lørdag 2. februar 2013

Frelse


Luk 2,30
Eg har sett di frelse
med eigne auge,
levande bilete, teikna
gjennom tekst, gjennom ei forteljing
om Han som gav avkall på sitt eige
og ofra seg sjølv
for meg

Eg har sett di frelse
med eigne auge,
korsmerkte hender, reinsande blod
ein menneskeson, ein mann
som trassa døden
gjennomlevde det verste av alt
for meg

Ein dag vil eg sjå di frelse
med eigne auge,
gå i møte med dei opne armane
utstrekte mot meg,
armar som har bore meg gjennom døden
og verna meg frå Guds vreide
heilt til eg kan trø 
verkeleg heilag grunn
for første gong

I dag kneler eg framfor trona
og lengtar etter dagen eg skal sjå,
i 3D,
Han som sit på den