lørdag 24. februar 2018

Skuggen av eit svik



ropet festa seg til trestammane,
la seg som eit vokslag
over plantar, blomar, blad og
alt

ekkoet slo tilbake
frå dette vi kjente til – før
som verda

ropet festa seg til hjartet
etter å ha knust seg veg
gjennom øyregongar
nervebanar
blodomløp
og samvit,
la seg som eit lag av tjære
vi knapt klarte puste i – fastklemte
under børa av våre eigne handlingar

alt vart så lyst og klårt
i dette ropet;
tidlegare svevde vi saman med lydane
og var ein del av sjølve gleda

no stod vi att
som svarte skuggar
i ferd med å gli bort, renne vekk
tilbake
          til molda Gud henta oss ut av




1. Mos 3, 9: Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?»

søndag 18. februar 2018

Manuskript



når du ser heile historia om deg sjølv
ligge framfor deg
som eit ope manuskript

du er sjølv regissør
og har skrive deg inn i hovudrolla

ikkje som den strålande helten,
som den munnrappe, glitrande
superhelten
som reddar verda med muskelkraft
og kløkt

men som ein audmjuk tenar
eit blødande, lidande menneske
knekt under all verdas bører

og likevel går du inn i det store spelet
med opne auge, ope sinn
for du kjenner kampen,
du kjenner verda
og veit –
det er den einaste måten

å vinne



Matt 16, 21: Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.

søndag 11. februar 2018

Den nye fødsel



så fell frøet i jorda
strekk sine ørsmå armar
utover landskapet
i det som er meg

trekk ut næringsstoff
bryt dei ned
til noko grunnleggjande lite
som kan puslast saman att
til noko større og betre

ei plante strekk seg
mot lyset
frå Guds himmel –

ein dag vil jorda vere tømt
og alt som står att
er det nye treet
- ditt ord har då bygd meg på ny




Joh 12, 24: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.