mandag 5. mai 2014

Gudsbilete 2: Den gode gjetaren



Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.
    Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.
(Joh 10, 11-18)

Eg veit ikkje kva bilde du har av Gud, eller kva du har høyrt og møtt som har forma det så det har blitt som det er. Denne våren har eg høyrt, i ulike samanhengar, fleire menneske som har delt sitt Gudsbilde, og fortalt bakgrunnen for det. Det er lærerikt å lytte til andre som fortel om sine erfaringar, og nokre av desse kan ein kanskje kjenne seg att i.

Ein av dei tinga som har forma mitt Gudsbilde, er det store maleriet som heng bak talarstolen på bedehuset i barndomsbygda mi, Balestrand. Bildet viser eit storslagent fjordlandskap, og var dermed veldig nært til den kvardagen eg kjente. I framgrunnen, inst i fjordarmen, langt oppe i fjellskråninga, sit eit lam på ei lita berghylle. Det har store og redde auge, og det sit fast i ei busk. Til venstre for lammet, med utstrekte hender, står ein mann med kjortel og eit blikk fullt av omsorg.

Dette bildet har eg sitte og studert gjennom mange møter, basarar og andre arrangement opp gjennom barne- og ungdomsåra. Eg har også mange andre bilde som fortel meg om sider ved Gud, men akkurat dette maleriet har nok sett eit sterkt preg på mitt bilde av Gud: Den omsorgsfulle gjetaren som, på leit etter det bortkomne lammet, tek seg inn i dei mest avsidesliggjande fjordarmane. Heilt inn dit der også eg er å finne.

Eit anna bilde som har forma trua mi, er ein poster eg hadde hengande på veggen på rommet mitt då eg var liten. Bildet viste ein liten kattunge oppi ei skål, og under stod teksten frå 5. Mos 31, 6: “Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.”

Finst det noko tryggare enn å få kvile i armane til ein Gud som aldri vil svikte, og som ofrar alt for å berge deg? Dette er kjernen av mitt Gudsbilde, den gode gjetaren som er der. Er til stade under alle forhold. Vaktar sine born, og leitar etter dei som er borte.

Det har blitt gjort og sagt mykje gale i Jesu namn opp gjennom historia, og mange går nok rundt med eit Gudsbilde som er heilt annleis enn mitt. Likevel er eg trygg på at dette bildet er eit av dei mest sanne bilda vi kan finne om Gud, for heile bibelen er gjennomsyra av tanken på ein kjærleg Gud som vaktar flokken, og som lengtar etter å finne dei som har villa seg vekk. Det er ikkje lenge sidan påske, og påska er det sterkaste beviset vi har på at Gud, gjetaren, er villig til å ofre alt, til og med livet, for å finne sine bortkomne lam.

Dette kviler eg i. Slik er min Gud.


(Helgetankar, tekst til Suldalsposten, fredag 2. mai)