søndag 29. desember 2013

Hamlet for monkeys

Ok, på tide å varme dei små grå opp etter all sløvinga i julehelga, og begynne det nye året på topp! Eg har høyrt det er sagt, av folk som har stor tru på tilfeldigheter, at viss du set ein gjeng apekattar framfor ei datamaskin og lar dei klampre i veg i ubegrensa tid, så vil dei til slutt kunne skrive Hamlet.

Det følgjande reknestykket er ein sjekk av denne påstanden. Teksten vil kanskje vere keisam for dei fleste, men eg håpar at nokon finn dette interessant... Først nokre premiss for reknestykket: Eg brukar Aschehoug si omsetjing og utgjeving frå 1996. Reknestykket er ut frå den første sida i dramastykket Hamlet, og ser slik ut:


Eg reknar alle mellomrom som berre eitt trykk på spaceknappen, sjølv om alle ser at her er det ein noko meir finurleg bruk av mellomrom. Men vi får seie oss fornøgde viss apekattane klarar å få ned orda riktig og i riktig rekkefølgje, om dei ikkje skal matche layouten også...

Eg må også ta forbehold om eventuelle teljefeil. Om eg skulle ha mista eit teikn eller to, så trur eg likevel at det store bildet vil vere tydeleg å sjå.

Dette er det eg har talt:
Talet på teikn i teksten: 290
Store bokstavar (utanom der det er brukt Caps Lock): 14
Altså består teksten av 276 teikn som kan skrivast med eitt trykk på tastaturet. I tillegg må det i teksten plasserast 8 trykk på caps lock (sjølvsagt på riktig stad).

Tastaturet mitt har 108 tastar (Då reknar eg ikkje med av/på-knappen, som jo ville vere ganske øydeleggjande for teksten å komme borti...)

Vel, då får vi rekne litt:
Sannsynet for å treffe ein tilfeldig knapp på tastaturet: 1/108
Sannsynet for å treffe 276 tastar i riktig rekkjefølgje: (1/108)^276 = 5,96e-562
Dette vil seie at for å skulle kunne skrive denne sida ordrett, berre ved å trykke på 276 tilfeldige tastar, treng vi 1,68e561 forsøk. Det er, viss vi forenklar litt, talet 168 med 559 nullar bak. Til samanlikning har talet milliard 9 nullar...

I visse kretsar vert det hevda at jorda er 13 milliardar år gamal. Viss apekatten skal ha sjanse til å frambringe førstesida av Hamlet, treng han 1,3e551 gongar så lang tid. Eventuelt treng vi 1,3e551 apekattar til å utføre bragden...

No er det verdt å merke seg at eg ikkje har rekna med dei store bokstavane, som krev at ein treff to tastar på tastaturet samtidig. Sjansen for at ein treff dei to riktige tastane er (1/108)*(1/108) = 1/11664. Dette talet kan gongast med seg sjølv 14 gongar, då får vi sannsynet for dei store bokstavane. Og sannsynet for åtte caps lock på riktig stad er (1/108)^8 = 5,4e-17.

Mange tal og store tal. Kort oppsummert: Teoretisk sett er det altså mogleg for apekattar å frambringe Hamlet. I praksis vil det vere beint fram umogleg, fordi det vil ta for lang tid, eller ein treng så mange apekattar at verda ville vorte uleveleg for berre maskinskrivande primatar.

Det er også verdt å merke seg at alle tala gjeld den første sida av Hamlet. Den norske oversetjinga er på 194 sider...

No er dette reknestykket eit ganske tynt bevis for ... kva som helst, men det seier likevel noko om tilfeldigheter. Og for slike som meg, som trur det er umogleg at verda kunne bli til av seg sjølv, er det kjekke tal å slå i bordet. Matematikk er nyttig til så mangt.


mandag 23. desember 2013

Evangeliet ved nissen

1
Den fyrste nissen sit
på låven, ventar på graut

Han er litt sur, han er litt sint
- kvifor tek det heile så lang tid

Og trugsmåla sit tett i kveld;
Her vil ikkje bli mykje gjort, viss ikkje...

Folka på garden er litt redde,
tenk om han ikkje vert fornøgd -

2
Den andre nissen sit
på ein krakk og pakkar sekken sin

Mat og klede, det som enn måtte mangle
i heimar med svoltne born og triste vaksne -

alt det legg han i sekken sin
og legg ut på ei vandring i byen

Han går i det skjulte, er anonym,
så folka må undre - kven er han?

3
Slik går biskop Nikolaus
frå hus til hus, slengjer gåver inn vindauga

medan fjøsnissen trampar utålmodig med foten,
vil ha meir, vil ha meir, vil ha meir -

4
Og kanskje har du høyrt nissen spørje:
Har du vore snill i år?

Men svaret du gir er lite interessant,
så lenge du rekk fram hendene og tek imot gåva -
 

fredag 13. desember 2013

Bane sin audmjuke veg

Eg bana meg veg gjennom verda
- gje rom for den audmjuke, stille!

Eg bøygde mitt hovud, eg lukka min munn,
såg heller i grusen enn opp

Med seige steg gjekk eg vegen om natta,
unnskyldte den plassen eg tok

for eg ville bli grå, fornekte meg sjølv,
vere heilhjarta, krypande, mørk

og bane ein veg, kanskje opne ein port
mot det som ein dag var i vente –

langs vegen stod andre med uttrekte hender,
med søkande blikk – opne sår

alt dei trengte – eit sjåande auge
og øyre som høyrte, forstod;

men når verda slo og forbanna, la opp til eit slag,
kasta stein, kasta bomber og skaut –

eg bøygde mitt hovud, gjekk fram utan ord,
der mitt ord kunne gjort ein forskjell –




søndag 8. desember 2013

Jesus - til å stole på?

Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen. 

(Joh 14, 1-4) 

Denne teksten handlar, slik eg ser det, først og fremst om tryggleik. Om det å kunne stole på. Det heile startar med ei beroligande setning frå Jesus: Ikkje la hjartet bli uroa! Ikkje ver redde, ikkje frykt! Han ynskjer at læresveinane skal ha fred i hjartet, og gir dei eit ankerfeste. Noko dei kan feste hjartet til og oppleve tryggleik: Tru på Gud og tru på meg! Tru det eg har sagt dykk!

Kvifor skal læresveinane tru på Jesus? For å begynne på ein litt annan kant: Kva skal til for at vi stolar på nokon? Vedkommande må ha vist seg truverdig. Verdig til å bli trudd. Ein person som lyg og sviktar venene sine, vil ikkje bli sett på som truverdig. Opplever vi at ein person ikkje er til å stole på, vil vi bli mistruiske i alt, også når han seier det som er sant.

I tre år har læresveinane gått saman med Jesus, og dei har sett at han meiner det han seier. Han lyg ikkje til dei. Dette veit dei, og derfor lyttar dei til han.

Så fortset han: Viss det ikkje var slik at det finst ein Himmel og ein stad de vil kunne leve saman med meg evig – ville eg då sagt det? Dette er eit glimrande argument å møte læresveinane si uro med. Han hadde jo vist at han var til å stole på. Kvifor skulle han lyge om dette?

“… eg… vil gjere klar ein stad…” Jesus snakkar om ein konkret stad, ein fysisk Himmel. Det er ikkje snakk om eit draumeslott eller ein abstrakt dimensjon, eller som ideen om at sjela vår skal bli eitt med Gud. Himmelen er ein verkeleg stad, der vi skal stå opp att med verkelege kroppar og få møte Gud ansikt til ansikt.

Andre stader i Bibelen er Himmelen skildra som “det nye Jerusalem” (Op 21, 2) eller “ den nye himmel og nye jord” (Jes 65,17). Alt skal bli nytt, men like verkeleg som dei tinga vi kan sjå og ta på rundt oss no.

Så må vi tilbake til der vi starta: Med det å stole på nokon. Jesus oppfordrar oss til å tru på han, og spørsmålet mitt er: Stolar du på at Jesus snakkar sant? Viss du trur at det han seier er sant, så kan du stole på alt han seier. Også når han snakkar om himmelen.

I motsett fall, viss du ikkje trur, må du forkaste absolutt alt han seier, for då seier du at han er ein bløffmakar. Det går ikkje an å velje berre delar av Jesu lære og tru på det. Eg veit at ein del ser på Jesus som ein lærar som sa mykje klokt om det å leve som menneske, men forkastar hans eigne ord om at han er Guds son, og vel å bortforklare det som står om under og teikn. Dette blir eit veldig søkt utval, for kvifor skal ein lytte til Jesus i det heile, viss han er ein løgnar?

Nei, det heile kokar ned til berre to val: Anten å stole på han heilt og fullt, eller å forkaste alt han seier. Kva vel du?



(Helgetankar i Suldalsposten, fredag)

torsdag 5. desember 2013

Båten, sjøen og ordet

Eg såg ein båt
med høge bølgjer på alle sider,
og stormen herja med den vesle båten
- hit og dit vart den slengt
og ansikta om bord var farga av skrekk
og fortviling

Eg såg sjøen
med opprørt vatn, kvervlar
av oppbygd raseri,
no slepp den laus alt på ein gong
og rasar mot den vesle båten
- under, du skal under,
er ropet frå dei veldige massane

Eg såg båten
den vesle, urolege båten
og dei redde mennene
og sjøen som rasa
og vinden som prøvde å rive heile bildet sund

Og eg såg ein mann
med stødige bein i båten
opne munnen, ropar ein ordre
og alt vert
stille    som     grava

Eg såg ein båt, eg såg eit hav
- ei endra verd!
Eg såg ein mann
med skapande ord
som ikkje kan knusast
av noko –



onsdag 4. desember 2013

Evig vatn

Som ein tyrstande ørkenvandrar
snubla eg frå kjelde til kjelde

når ei kjelde gjekk tom
rava eg, som ein svimlande, til neste

og neste og neste og neste
i eit evig jag - etter vatn

Stadig har eg måtta sjå
mine usle kulpar tørke inn under ørkensola

og skuffa leggje ut på vandring
endå ein gong -

Heilt til eg høyrde bruset av veldige vatn,
som musikk for ein døv, lys for ein blind

og eg retta ryggen, lytta
endra kursen til ein veg eg aldri har gått

Snart tårna fossen over meg, frå mektige, evige fjell
og eg ropa ut, med min tørste, inntørka hals - Vatn!

beina mine auka farten - dei hadde eit mål
og hjarta mitt banka for noko nytt;

Ein foss med rennande vatn
som aldri tek slutt -

kan ein ørkenvandrar ynskje seg noko betre?


mandag 2. desember 2013

Ta vare på hjartet ditt!



(Andakt for ungdomar på KRIK)

Det er kjekt med hendingar og dagar som skil seg ut. At det skjer noko som vi kan sjå tilbake på med glede – noko stort og flott! Vi nærmar oss jul, og julaftan er ein slik dag for meg, og forhåpentlegvis for deg også. Det er ein dag full av forventning!  Då eg var liten gledde eg meg veldig til pakkane, og trudde at det var på grunn av dei eg gledde meg slik til jul. No når eg er vaksen, og ser tilbake på dei julene eg feira saman med familien min, er det ikkje først og fremst pakkane som betyr noko. Eg hugsar lukter og fargar. Eg hugsar koselege dagar saman med familien. Eg hugsar yatzy, klementin, appelsin og nøtter. Eg hugsar kor eg og syskena mine pleidde å leike saman – det var gode dagar i lag!

Det er ikkje alltid slik at vi hugsar best det vi tenkjer er stort akkurat her og no. Som med juleminna mine. Slik er det i grunn med ungdomstida mi generelt. Det eg hugsar i dag, og tenkjer tilbake på med glede, er gjerne andre ting enn det eg syns var viktig akkurat der og då. Og så forstår eg meir av kva som skjedde. Eg forstår for eksempel meir av kvifor lærarane sa og gjorde det dei gjorde. Eg forstår kvifor eg heile tida fekk beskjed om å snakke meir i timane. Kvifor vi fekk så mykje lekser. Kvifor vi heile tida måtte framføre ting for klassen. Kvifor vi heile tida måtte jobbe med ting som ikkje var så veldig interessante der og då. Fordi eg er vaksen, og ser ting i eit anna lys.

Når eg er gamal og ser tilbake på mitt vaksne liv, vil eg sannsynlegvis leggje vekt på andre ting enn det eg syns er viktig i dag. Eg vil på ein måte sjå meg sjølv frå utsida, og sjå kva som er bra og kva som er dårleg med det eg gjer i dag. Ein del ting vil eg heilt sikkert angre på, mens andre ting vil eg synes er ok.

Slik er det å vere menneske. Vi forandrar oss heile vegen. Eg er ikkje den same i dag som den gongen eg gjekk på ungdomsskulen. Eg er ein annan plass i livet, og vil i dag vektlegge heilt andre ting enn det eg gjorde då, og eg vil forandre meg vidare, heilt til eg forhåpentlegvis er gamal og grå.

Det vil skje med deg også.

Du vil også bli eldre. Du vil forandre deg. Du vil modnast. Du vil bli vaksen. Sjå verda frå stadig nye perspektiv, og vere oppteken av nye ting. Og ein dag vil du sjå tilbake på ungdomsstida di og tenkje: Det var tider det… Og så vil du angre på nokon ting, og vere glad for andre.

Det å vere menneske inneber forandring. Vi kan ikkje unngå det, om vi aldri så mykje har lyst å låse oss fast i den tida vi lever i, klamre oss til kvardagen her og no, fordi vi likar oss så godt her. Ja, av og til ynskjer vi sjølvsagt at tida kunne gå litt fortare, for eksempel når ein sit på tentamen og slike ting, men i det store og heile så er vi menneske ikkje så glade i forandring. Vi vil ha det slik vi har det!

Men det kan vi altså ikkje.

Og ein dag vil du sitje på gamleheimen og sjå tilbake på livet ditt, og då er spørsmålet (og her er poenget mitt i kveld): Kva vil du tenkje om livet ditt då? Vil du angre på ting du har gjort? Vil du ynskje at du gjorde ting annleis?

I Bibelen står det mange gode råd til korleis vi bør leve som menneske. I det gamle testamentet finn vi ei bok som heiter Salomos ordtøke, og er ei samling med visdomsord. Nokre av desse visdomsorda er råd som er gitt frå ein far til son sin, og der er det mange gode tips å hente for dykk som er unge, og også for oss som er vaksne, men håpar på at vi har ein del år att på jorda likevel. I ordtøka 4 står det slik:

23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.
          
   
24 Lat aldri munnen tala falske ord,
          hald leppene borte frå svik!
          
    25 Lat auga dine sjå beint fram,
          fest blikket på det som ligg framføre!
          
    26 Gjer stigen jamn der foten skal gå,
          då blir alle dine vegar trygge.
          
    27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
          hald foten din borte frå det vonde!

Ta vare på hjartet ditt. Ikkje lyg. Ta gode og trygge val for framtida. Hald deg unna det som er vondt. Mange store ord, men det er ord som faktisk kan hjelpe oss menneske til å velje rett. For eksempel er det ikkje noko dumt val å bestemme seg for at ein ikkje skal vere falsk eller svike andre med orda ein seier. Viss ein bestemmer seg for det, er sjansen mindre for at ein faktisk gjer det.



Og så handlar det om prioritering. Ta vare på hjartet ditt framfor alt, står det. Kva er det som er det viktigaste i livet? Er det å tene mest mogleg pengar? Få det største huset? Den dyraste bilen? Den raskaste båten? Den feitaste kontoen? Eg skal seie deg ein ting: Den dagen du dør, betyr ikkje pengane dine nokon ting! Trur du dei døde ligg i gravene og gler seg over pengane dei klarte å sanke saman?

Det er mykje viktigare at du gjer gode ting for andre. Å ta vare på hjartet sitt vil seie å fylle det med gode ting. Tenke gode tankar, vere god mot medmenneska dine. Vise at du bryr deg om dei. Vise at du er glad i dei.

Når eg les om Jesus i Bibelen er det ein ting som slår meg: Ikkje ein plass står det at han bekymra seg for pengar eller mat eller klede eller hus eller ting og tang som vi går rundt og tenkjer på. Og det var nok ikkje fordi han ikkje åt eller hadde klede eller budde nokon stad. Han brukte berre tida si slik vi las om i ordtøka: Han tok vare på hjartet sitt framfor alt: Han viste omsorg for dei han hadde rundt seg, han hjelpte sjuke, tilgav dei som hadde gjort galne ting, viste dei som fylgde han at han var glad i dei.

Og eg tenkjer: Slik vil eg også vere. Tenk å kunne vise medmenneska mine like mykje godleik som Jesus gjorde! Viss eg hadde klart det, hadde eg ikkje hatt så mykje å angre på når eg er gamal og ser tilbake på livet mitt, og dei eg har rundt meg ville blitt mykje gladare inne i seg når dei tenkte på meg. Og det er noko eg bryr meg meir om, enn å dø med masse pengar på kontoen. Så:

23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.
          
   
24 Lat aldri munnen tala falske ord,
          hald leppene borte frå svik!
          
    25 Lat auga dine sjå beint fram,
          fest blikket på det som ligg framføre!
          
    26 Gjer stigen jamn der foten skal gå,
          då blir alle dine vegar trygge.
          
   
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
          hald foten din borte frå det vonde!

 

torsdag 14. november 2013

Som eit mysterium

Som eit mysterium
er Guds ord, som eit vatn
der vi ikkje ser botn
eller ein skog, med så mange tre
at det nesten er håplaust å starte å telje -

går du lenger inn, djupare ned
ser du djupare djupner, nye skogar,
som fjelltopp bak fjelltopp
bølgje etter bølgje;
det tek ikkje slutt
og dess meir av landskapet du kartlegg
dess opnare vert kartet, og terrenget vidar seg ut -

du kan symje i ordet heile livet
og oppleve
- når du kjem til vegs ende
di ferd-
at du berre så vidt har starta på reisa
i den verda du vart fødd inn i
i dåpen

lørdag 26. oktober 2013

Laurdagslåta: Give me Jesus

Todd Agnew si framføring av Fanny Crosby sin song frå 1800-talet er ein perfekt fusion av solid tekstarbeid, lengt etter det viktigaste livet -  fellesskap med Jesus og ein musikar som klarar å formidle på ein livsnær og god måte. Eg har lite kompetanse når det gjeld å vurdere musikalitet, men Todd Agnew er ein av dei beste vokalistane eg kjenner til - kanskje mest på grunn av ein råskap og ekthet i stemma? Eg veit ikkje. Uansett, her er songen:


Take the world, but give me Jesus
All its joys are but a name
But His love abides forever
Through eternal years the same

Oh, the height and the depth of mercy
Oh, the length and the breadth of His love
Oh, the fullness of redemption
Promised from above

Take the world, but give me Jesus
Sweetest comfort of my soul
With my Savior watching over me
I can sing though billows roll

Oh, the height and the depth of mercy
Oh, the length and the breadth of His love
Oh, the fullness of redemption
Promised from above

Take the world, but give me Jesus
In His cross my trust shall be
Till, with clearer, brighter vision
Face to face my Lord I'll finally see

Oh, the height and the depth of mercy
Oh, the length and the breadth of His love
Oh, the fullness of redemption
Promised from above

Take the world, but give me Jesus

søndag 20. oktober 2013

Hjarte på vegen til Jeriko

du er han eg såg på hjørnet -
eg gjekk forbi
hadde dårleg tid
kunne nok stoppa,
hadde det ikkje vore for…

du er ho som stod aleine
medan dei andre hoppa strikk
sparka fotball
stod i sirklar i skulegarden og lo
- eg snudde meg
vekk

du er han eg såg traske langs vegen
aleine, så einsam og lut
og eg, eg skulle på jobb
på butikken, heim,
eg hadde ikkje tid
- ikkje i dag, ikkje no, ikkje akkurat
seinare heller – du veit; a-planen bular

du er han som sa dei litt galne orda
og dei lo, med vidopne munnar
og eg såg du vart forvirra, flau
litt redd – det var ikkje første gongen
og eg…
…eg let som eg ikkje såg, ikkje høyrde
medan eg humra, litt stille, inni meg

du er ho vi aldri ser
fordi du aldri er der,
du sit heime, på rommet
innestengt i di eiga verd,
så redd for å vise deg fram, stille deg ut,
redd for å dette på nasa – igjen
og eg veit det,
eg høyrer snakket
og går med mitt svarte hjarte
til dei same venene, dei som alltid dukkar opp –

du er han, du er ho, du er alle dei
som har blødande hjarte
av einsemd og knuste draumar
og håp som ligg splintra som glasspel
utover ei verd som er farga i grått

og ropar og undrar –
kor er min samaritan?

lørdag 19. oktober 2013

Laurdagslåta: I can't complain

Livet er kort, og det blir ikkje noko lenger av å gå rundt og klage. Det er vel noko sånt som er bodskapen i denne fiffige songen til Relient K. Det er i alle fall ei god påminning om å møte keisemda, motgangen og dei grå dagane med ei klype godt humør!



I can't complain

 Looking at the cop in the rear view mirror
Probably should have stopped but the crosswalk was clear
I'll just imagine it's a ticket to a Broadway show

Looking at the clouds and they seem kinda funny
Probably gonna rain but my outlook is sunny
I'll just imagine that I'm laying out in Mexico

Cause I know that pleasures gotta come with pain
And I know that things won't always go my way
And I know that life is gonna suck some days

But I can't complain
I can't complain
Every days too short to let it go to waste

Now I can't complain
I can't complain
You gotta treat every day like a holiday

And I'm telling you
That I know some days I'm gonna stumble
And I know the cookie's gonna crumble
And I know that life is gonna suck some days
But I can't complain

Waiting on a never ending train at the crossing
Paying it no mind cause you just keep talking
We'll just imagine it's the good old days and take it slow

Spending Christmas Eve on the floor of the airport
Dying to get back to the people that I care for
Smiling just dreaming about my puppy in my bed back home

Cause I know that pleasures gotta come with pain
And I know that things won't always go my way
And I know that life is gonna suck some days

But I can't complain
I can't complain
Every days too short to let it go to waste

Now I can't complain
I can't complain
You gotta treat every day like a holiday

And I'm telling you
That I know some days I'm gonna stumble
And I know the cookie's gonna crumble
And I know that life is gonna suck some days

If you can't say nothing good
Don't say nothing
If you stop to think you could come up with something
That makes you feel so good when times are rough it's ok

I can't complain
Oh oh oh oh oh
Oh oh oh oh oh
Don't let it go to waste

Now I can't complain
I can't complain
Every days too short to let it go to waste

Now I can't complain
I can't complain
You gotta treat every day like a holiday

And I'm telling you
That I know some days I'm gonna stumble
And I know the cookie's gonna crumble
And I know that life is gonna suck some days
But I can't complain

fredag 18. oktober 2013

Bibelquiz!

Ein aldri så liten og uhøgtidleg konkurranse før helga: Under kan du lese seks sitat. Berre eitt av desse sitata har hald i den verkelege verda. Klarar du å finne det riktige?



Paulus og Barnabas, då folket i Lystra ville tilbe dei som gudar: “Jaja, viss folket vil tilbe oss, så skal ikkje vi blande oss inn i det. Det er kjekt at dei er glade!”

2
Moses, då folket tilbad gullkalvet: “Jaja, viss folket vil tilbe ein gullkalv, så skal ikkje eg blande meg inn i det. Eg får heller polere tavlene mine medan eg ventar!”

3

      Jesus, då han såg at læresveinane hindra borna i å komme til han: “Jaja, viss læresveinane ikkje vil at dei skal komme, så skal ikkje eg blande meg i det. Dei må då få bestemme litt dei også!”


4
    8 av 12 biskopar, om kyrkjeleg velsigning av homofilt samliv: “Jaja, viss det er det folket vil, så skal ikkje vi leggje noko hinder for det. Vi er jo først og fremst ei folkekyrkje!”


5

1  Daniel, då kongen befalte at alle skulle tilbe ei statue: “Jaja, viss det er det kongen vil, så skal ikkje eg vere vanskeleg. Det kan då ikkje vere så farleg!”


6
Gud, då han såg at menneska villa seg vekk og fall i synd: “Jaja, viss dei vil gå på eigne vegar, så skal ikkje eg vere nokon festbrems. Eg skal ikkje blande meg, eg!”


Lukke til!

(Viss du syns dette var vanskeleg, kan du finne gode hint i desse nettavisene: Dagen, Vårt Land)