tirsdag 28. mars 2017

Edvard Hoem: Land ingen har sett

Edvard Hoem fortset slektskrøniken, og dette er tredje boka i serien. Vi fyljer bestefaren Anton Edvard og grandonkelen Eilert inn mot første verdskrigen og vidare inn i dei harde tjueåra.

Vi får blant anna vere med på sildefiske, kapproing, kyrkjebygging, innhausting, besøk i gamlelandet, haugevis av barnefødslar og ei kvinne som stikk av og endeleg får ro i sjela i møte med det audslege landskapet Ravenscrag i Canada.

Vi får også eit klart bilde av kva jernbaneutbygginga i Nord-Amerika hadde å seie for nybyggarkoloniane.

Boka gir eit nært og interessant blikk inn i ein uroleg periode av verdshistoria, og sjølv om det er si eiga slekshistorie forfattaren fortel, gjer han det på ein måte som gjer stoffet allment og viktig også for oss andre. Like mykje som det er historia til Hoem-familien, er det historia om korleis nordmenn levde og overlevde for hundre år sidan, og kva utvandringa til Amerika gjorde med både dei som drog og dei som vart att.

Eg likar Edvard Hoem sin stillferdige og stilsikre måte å fortelje på, og gler meg til fjerde og siste bok i serien!

lørdag 25. mars 2017

I hans tid


det er rart med denne tida
kor umerkeleg den sig av stad
som ei elv
gjennom omskifteleg landskap

og det er rart, kor alle ting endrar seg
let seg føre med i straumen
skiftar form, skiftar farge
skiftar ham medan tidene går

og vi tenkjer: slik og slik
burde alle ting vere,
og stiller spørsmål ved elva
og landskapet, målet og orda

under brennande sol
ropar vi våre forbanningar
og stønnar under tunge bører
men smiler når vinden er mild;

så var det då Ein som kjente tida
og Ein som kjente staden
og Ein som visste måten, vegen
og sette alt  i rette stand – slik

at det no er mogleg å sjå i perspektiv
frå vår stad i strie straumen:
at elva fører fram til sjølve havet
for demningen vart knust i rette tid



søndag 19. mars 2017

Eg tenkjer og gløymer




eg tenkjer på alle venene
alle gode kameratar
som leika saman
i gatene i Nasaret

og lærarar som hadde
Jesus på skulebenken,
bad han sitje i ro
og repetere leksa høgt

eller alle dei som såg han
bygge hus, saman med faren
kunne sjå desse to
samarbeide om nye byggverk

og eg tenkjer på alle tusen
som høyrde rykta gå
om denne nye, radikale
rabbien frå Galilea

dei såg han passere byar
og småstadar – på vandring
blant alle menneska han kalla
sitt folk

tenk å vere ein av dei han snakka med
såg på, gjekk saman med
langs støvete vegar og stiar
og sat til bords med om kvelden –

så eg tenkjer og tenkjer – tenk om…
og gløymer (men også – kjem på!)
at eg er ein av desse som går
gjennom livet ved Meisterens side



lørdag 11. mars 2017

Prøve gullet i eld

1 
kanskje snakkar dei om alt
du burde vere
alt du skulle alt du burde
og som aldri vil bli gjort

kanskje ropar dei i sinne
over den du er i dag
for å dytte, plage, le og spotte
er ein svært allsidig sport

2
kanskje går du helst aleine
er ein einsam fugl i flóg,
eller vart det inst i hjartet
eit stort hol då alle drog –

3
men verst av alt er orda
frå ditt eige sinn og tanke,
verst er tvilen, verst er hånen
som du får frå eige hald

ja, verst av alt er sinnet
over eigne svake punkt,
fortviling over den du er
og alle dine fall

4
men skal gullet bli eit smykke
skal det gje eit skin frå æva
må elden reinse slagget;
gjennom døden får du leva



fredag 10. mars 2017

Helga Flatland: Bli hvis du kan (Trilogien)

Fire kameratar frå same bygd vervar seg til dei norske styrkane i Afghanistan. Berre ein av dei kjem attende i live. Grunnane dei har til å reise er  ulike, og sakte men sikkert vert det vevd fram eit heilskapleg bilete av tankane og motiva til dei ulike personane.

Forfattaren skiftar synsvinkel gjennom heile trilogien, slik at kvar bok er bygd opp av fleire separate delar. I den første delen i bok 1 vert vi betre kjent med Tarjei, ein av dei fire som reiste. Vi får glimt inn i viktige hendingar og opplevingar frå han er 12 år gamal og fram til han døyr i Afghanistan. I den andre delen av bok 1 får vi synsvinkelen til han som bur i nabohuset til Tarjei og slik fortset det gjennom heile serien. På den måten får vi stadig djupare innsikt i kva det eigentleg er som skjer.

Forfattaren vekslar mellom bokmål og nynorsk, slik at det er om lag like mange delar på kvar målform. Sidan ho stort sett har lagt dei skiftevis, vert overgangen frå ein del til ein annan svært tydeleg, og det var enkelt å "skifte spor" i hovudet.

Gjennom heile boka får vi eit nært bilde av personane som vert skildra, og forfattaren viser djup innsikt i både ulike kommunikasjonsformer i ein familie og dei ulike sorgprosessane personane går gjennom. Ho får fint fram mangfaldet i veremåtar og ulikskapen i måten å møte ei slik katastrofe på. Helga Flatland skriv på ein måte som gjer at eg vert glad i samtlege personar som er med!

Det er tidleg på året endå, men eg er ganske sikker på at denne boka kjem til å bli med på "topp ti"-lista mi når vi rundar av til 2018!


fredag 3. mars 2017

Far ikkje vill



alt det mørke kjem innanfrå
frå dei mørke stadane
i hjartet

eg ville rive det ut,
luke vekk ugraset
i tankar og ord og alt
eg gjer

men dess meir eg reiv vekk
dess meir kom til syne,
til slutt stod eg med eit fjell av skam
og jordsmonnet det kom frå
var endå metta av det same

då seig eg i kne
retta blikket mot bakken,
her var ikkje meir å gjere;
ikkje meir tid, ikkje meir rom
ikkje meir håp

inn i dette mørket høyrde eg ei stemme
eldre enn berg og vatn, luft og eld:
lyft blikket
vekk frå ditt eige
lyft blikket
legg det gamle bak deg
lyft blikket
far ikkje vill,
men sjå
ja, sjå
på mine utstrekte hender mot deg!






Jak 1, 12-16: 
Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
   
Far ikkje vill, mine kjære sysken!