "Løva, heksa og klesskapet", og nemner bok nummer 1 i serien, "Drømmen om Narnia", der vi får vite korleis landet Narnia oppstår og korleis vondskapen (Heksa Jadis) kjem inn i bildet.

No har eg pløyd gjennom heile serien, og det er verkeleg både ein spennande serie og samtidig ei historie så spekka full av bibelsk symbolikk at mesteparten av den bibelske historia kan lesast inni  forteljinga, og dei aller viktigaste punkta i kristenlivet er tekne med.

I boka "Reisa til det ytterste hav" møter vi blant anna guten Eustace, som er ein noko sær, sur og lite samarbeidsvillig del av ein ekspedisjon mot ukjente øyer austover i Narnia. På ei av øyene kjem han over ein drakeskatt. Han legg seg til å sove medan han omfavnar skattane, og drøymer grådige draumar om rikdom. Då han vakna opp, var han forvandla til ein drake sjølv.

Denne  hendinga er med på å audmjuke han, og han endrar karakter frå surpomp til jovial. Likefullt er han fanga i drakehammen. I alle fall heilt til han møter den store løva, Aslan, personleg. Aslan tek han med opp på eit fjell på øya, og viser han vegen til ein vassdam. Der får han beskjed om at han må kle av seg og bade. Eustace tykkjer dette høyres rart ut, heilt til han kjem på at drakar er reptil, og kan skifte ham. Han kryp derfor ut av drakehammen, og badar i damen. Han merkar at han vert meir seg sjølv, men når han ser ned ser han at han fortsatt er ein drake. Han kler av seg ein gong til, badar og oppdagar at han fortsatt er drake endå ein gong. Dette gjentek seg fleire gonger. Til slutt vert han stoppa, og får beskjed om at skal han bli fri, må han la løva sjølv kle av han. Eustace går med på dette, og løva riv av han drakehamen. Dette er smertefullt, men når han kjem opp av vatnet denne gongen er han seg sjølv igjen.

Dette syns eg var ei utruleg vakker skildring av forholdet mellom "lov og evangelium". Vi kan aldri klare å frelse/rense oss sjølv. Uansett kor godt vi lever, kan vi ikkje forsone oss med den Heilag Gud. For at det skal skje, må Han sjølv ta bort synda vår. Det var dette Jesus gjorde for oss på korset. Han har no makt til å rense oss. Det svir, men vi kjem ut som forsona og frelste menneske. Alle vi som har latt Jesu blod rense oss, er blitt frie og blitt ikledde vår verkelege natur, slik Gud tenkte oss frå skapinga av!

I den neste boka i serien, Sølvstolen, møter vi Eustace att, og no har han fått fylgje med ei jente som heiter Jill og ein myrvrikkar ved namn Dysterpytt (For øvrig ein herleg pessimistisk, men fantastisk modig fyr! Det finst ikkje den situasjon han ikkje klarar å sjå mørkt på. Samtidig møter han farene med opne auger.)

Dei tre er på jakt etter prins Rilian, som har vore forsvunnen i ti lange år. Etterkvart kjem dei ned i Underverdenen, og der møter dei ein mann som er under påverknad av ei ond heks. Ho har kasta ei forbanning over han, og har planar om å erobre Oververda (Narnia) og gjere seg sjølv til dronning i landet. Denne mannen må kvar natt bindast til ein sølvstol, fordi, som han seier: I denne timen kjem ei forbanning kastande over han, og han kan risikere å øydeleggje alt og alle. Han får dei til å love at uansett kva han seier, må dei ikkje fri han frå stolen.

Anfallet kjem, og han tryglar dei om å befri seg. Til slutt ber han dei i løva Aslan sitt namn, og då løyser dei han. Det viser seg då at denne timen på natta er den einaste timen han verkeleg er seg sjølv. Han er den forsvunne Rilian, og har blitt lurt til å tru at det er farlig å forlate sølvstolen under denne nattlege timen. Den onde heksa har lurt han trill rundt, og fått han til å tru at ho hjelper han til å bekjempe forbanninga. No kan han øydeleggje stolen og vere fri!

Den Onde klarar ofte å lure oss, og mange menneske har særleg gått på den løgna at viss dei gir seg sjølv til Jesus og vert kristne, vil dei miste fridomen, livet vert kjedeleg og alle vil oppfatte ein som tåpeleg. Heldigvis er det mange som likevel gir livet sitt Jesus, berre for å oppdage at det er då dei vert verkeleg frie og seg sjølv! Det er berre Jesus som kan setje oss verkeleg fri.

I den siste boka, "Den siste striden", møter vi ein listig apekatt og eit lettlurt esel. Dei finn ein dag eit løveskinn, og apen syr ei løvedrakt til eselet. Med dette kostymet viser apekatten fram eselet, og innbyggjarane i Narnia lar seg lure. Dette er starten på undergangen for Narnia.

Snart har framande hærar erobra landet, og innbyggjarane lar seg herse med av frykt for den falske Aslan. Det er mange interessante mekanismar som kunne blitt omtalte, men eg bit meg særleg merke i reaksjonen hos ei gruppe dvergar som etterkvart får vite at den Aslan som har kua dei og satt dei til slavearbeid var ei falsk løve. Dei vert befridde av den verkelege kongen, men dei nektar å tru at det finst ei verkeleg løve som er god og heilt annleis enn esel-løva. Opplevinga med den falske løva har øydelagt tillitsforholdet til den verkelege herskaren, og no er dei svært skeptiske.

Dette er verkeleg ein tankevekkar. Eg tenker på alle dei menneska som har møtt kristne som oppfører seg ukristeleg og derme stengt for Jesus. Eg tenkjer på alle dei som har forkynt falskt om Jesus, og forvrengt sanninga. Falske prestar som sår meir tvil enn tru, og som legg lokk viktige sanningar og dermed gjer vegen til frelse svært vanskeleg for dei som går på limpinnen. (Eg las for eksempel ein svært interessant debatt i dag i Vårt Land, der Espen Ottosen, og seinare i debatten spesielt Egil Wold, set fingeren på utruleg viktige ting, og hovudbodskapen er bibeltruskap: Frelsesgaranti for alle?)

Heile boka "Den siste striden" er gjennomsyra av den bibelske bodskapen om livets to utgangar, øydelegginga av den  beståande verda og det evige livet i "den nye himmel og den nye jord". Her vert trådane trekte heilt frå den første boka, der skapinga står i fokus, via Aslan sitt offer på steinbordet då han ofra sitt eige blod og fram til enden på det heile.

Eg tenkte då eg las avslutninga av boka, at eg lurar på korleis Walt Disney Company hadde løyst den, skal eg seie overtydelege, forkynnande tonen i historia. Og eg tvilar vel i grunn på om filmselskapet hadde våga å gjere det så altfor mange prestar er for pysete/uopplyste/forvirra/forvilla til å gjere: forkynne alvoret i det valet ein står framfor; berre dei som trudde på Aslan kom inn gjennom porten til den nye verda før den gamle vart øydelagt, på same måte som bibelen forkynner at det er berre ein veg til himmelen.

Men akkurat det spørsmålet er hypotetisk, all den tid det ser ut som at nye Narnia-filmar er skrinlagte prosjekt. I grunn synd, men då er det i alle fall bra at vi har desse sju fantastiske bøkene til C.S. Lewis!

fredag 27. april 2012

Å slenge med døra

Av og til er det eit effektivt verkemiddel. For barn er det ein klar måte å seie frå på. No er eg eg sur, ligg unna! Også for oss vaksne er det fristande å smelle med dørene, rope og skrike. Kanskje gjer vi det altfor sjeldan, for det er, etter det eg kan hugse, ein god måte å få ut aggresjon på.

Likevel gjer vi det ikkje så ofte, for det er ikkje så effektivt. Viss eg er misfornøgd med korleis politikarane styrer landet vårt på (som eg av og til er), ville det ikkje gjort store forskjellen om eg skrudde av radioen, trampa ut av stova og smelte att døra. Det finst vel ikkje eitt menneske som ville brydd seg om det, bortsett frå at eg kanskje hadde skremt borna.

Av den grunn er det godt å sjå at det av og til vert lagt merke til når folk smeller att døra etter seg. I Vårt Land kan vi lese om Torill Heggen Munk som forlet SV i protest. SV har nemleg snudd heilt om i spørsmålet om tidleg ultralyd. Eg tippar dette er ei hard nøtt å svelje for mange SV-arar, og for nokon vart det altså for mykje. Dei melder seg ut av partiet i protest, og det er godt det vert oppslag i media når det skjer.

Det er ikkje berre Munk og hennar meiningsfeller i SV (som for eksempel Kristin Halvorsen) som er skuffa over vedtaket. Også vi som sympatiserer med andre parti, men har følt at vi har hatt ein alliert i SV i denne saka, føler det heile som eit svik.

Eg ynskjer ikkje at sorteringssamfunnet Noreg skal få eit endå sterkare våpen i kampen mot "det unormale". Med SV sin snuoperasjon trur eg kampen mot tidleg ultralyd er tapt, i alle fall kan det verke slik. Det er utruleg synd. Litt for oss som ynskjer eit samfunn der alle typar menneske er velkomne, litt for alle dei med handicap og utviklingshemmingar, som på denne måten får eit tydeleg negativt signal frå samfunnet. Men aller mest for dei som på grunn av dette står framfor ei nådelaus sortering: Er eg god nok til å bli født, eller skal eg "fjernast" som ei mogleg samfunnsbelastning, eit økonomisk drivanker, ein hemsko for dei to som eg burde fått botnlaus og ubetinga kjærleik frå.

Eg smell att stovedøra i protest. Ein fortvila liten drope i havet.

torsdag 26. april 2012

Regnbogeborn

I dag er vi sterke,
fordi vi er saman

Fellesskapet byggjer opp
det hatet ynskjer å rive

Songen vekkjer eit håp
om fred, fridom og brorskap

Vi syng den saman
Vi er ikkje ulike, i dag

I dag er vi sterke
 Vi er born av regnbogen


Det er verkeleg rørande å høyre om alle dei som i dag har møtt fram i dei store byane og sunge Lillebjørn Nilsen sin kjende song "Barn av regnbuen". Ein naiv song, men likevel ein song det er verdt å synge. Den handlar om å ta vare på jorda, og ta vare på kvarandre. Vi er ulike her i verda, og det er så utruleg viktig at vi prøver å leve i fred med kvarandre så godt vi kan.

Det betyr ikkje at vi alltid skal vere einige om alt. At vi alltid skal tru det same, meine det same eller stemme på dei same politiske partia. Men det betyr at uansett kva nokon meiner, så har dei rett til å meine det. Er vi ueinige, skal vi møte dei med ord i debatt, ikkje med våpen i hand. Det er det feigaste av alt.

mandag 23. april 2012

Løgn og tjuveri

Sidan Lise er svært opphengt i historia om Sakkeus for tida, får eg så og seie dagleg ei innføring i korleis Jesus møter dei som vi reknar som heilt opplagte syndarar. Menneske som lever på kanten av lova, og menneske som vi tenkjer: Han/ho kan i alle fall ikkje vere kristen!

Jesus viser, i møte med Sakkeus, at det nettopp er desse menneska Han kom for å frelse. "For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei." (Luk 19, 10)

Så kan ein gå seg sjølv nøyare etter i sømmane, og sjå at ein på mange måtar ikkje er så mykje betre enn Sakkeus. Forholda eg lever under er ganske annleis, men kven veit kva eg hadde gjort viss eg var i Sakkeus sin stad? Han hadde jo i utgangspunktet ein veldig upopulær jobb, og vart uglesett berre ut frå kven som var arbeidsgivar. (Det slår meg at uttrykket "tollarar og syndarar", som i Bibelen blir brukt som eit omgrep som dekker menneske ein helst ikkje skulle omgå, eigentleg er ein merkeleg konstruksjon. Syndarar er vi jo alle, og det å vere tollar er då berre eit yrke!)

Under slike forhold, kva hadde han å tape på å ta litt ekstra betalt? Folk likte han ikkje uansett, så kvifor ikkje unne seg litt ekstra, så ein i alle fall kan leve det gode, men einsame, liv for seg sjølv? Møtet med Jesus snur opp ned på heile denne tankegangen. Jesus møter han som ein ven, og gir han ein ny start. Tjuven Sakkeus har fått ei ny retning i livet sitt, og sluttar å stele frå dei som passerar gjennom porten inn til Jeriko. 

Jesus elskar både tjuvar, røvarar, horer og løgnhalsar. Det er for slike han kom til jorda og døydde og stod opp att. "Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar."

Så kjære medløgnarar og medtjuvar, alle vi som har vridd på sanninga, sagt direkte usanne ting, teke ting som ikkje var våre osv: Det er håp! Jesus elskar oss!

 

søndag 22. april 2012

Porten inn til sauene

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
   
  

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod. (Joh 10, 1-10)

Jesus seier at det er han som er porten. Innhegninga det er snakka om i teksten, er ofte brukt som symbol på den kristne kyrkja. Det er berre éin måte å bli Guds barn på, og bli ein del av kyrkja; nemleg gjennom tru på Jesus. Difor kan Jesus kalle seg porten, i eintal.

Alle som prøver å komme seg inn på nokon annan måte enn gjennom Jesus, vert kalla tjuvar og røvarar. Når eg ser for meg dette bildet i hovudet, kjem eg til å tenkje på den gamle forteljinga om “Pilgrims vandring” (John Bunyan). Ein stad på vegen må Kristen, som hovudpersonen heiter, inn gjennom ein port, og gå på ein smal veg med høge murar på kvar side. Der på vegen vert han vitne til at to personar klatrar over muren og snik seg inn på vegen.


Dei heiter Formell og Hyklar. Dei prøver altså å bli ein del av kyrkja utan å gå gjennom Jesus. Formell ser eg for meg som ein person vi kan kalle kristen av “tradisjon”.  Han er kristen fordi det er det som passar best. Legg vekt på tradisjonar, måten kyrkja er organisert på og det å leve mest mogleg rett. Det er altså det formelle, ordninga og oppbygginga, som er viktig. Når det gjeld trua, vil ein sjå at den er overflatisk, for det er ikkje Jesus som er i sentrum.

Vi menneske er glade i tradisjonar og ordningar, men vi må passe på at vanane våre aldri kjem i vegen for Jesus. Vi må hugse på at det er Jesus som er porten inn til kyrkja, ikkje det som er slik og slik fordi det alltid har vore slik. Det er koseleg å vere på bedehuset, men det har inga meining viss ein ikkje er her for å lovsynge Jesus, lære meir om Jesus og dele erfaringar om trua og vandringa med Jesus. Det er Jesus som må vere sentrum i alt vi gjer.

Hyklar er vel endå lettare å kategorisere enn Formell. Han er like overflatisk, og seier og gjer dei rette tinga. Likevel har også han oversett dette livsviktige faktum, nemleg at det er Jesus som er hovudpersonen i livet til ein kristen. Ein kan ikkje vere ein kristen utan å gje livet sitt til Han.


Etter ei stund kjem Kristen, Hyklar og Formell til eit fjell, som i boka vert kalla “Problema sitt fjell”. Dei står der rådville ei stund, før dei til slutt vel kvar sin veg. Formell går til venstre, hyklar til høgre, men Kristen går rett fram, på den smale vegen som fører opp på fjellet. Det viser seg etter kvart at det er Kristen som har valt rett. Formell går seg vill, og Hyklar går seg ut ei myr der han snublar og fell.

Når problem og utfordringar dukkar opp i kristenlivet, vil Hyklar og Formell ikkje vite kva som er lurt å gjere. Fordi dei ikkje kom gjennom porten, kjenner dei ikkje Jesu vilje og hans stemme. Dei vil difor prøve å finne den greiaste vegen gjennom. Kristen kjenner Jesu stemme, og kjenner hans vilje. Han veit at han må gå på den smale vegen, sjølv om den slett ikkje alltid er den enklaste.

Vi har vel alle ein del av både Hyklar og Formell i oss, i alle fall har eg det. Når vi møter problem og utfordringar er det difor lurt å ta opp Bibelen og lese i den. For eksempel kan det vere lurt å lese Kolossarbrevet 2,8: Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

Det gjeld å ikkje la seg lure av verda. Her blir visdomslære nemnt. Alle dei kloke tankane som vi menneske har tenkt og jobba med opp gjennom tidene, har ført til at vi kjenner verda ganske bra, og vi er blitt flinke, ofte altfor flinke, til å utnytte dei ressursane vi kan finne. Det er mykje klokt å lese i bøker, og der er mykje god kunnskap ein kan tileigne seg. Eg er lærar, og har ingen motforestillingar mot det å lære meir! Ein må berre passe på at kunnskapen ikkje fører ein vill, at ein ikkje begynner å tenke feil om Gud og feil om eins plass som barn i Guds hand.

Heller ikkje skal vi la oss lure av tomt bedrag. Tradisjonar utan innhald, idear utan rot i verkelegheita eller synsing og ønskjetenking. Vi må ikkje la oss lure av alle dei andre stemmene, som seier andre ting enn det Hyrden vår seier. For å ikkje bli lurte, må vi bli kjente med stemma til Hyrden vår.

I vers 4 står det at sauene kjenner stemma til hyrden. Dei har fulgt han og høyrt på stemma hans før. Dei har kanskje erfart at hyrden er der og passar på dei, og at han leier dei til grønt gras. Dei har ikkje nokon grunn til å vere skeptiske, for alt han har gjort før har vore bra for dei. Det  er eit trygt tillitsforhold mellom sauene og hyrden. Dei stoler på han, og Hyrden veit at sauene vil fylgje etter han.

Også vi kjenner igjen stemmer som vi har høyrt ofte, og som vi kan relatere til nokon. Vi kjenner stemmene til dei næraste, til vener og folk vi omgås i dagleglivet. Men vi kjenner også stemmer til folk vi aldri har møtt, for eksempel radiovertar. Viss ein berre har høyrt dei ofte nok, så kjenner vi dei igjen.

I dag kan vi ikkje sjå Jesus med augene våre, eller høyre han med øyrene. Men vi kan likevel bli kjent med stemma hans, på den måten at vi kan bli kjent med kva han faktisk seier. Mange av orda han talte for 2000 år sidan, står nedskrivne i Bibelen, og vi kan lese den og bli kjent med Jesu vilje og Jesu ord. Jo meir vi les, og jo meir kunnskap vi får om Jesus, jo lettare kan vi avgjere om det som blir talt i Jesu namn er sannhet eller ikkje.  Alt som blir sagt frå talerstolar og preikestolar og andre plassar der Guds ord vert forkynt, må nemleg stemme overeins med det som står her.
Viss det som vert forkynt går på tvers av Guds ord, vil ein som har lest mykje og lært seg å kjenne Guds ord, ikkje kjenne igjen stemma til Hyrden. Ein vil kunne avsløre den falske stemma, orda som bryt ned i staden for å bygge opp.

Høyrer vi dei falske hyrdane, må vi rømme frå dei. Ikkje låne dei øyre. For det vi brukar tid på, vil prege oss. Viss ein tenkjer at det ikkje er så farleg, og tenkjer at ein skal klare å stå imot slik at ein ikkje vert påverka, så lurar ein seg sjølv. Over tid vil vi uansett bli prega av det vi brukar tid på. Lånar vi øyre til det som er imot Guds ord, vil vi etter kvart “blande stemmene”,  og ikkje lenger høyre Hyrden si stemme klart og tydeleg.

Det er lett å nemne dei veldig synlege tinga. Ta for eksempel dei teologane som legg lokk på dei negative konsekvensane ved synd, eller som vrir om på Guds ord og tolkar det slik at det passar inn med det vi aller mest ynskjer å høyre. Eg vil helst unngå å høyre forkynning frå liberale teologar, mest fordi det dei seier er fristande og av og til så logisk ut frå den tankegangen samfunnet vårt er bygd opp rundt. Det er fristande å seie at synd ikkje er så farleg, for det er jo så inkluderande! Det er fristande å seie at det ikkje er så farleg korleis ein lever, for så lenge ein lever i kjærlighet og ikkje hat så er alt ok. Tenk så bra alt hadde vore då! Men viss ein lånar øyre til slikt, vil ein bli forvirra, og forville seg vekk frå stemma til Hyrden. Jesus er nemleg veldig klar i sin tal om både synd og korleis ein skal leve.

Det er vanskelegare å nemne dei meir diffuse stemmene som lokkar oss vekk frå Guds stemme. Alle dei små dryppa som vi får kvar dag gjennom fjernsyn, radio, internett, alle dei personane som endrar bittelitt på det som står i Bibelen, eller sår tvil om detaljar og sannhetar i Guds ord. Og det er ikkje så lett å få taket på desse stemmene, for dei er over alt. Det er lettare å avsløre ein falsk forkynnar på talerstolen, for då er vi oppmerksomme. Det er vanskelegare å avsløre alle dei som vrir og vender og argumenterer med så tilsynelatande logiske argument, at tvilen begynner å slå rot i hjertet. 

Og så er det eit ordtak som seier “Det hjartet er fylt av, det talar munnen”. Viss vi lar visdomen i verda, som Paulus snakka om, få endre oss, vil også vi begynne å tenkje og snakke annleis. Og det er livsfarleg for oss som Guds barn. Difor er det så utruleg viktig at det er Guds ord, lest i Bibelen, som får prege oss. Vi må lytte til Hyrden, og nekte å lytte til tjuvane og røvarane!

Til slutt vil eg litt tilbake til vers 9, der Jesus seier at han er porten. Eg vil vise eit bilde, som eg syns illustrerer dette på ein veldig god måte.

Vi er syndige menneske, og er skilde frå fellesskapet med Gud. Syndefallet kløyvde på ein måte universet i to, der vi står på den eine sida, og Gud står på den andre. Det er berre ein måte å komme over denne kløfta på:


Nemleg ved å “gå over” Jesus. Han er porten inn til Himmelen for oss, og berre ved å fylgje Jesus vil vi kunne finne frelse. Berre ved å fylgje hans stemme (Bibelen) vil vi kunne finne vegen over til Gud!

(Andakt på bedehuset Betel tidlegare i dag)

fredag 20. april 2012

Sirkusklovnen

I manesjen
er han smilande og glad
lystig og lett
Vitsane sit laust
og folk seier:
Eit talent!

Alle andre stader
er klovnen alvorleg
Og heime
hos seg sjølv
fell tårene ofte tett
over sminkebordet





(Bildet er malt av Inger Arvesen, og henta frå Ingers galleri)

Den store forteljinga

Ikkje at dette innlegget er revolusjonerande eller nyskapande eller noko i den duren. Av og til er det berre greit å sjå dei store linjene, oppsummere, forenkle og ordne det ein allereie veit i klare kategoriar og i store mønster. På den måten kan det hende at ein ser ting litt klarare? Her er i alle fall ein liten presentasjon av:

 




Berre for å sjå det heile i perspektiv.

torsdag 19. april 2012

Løva og heksa

I dag har eg lest den fabelaktige boka "Løva, heksa og klesskapet". Historia er kjent for svært mange, og Narnia er eit spanande univers å opphalde seg i. I boka er det eit par scener eg er særskilt glad i. Den første scena er når forrædaren Edmund møter Aslan for første gong. Sjølv om vi ikkje får vite kva som vert sagt mellom dei to, har det skjedd ei fundamental endring hos Edmund etterpå. No har han berre auge for Aslan! Når heksa Jadis kjem og vil kreve Edmund tilbake, reagerar han ikkje med frykt. Han har augene festa på løva, og lar han føre heile samtalen. Det er kun det Aslan gjer som er viktig for Edmund. "Med blikket festa på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar." (Hebr. 12,2)

Heile boka, og for så vidt heile bokserien, er så spekka full av kristen symbolikk, at det vert som ein andakt å lese boka.

Den andre scena som eg syns er særleg spesiell, er når Aslan frivillig går heksa i møte, med det eine målet å ofre seg for Edmund si skuld


Det er ikkje noko hyggeleg selskap han går i møte, og det er uhyggeleg å lese kva dei gjer med han, før dei til slutt bind han fast til steinbordet. Rett før Jadis drep han, spottar ho han og hånar han for det offeret han har gjort. I hennar auge er det berre dårskap, for no har han lagt heile Narnia i hennar hender. Utan Aslan til stade, er landet overgitt til ondskapen. Det veit ho, og frydar seg! Så stikk ho kniven i Aslan, og trur ho har vunne den store sigeren.

Den gong ei.

Ved soloppgang neste dag, står Aslan opp att frå dei døde. Som symbol på Jesus, ser vi her korleis Jesus knuser dødskreftene. Steinbordet vert delt i to, og Aslan framstår som endå mektigare enn før.


Draumen om Narnia er ein bokserie der vi, via utstrakt symbolbruk, kan lese så og seie heile bibelhistoria. I bok 1, "Draumen om Narnia", vert vi vitne til skapinga av Narnia, og korleis det onde kjem inn i denne nye og fine verda. Det er sjølvsagt menneska som har skulda. Vi rota ting til, og det har vi fortsatt med i alle år sidan skapinga. Det må ein Aslan til for å knuse ondskapen i Narnia, akkurat slik vi treng Jesus Kristus til å sigre over ondskapen og dødskreftene som vil øydelegge oss menneske. Sjølv om ondskapen fortsatt er ein del av vår verd, slik den fortsatte å vere ein del av Narnia, har vi ein sikker veg ut av øydelegginga. Jesus har makt til å frelse oss frå synda som vil dra oss ned i fortapinga.

Det er spennande å fylgje debatten rundt den nye filmen "The Hunger games". Seinast i dag las eg eit interessant debattinnlegg på vl.no (Barn dreper barn). Debattantane vert sjølvsagt ikkje einige. Vald og ondskap på film og i litteratur er eit omstridt tema, men samtidig er det eit viktig tema. Ondskap er nemleg ein reell og stor del av den verda vi lever i. Vi menneske gjer så ofte onde handlingar, og handlar ofte ut frå egoistiske motiv. Då er det viktig å ha bøker som bøkene om Narnia, Ringenes herre, Harry Potter og no altså då om Katniss Everdeen og Dødsleikane. Det store bodskapet i alle desse bøkene er at det gode til slutt vil sigre over det vonde. Dødsleikane skil seg likevel noko ut, i og med at bøkene problematiserer også rolla til dei "gode", for det er ikkje alltid at dei som ser ut til å vere gode gjer det som er best for alle. Dette vert særleg problematisert i den siste boka. Og der Harry Potter og Narnia ender med ein stor siger til dei gode, har eg, med handa på hjertet, sjeldan hatt ei slik bittersøt kjensle som når eg las avslutninga på serien om Katniss Everdeen. Den var som ein knyttneve i magen.

Likevel føyer også denne serien seg inn i rekka, og hovudbodskapen er, som i Narnia: Det onde taper til slutt.


Takk og lov!

tirsdag 17. april 2012

Litt reklame...

Reklame er ein ganske utskjelt sjanger, og det er i grunn ikkje så merkeleg. Det finst utruleg mykje dårleg reklame, og viss det blir for mykje av den er den berre forstyrrande. Likevel er det ein sjanger eg er veldig glad i, mest fordi det også finst mange gode reklamar. Reklamebransjen er lønnsom, og svært mange kreative menneske sit og pønskar ut gode måtar å nå oss på. Då må det jo nødvendigvis dukke opp reklamar som treff oss innimellom!

På skulen min heng det tre reklameplakatar som Utdanningsforbundet har fått laga. Det er ganske naturleg at det er skulen, læraren og utdanninga det vert reklamert for. Det i seg sjølv er ikkje så unikt, men eg syns at i denne kampanjen har dei gjort ein liten genistrek. Berre sjå på denne plakaten for eksempel:


Eit utruleg herleg bilde, det er som ein blir smitta av glede! Jonas er ein glad fyr, og om 22 år er det han du møter på ortopedisk avdeling... Det heile vert sett litt i perspektiv, og eg som lærar får ein liten tankevekkjar. Det er framtida eg jobbar med, det er dei neste kirurgane, journalistane, snekkarane og gründarane som sit i klasserommet og jobbar med oppgåvene eg har valt ut.

Eg syns at også desse to plakatane er fine, sjølv om ein kan diskutere (i alle fall bittelitt) denne tanken om at alt skal vere så likt: 



Også her er det framtida som vert vektlagt, og eg kjenner eg vert ekstra stolt av yrket mitt og jobben min. Eg er med på å forme framtida!

lørdag 14. april 2012

Karma eller... nåde?

Vi menneske har ofte stor fascinasjon for karma. Ta for eksempel ordtaket: “Som man reder så ligger man”. At handlingane våre får konsekvensar for oss, er ein heilt naturleg tanke, ja endå meir: Ein tiltrekkande tanke. Går det oss godt, vil det seie at vi har handla rett, og går det nokon ille, er det nok vel fortent.

I søndagens bibeltekst får vi ein av dei beste illustrasjonane på forskjellen mellom Jesus, den eine levande Gud, og alle dei religionane og livssyna vi menneske opp gjennom tidene har konstruert og trudd på. Nesten utelukkande inneheld religionane lovar og reglar som må oppfyllast for å oppnå frelse eller evig liv. Slikt har det dessverre vore ein god del av innan kristendommen også. Vi menneske har omgjort Jesu lære til ein religion, som på mange måtar kan sidestillast med islam og jødedom. Og dessverre har mange problem med å forklare kva den store forskjellen ligg i.

I Bibelen kan vi lese om ein Gud som tenkjer fundamentalt annleis: Peter har svikta totalt. Forrådt Jesus og banna på at han ikkje kjente han. Alle dei håpa og forventningane som hadde bygd seg opp gjennom tre år saman med Jesus, falt med eitt i grus. Peter var på botn, livet verka nok ganske så håplaust. Og kanskje tenkte han at han fekk som fortent, han som ikkje klarte å leve opp til dei store orda sine?

Så ein morgon møter han att Jesus. Meisteren sit på stranda, ved eit bål. Peter har vore ute og fiska, og stig no i land og går for å møte Jesus.  Kanskje er han redd for kva han vil møte? Kanskje Jesus vil nemne det store sviket, og stille han til veggs. Eg trur Peter er ganske nervøs medan dei et. Så kjem vi til søndagens bibeltekst:

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»  Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!» (Joh 21, 15-19)

Jesus nemner ikkje Peter sitt store fall med eitt ord, men han gir han sjansen til tre gonger å erklære sin kjærleik til Herren. Like mange gongar som han fornekta og sveik. Etterpå får Peter endå ein gong kallet frå Jesus: “Følg meg!” Det er som om Jesus seier: “La oss gå tilbake til start. La oss gløyme alt det vonde som har skjedd, og gå vidare i lag. Eg har gløymt alt!”

Slik er den Gud vi møter i Bibelen. Han tilgir brot, og gir ikkje igjen “tann for tann”. Tvert om lar Han nåde gå for rett, og tilgir alle dei som søkjer Han. Det er som om regelbrotet aldri har skjedd.
No må ingen tru at eg er ein talsmann for anarki eller regelbrot. Slett ikkje. I eit samfunn må vi ha reglar, for at vi skal klare å ta vare på kvarandre. Poenget er at ovanfor Gud har det ingenting å seie. Gud bryr seg ikkje om karmaen din. Det einaste Gud bryr seg om, er svaret du gir når han spør: “Elskar du meg?”   



(Teksten stod først på trykk i Suldalsposten si spalte "Helgetankar", tidlegare i dag)

mandag 9. april 2012

Påskemusikk

Denne lista kjem kanskje i litt seinaste laget, men for oss som er "påskevennar" er det aldri for seint å høyre songar om det Jesus har gjort for oss!

Her er altså ei liste over nokre fine påskesongar:

Leeland - Via Dolorosa
Smalltown Poets - Beautiful, scandalous night
Keith Green - Eastern song
Oslo Gospel Choir - On the cross of calvary
Leigh Nash - The power of the cross
Ray Boltz - The hammer
Sveinung Andersen - He chose the nails
Aaron Keyes - Christ the Lord is risen today
Matt Maher - Christ is risen
Bryan Duncan - Glad morning
Russ Taff - Shadow of the cross pt. 3
Hans Inge Fagervik - Tomas' sang
Steven Curtis Chapman - How love wins
Graham Kendrick - You're alive
Ron Kenoly - Jesus is alive

Desse songane kan du lytte til her (Spotify)

Sidan eg ikkje klarte å finne Ray Boltz sin song "The hammer" på Spotify, legg heller til ein link frå Youtube. Ein sterk song!


søndag 8. april 2012

Evig fri! (ei novelle)

I mange år, faktisk så lenge eg kan hugse, har eg sitte bak stengte dører og gitter. Eg kalla den smale benken for "heime", og det vesle rommet for "verda". Kva som var utanfor mi vesle verd? Eg hadde inga aning. Eg skjønte at det kanskje var noko, så frå tid til anna var eg borte og rista i sprinklane. Somme netter ropte eg ut mi fortviling og redsle. Andre netter freista eg å bryte meg ut. Alle triks som er moglege å finne på, tok eg i bruk. Dei var like nyttelause, alle saman.

År kom og år gjekk, og eg sat der i cella mi. Gløymt av alle, gøymt for verda.

Så ein dag høyrde eg lydar frå utsida. Fottrinn over det glatte golvet. Dei var tunge, som om personen hadde store smerter. Samtidig høyrde eg klirring frå nøklar, og dør etter dør i den lange korridoren vart opna. Også mi dør vart opna. Eg såg ikkje mannen med nøkkelen så godt, men eg kunne sjå kor han hadde gått. Han etterlet seg flekkar og striper med blod, blanda med sveittedropar og tårer.

Eg forstod ikkje med det same kva som skjedde. Alt eg visste var at døra mi stod open. Eit varmt og skarpt lys fylte døropningen, og eit nytt håp vart sådd i hjartet mitt: Tenk om eg kunne gå gjennom døra og ut til... Ja, til kva? Alt eg kjende til var i det vesle rommet mitt. Eg sette meg ned på benken min, og såg meg rundt. Eg visste kva eg hadde. Og alt som kanskje fantes utanfor cella mi, korleis kunne eg vite korleis det var? Eg kjente tvilen snike seg inn, og ta bustad side om side med håpet.

Plutseleg høyrde eg eit høgt smell frå enden av korridoren. Den store døra, som til no hadde vore stengt med solide låsar og bommar av stål, hang og slang på hengslene sine. Mannen med nøklane lente seg inn over dørkarmen, og ropte så høgt han kunne: "Jobben er gjort! Kom ut til fridomen!"

Eg såg nedover korridoren. Nølande menn og kvinner kikka fram frå mange av dørene. Somme våga seg ut, og tok forsiktige steg nedover gongen. Somme snudde og gjekk tilbake til rommet sitt, medan andre ikkje turte å gå ut i det heile. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg skulle gå eller ikkje, men dei glade ropa frå utsida lokka og drog. Til slutt klarte eg ikkje meir. Eg måtte berre vite kva som var der ute.

Først tok eg forsiktige steg ut døra og nedover korridoren, men frykta sleit og drog i meg. Eg innsåg at skulle eg klare dette, måtte eg gje alt og ikkje snu meg tilbake. Eg starta å springe, og stoppa ikkje før eg stod framfor den øydelagte døra ved enden. Der kikka eg ut, trakk inn den friske lufta og gispa av forundring. Det eg såg var så heilt annleis enn alt eg kjende til, så uendeleg mykje betre enn alt eg kunne fantasert om!

Eg gjekk ut.

I dag lever eg i fridom. Mykje har endra seg sidan den gongen ei celle var heile verda mi. Livet mitt har blitt gjennomsyra av kjærleiken til mannen med nøklane. Han har vist meg kva det vil seie å leve på ekte.

No er verda så uendeleg stor, og eg er evig fri!

Gleda er likevel ikkje fullkommen. Endå. Den gamle korridoren står der fortsatt, med sine opna dører. Mange av romma er tomme, men bak somme av dørene sit der fortsatt menn og kvinner som lengtar etter fridomen. Somme ser mot den opne døra med lengsel, men mange har snudd ryggen til og vil ikkje sjå. Dei stirrar i veggen og drøymer om fridomen. Og kanskje tenkjer dei at dei allereie er frie? Eg veit ikkje, men fortvilinga mi er stor. Eg skulle så gjerne vist dei kor stor verda eigentleg er, eg skulle så gjerne vist dei kva det vil seie å vere evig fri.


Eg ropar inn i korridoren, og håpar nokon vil høyre: "Vegen til fridomen er open! Det er berre å ta steget, for mannen med nøklane har sona alle straffene! Kom ut av fengselet og lev!"

lørdag 7. april 2012

Spikra til eit tre

To pålar vert brukte
laga av tre frå den verda du skapte

Metallet du har forma,
blir slått inn i hendene som laga det

Du kjenner kvart atom i treverket,
du veit lengda på deira levetid

Og jorda krossen vert sett i,
er den same du brukte då du skapte
soldatane som no lyfter deg opp

Det er ditt, alt saman
og likevel let du deg drepe

av kjærleik til det du har skapt