tirsdag 26. januar 2010

Bryr du deg?

Tida vår er full av granatar
og bomber
Av piggtråd
og slåsikra dører
.
Dei skyt
for å drepe
Vil utslette alt og alle
allestader
.
Bildene flimrar
på skjermen:
Menneske ropar om hjelp
medan tårene renn
på blodstenkte gater
.
Eg et popcorn
og ser i programbladet
ein gong til

tirsdag 19. januar 2010

Ingen menneske er fordømt av Gud!

Har du nokon gong tenkt over det faktum at Gud ikkje fordømer eit einaste menneske? Gud elskar oss menneske. Faktisk elskar Gud oss så høgt at han var villig til å ofre seg sjølv for oss. Fantastisk!

I følgje Bibelen toler ikkje Gud synd, og fordømer syndige handlingar. Gud aksepterar ikkje og godtek ikkje synd. Det er vårt store dilemma, for vi er både menneske, som Gud elskar, samtidig som vi gjer syndige handlingar, som Gud hatar.

Nokre menneske kan ha ein tendens til å forveksle Guds aksept av menneska som ein aksept for alle typar menneskelege handlingar. Ta for eksempel kvinna som vart gripen i hor (Joh 8, 3-11). Dei lærde ville døme henne etter lova, men Jesus sette ein heilt annan standard. Berre den som er utan synd har rett til å døme. Med andre ord: Berre Gud har rett til å døme. Likevel lar han vere! Han seier "Heller ikkje eg fordømer deg". Jesus kunne dømt henne nord og ned for det ho hadde gjort, men lot vere. Fordi ho er eit menneske, og han er glad i menneske.

Dette kan likevel ikkje takast til inntekt for det å påstå at Jesus godtok måten ho levde på. Vers elleve sluttar slik: "Gå bort og synd ikkje meir". Eg tippar møtet med Jesus forvandla kvinna. Kanskje fekk ho eit ynskje om å leve eit betre liv? Det er i alle fall det som har skjedd med meg. Jesus elskar meg og fordømer meg ikkje. Han seier "Gå bort og synd ikkje meir", og seier med det at han forventar ei endring i måten eg lever på. Det er ikkje alltid eg ynskjer slike endringar sjølv, så det er jammen godt han har lova å gjere det sjølv. Han kan forvandle meg, og deg, til eit betre menneske viss vi slepp han til.

Gud elskar menneska, endå han veit alt om oss. Han veit korleis vi lever, kva vi tenkjer og kva vi ynskjer. Likevel fordømer han oss ikkje.

Her er eit flott maleri (malt av Arnfinn Røyland) som illustrerer ei anna flott historie om Jesu omsorg, i møtet med kvinna frå Samaria (Joh 4, 1-26).


Er du villig til å la vere å fordøme dine medmenneske? Er du villig til å fordøme synda og syndige handlingar?

Treng du også hjelp av Jesus til dette?