søndag 27. september 2015

Flytte fjella






Matt 8, 8-10:  
«Herre», svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du kjem inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til éin: ‘Gå!’ så går han, og til ein annan: ‘Kom!’ så kjem han, og til tenaren min: ‘Gjer dette!’ så gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som følgde han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ikkje hos nokon i Israel har eg funne slik ei tru.

 

søndag 20. september 2015

Puste eit ord




det var ikkje noko jordskjelv
anna enn i mitt eige hjarte
og dagen var vindstille og varm;
likevel var det som noko blas over ende
mine indre bilete
av verda

denne mannen, så roleg
med ei stemme eg knapt høyrde
over lyden frå alle menneska;
han ropte ikkje
gjorde ikkje noko nummer av seg,
berre var der –

med vakne auge, fokuserte
orda, så uverkelege;
dei var som eit livspust
frå ein annan dimensjon
og gjekk meir til lungene enn øyra

og guten på båra sette seg opp,
dødsskuggane kvarv under varmen
frå ein mann så annleis
enn våre målestokkar;
eit glimt av æva
midt i kvardagen


Luk 7, 11-17: 

 

søndag 13. september 2015

Ut i striden




det er som noko kapslar inn
det sentrale, det viktige,
det som ligg innanfor
alt det skjøre, forgjengelege
og så altfor lett nedbrytelege
skalet – som er meg

eit vern rundt hjartet, eit skjold
for alle piler og kuler
som kan rettast mot sjela
og ånda lengtar etter fred,
tilbaketrekking
frå denne striden

men eg er ein soldat,
vegen eg går er ikkje min eigen
og orda eg talar
er ikkje mine;
Gud seier gå
eg går
Gud seier tal
eg talar

og i striden er dette mitt våpen;
at Ordet aldri sviktar
at trua held i stormen
at nåden gjer meg udødeleg
sjølv når eg fell



søndag 6. september 2015

Inn eit framandt vindauge



eg ser inn vindauget
til dette andre livet
eg ikkje kan leve

ser alt som rører seg
så annleis, så framandt
i forhold til mitt eige

hjarte som bankar
i ei anna takt, ord
eg aldri kunne sagt

utan dette eine, store
som liksom kviler ein stad
langt der ute i æva

og held føtene mine
på bakken, i kontakt
med eigne røter

og ser inn vindauget
til eit anna meg,
den eg ikkje er

men ynskjer å bli
ynskjer å vere, ber
om å få verte

forandra av dette
ordet frå ei framand verd



Luk 10, 38-42: Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han i heimen sin. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»