onsdag 30. desember 2015

Topp 8 EP 2015

Skal eg vere heilt ærleg, brydde eg meg aldri om EPar før Spotify-tidsalderen. No har det snudd tvert om, og eg syns det er ein god måte å få friske tilskot til spelelistene også mellom dei store albuma. Og ein god måte å bli kjent med nye artistar på. Her er dei åtte beste eg oppdaga i løpet av 2015: 

1) Copperlily: A very Copperlily christmas

Sjanger: julemusikk/pop

Tre songar frå ei gruppe som er blant dei eg likar aller best å høyre på. Eg seier ja takk til meir julemusikk frå den kanten!

Favoritt: My family's crazy (at christmas time)









 2) Disciple: Vultures

Sjanger: Rock

Disciples spelar rock i den meir harde enden, men har også nokre rolege songar innimellom.

Favoritt: Bring the dead to life










 3) Five Iron Frenzy: Between pavement and stars

Sjanger: Skarock

Ein festleg EP, med songar som ikkje vart tekne med på albumet "Engine of a million plots" i 2013.

Favoritt: To Astoria!









4) Nichole Nordeman: The unmaking

Sjanger: Pop

Det er alltid gledeleg (syns eg) når Nichole Nordeman kjem ut med ny musikk. Fengande melodiar, og tekstar som er reflekterte og relevante - og oppbyggande!

Favoritt: Name





 
5) Paul Colman: Recalculating

Sjanger: pop/rock

Som vanleg er det stor variasjon i stil på songane til Colman, og som vanleg er det gode songar!

Favoritt: Someday








6) Pen pals: Gold

Sjanger: Akkustisk pop/vise

Dette er ei roleg og ettertenksom plate. Fine songar, framført av to svært dyktige musikarar: Heath McNease og Jetty Rae.

Favoritt: Open door








7) Seventh Day Slumber: Redline

Sjanger: Rock

Flotte rockelåtar, med relevante tekstar. Litt å tygge på!

Favoritt: I'll bleed










8) Signum Regis: Through the storm

Sjanger: Power metal

Flott musikk frå det slovakiske metall-bandet.

Favoritt: Through the desert, through the storm










Her er songane frå alle EPar (utanom Seventh Day Slumber sin, som ikkje er på spotify) samla i ei speleliste:


mandag 28. desember 2015

Topp 10 CD-album 2015

Det har blitt laga mykje god musikk i året som gjekk, og som rimeleg altetande når det gjeld sjanger, har eg lytta til mange forskjellige artistar. Her er ei liste over dei ti platene eg likte best i året som gjekk. Fire av artistane var nye for meg, medan dei andre er gamle travarar i CD-spelaren. Eg startar med dei rolege platene, og så aukar intensiteten etter kvart:

 1) Burlap to Cashmere: Freedom souls

Sjanger: pop/folk/world med særleg preg frå gresk folkemusikk

Først på lista er det albumet eg oppdaga sist av desse ti. Burlap to Cashmere er ei gruppe eg vart glad i allereie sist på 90-talet, på den tida eg budde og jobba i Ålesund. Det er roleg musikk med gode rytmar. Tekstmessig vender dei på denne plata litt tilbake til stilen frå 90-talet, med meir fokus på Gud og trua enn på den førre CDen ("Burlap to Cashmere", 2011)

Favorittsong på plata: "I will follow"



2) Drew Holcomb & the neighbors: Medicine

Sjanger: pop/rock/folk

Denne gruppa var ny for meg i år, og det var eit gledeleg funn å høyre gjennom plata "Medicine". Roleg og festleg musikk, med melodiar som festar seg!

Favorittsong på plata: "Shine like lightning"







3) Kevin Max: Broken temples

Sjanger: pop

Med vakre melodiar og ei heilt fantastisk stemme, er plata til Kevin Max heilt klart eit av årets musikalske høgdepunkt! Det var også stas å få vere på Kevin Max-konsert på Vikeså i november, men då song han dessverre få songar frå denne plata.

Viss du ikkje har høyrt artisten før, er denne CDen ein god plass å starte eit nytt bekjentskap!

Favorittsong frå plata: "Infinite"



4) Tree63: Land

Sjanger: pop/rock

Sjølv om eg har visst om gruppa Tree63 i mange år, har eg aldri før høyrt på dei. Dei var berre eit artistnamn eg bladde forbi på spotify. Det angrar eg litt på no, for når eg no har høyrt gjennom plata Land nokre gongar, er det klart at dette er musikk heilt etter min smak. Flotte melodiar og ikkje minst djupe og lyriske tekstar som utfordrar og byggjer opp.

Favorittsong på plata: "Blood flows"



5) Third day: Lead us back

Sjanger: pop/rock/lovsong

Third day er ein av dei 'gamle travarane', som eg har lytta mykje til i snart tjue år. "Lead us back" er ei av dei beste platene dei har laga (og det seier litt, frå eit band som nesten berre har laga gode plater!) Vokalist Mac Powell og resten av bandet + gjester er god backup til dagar der ein kjenner behovet for å lovsynge!

Favorittsong frå plata: "Soul on fire"
 6) Plumb: Exhale

Sjanger: pop/rock/lovsong

Også Plumb er ute med lovsongsplate dette året, og som vanleg er tekstane ærlege og utfordrande. Eg likar Plumb særleg for evna til å nærme seg kjende tema på heilt nye måtar, i tillegg til at tekstane er lyriske og godt oppbygde. Og musikken er som vanleg god!

Favorittsong frå plata: "Smoke"





7) TobyMac: This is not a test

Sjanger: pop/rock/hiphop

Ei ny plate frå TobyMac er alltid spennande. Gode og fengande melodiar er eit varemerke, og som vanleg er det stor variasjon i songane, frå rolege poplåtar, via funky hiphop til meir rocka  melodiar. Plata er nesten like god som Portable Sounds frå 2007! Ekstra kjekt er det at han på ein av songane har fått med seg dei to andre medlemene i DC Talk (Kevin Max og Michael Tait), og klarar å møte litt av lengten etter ei ny DC Talk-plate.

Favorittsong frå plata: "Love broke thru"


8) Fireflight: Innova

Sjanger: pop/rock

Då vi kom heim frå Danmark i sommar, måtte vi køyre frå Kristiansand og heim om natta. Borna sov i baksetet, Nina sov i framsetet og ute var det mørkt og lite trafikk. Då var det godt, nesten essensielt, å ha denne plata på cd-spelaren. Den heldt meg vaken heilt fram til Stavangerferga! Gode låtar med trøkk i, og fine tekstar. Og så var det kjekt å vere på Fireflight-konsert på Vikeså i november!

Favorittsong frå plata: "Resuscitate"



9) Children 18:3: Come in

Sjanger: pop/rock/punk

Children 18:3 oppdaga eg no i haust, og paradoksalt nok er plata "Come in" deira siste - dei skal no leggje opp. Gruppa består av tre søsken, og musikken er temmeleg rå. Den eignar seg godt til å bli spelt på høgt volum i bilen på veg til jobb. Då vaknar ein skikkeleg...

Favorittsong frå plata: "Bethlehem"





10) Theocracy: As the world bleeds

Sjanger: progressiv metal

Denne plata er eigentleg frå 2011, men eg har den med her likevel, sidan eg har høyrt så mykje på den denne hausten. Også Theocracy er eit nytt bekjentskap, sjølv om sjangeren ikkje er det. Dette er rå musikk, med tung instrumentering og vokalisten Matt Smith si stemme er behageleg å høyre på. Tekstane er svært bibelsentrerte, så det er oppbyggeleg å lytte. Faktisk var det songen "Hide in the fairytale" som fekk meg inn på sporet med bibelleseplan igjen, etter ein litt "vinglete" haust.

Favorittsong frå plata: "I am"



Her kan du lytte til songar frå albuma i lista mi (med unntak av Burlap to Cashmere, som ikkje har lagt plata ut på Spotify endå. Eg har med nokre songar frå den førre plata i staden):





Og viss nokon skulle trekke den slutninga ut frå lista mi, at eg for det meste høyrer på musikk laga av kristne artistar, som lagar songar som anten er inspirerte av Bibelen, handlar om trua og Jesus eller er lovsongar til Gud, er det så nær sanninga du kan komme!

søndag 27. desember 2015

Topp 10 bøker 2015

Som vanleg er det vanskeleg å plukke ut dei beste bøkene frå året som har gått, både fordi eg har lest så mange gode, og fordi eg garantert har latt vere å lese bøker eg ville likt veldig godt. Det er jo så mange å ta av! Men av dei eg har lese, vel eg desse ti som årets favorittar:

 1) Jodi Picoult: Historiefortelleren

Notid og fortid vert fletta saman, og det som skjedde i Tyskland under andre verdskrigen får fyljer for hovudpersonen i dagens USA. Ei spennande historie vert fortalt, og vi får sjå det som skjedde  frå både fangen og fangevaktaren sin synsvinkel.

Eg likte boka særleg for dette at den ikkje er eindimensjonal. Som lesar vert ein litt glad i både dei "snille" og dei "slemme". Verda er ikkje svart/kvitt, noko også denne historia viser oss!

I tillegg til dette foretar hovudpersonen ei indre reise, og strevar både med skuldkjensle og kompleksar på grunn av eit stort arr i ansiktet.





 2) Maja Lunde: Bienes historie

Dette er ei svært fascinerande bok, og fortel ei viktig historie. Biene er, som tittelen seier, sentral i teksten, og i boka får vi møte dei i ulike historiske kontekstar. Først frå dei første forsøka på å bygge bikubar som fungerar godt, fram til dagens birøkting og vidare inn i eit tenkt framtidssamfunn, der fråværet av bier har snudd opp ned på verda.

I tillegg til å vere ei godt fortalt historie, og ei historie som viser kor viktig det er å ta vare på naturen, er det ekstra kjekt når det byrjar å dukke opp samanhengar mellom dei tre parallellforteljingane.






 3) Gaute Heivoll: Over det kinesiske hav

Denne forteljinga gjorde djupt inntrykk på meg. Det er særleg pappahjartet mitt som vert truffe (hardt!), og det er særleg ei enkelthending - som vidare set sitt preg på heile forteljinga - som er litt vanskeleg å lese om. Eg kan ikkje seie kva dette er, utan å røpe for mykje om handlinga - men du vil skjøne kva eg meiner viss du les den (eller allereie har lest den...).

Språket til Heivoll er utruleg flott, og korleis han konstruerer forteljinga er halve leseopplevinga! Dette er andre året på rad at eg har med Gaute Heivoll på lista mi. På topp ti-lista frå 2014 finn du boka "Før jeg brenner ned".




4) Synnøve Veinan Hellerud: Siste nytt fra vestfronten

Eg har med to sakprosabøker på lista mi, og den første er ei reise langs dei ulike stillingane på vestfronten i 1. verdskrigen. Med eit levande og skildrande språk tek forfattaren oss med på ei interessant reise, der vi både får vite korleis dei ulike stadane ser ut i dag, og kva som hendte der i løpet av dei fire krigsåra for hundre år sidan.

For meg var dette ei lærerik og interessant bok.







 5) Erika Fatland: Sovjetistan

Også den andre sakprosa-boka er ei reiseskildring, og turen går til fem land eg visste svært lite om på førehand. Dei gamle sovjetstatane Turkmenistan, Kazakstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan ligg sentralt plassert i Asia, og har vore åstad for mange små og store konflikter opp gjennom hundreåra. I sovjettida var det heller lite informasjon som kom ut frå landa, og fleire av dei er ganske lukka også i dag.

Fatland reiser frå land til land, skildrar naturen og folka og fortel om møter med enkeltmenneske og om styresett og samfunnsstrukturar. Det vert ei variert og lærerik reise i dette området, og eg følte meg litt klokare etter å ha lese den!



6) R.S. Thomas: Ein stad mellom tru og tvil

Eg har lese fleire gode diktbøker dette året, men den eg likte aller best var nok denne boka til R.S. Thomas. Tekstane er akkurat så passe tilgjengelege at det er mogleg å forstå kva forfattaren vil seie, samtidig som språket er lyrisk og symbolbruken rik. Dermed kan eg ofte tolke mine eigne kjensler og tankar inn i det eg les, og på den måten er det fleire av tekstane som treff meg. For eksempel dette vesle diktet kalla "Når vi er veike":



Når vi er veike, då er vi
sterke. Når vi lét att augo
mot verda, står ein stad
inne i oss ein busk 

i brann. Når vi er fattige 
og ser kor mangelfullt
bordet vårt er dekt, er det dit
den ubedne gjesten vår kjem.

Litt fleire dikteksempel og meir om boka i dette blogginnlegget.


 7) John Williams: Stoner

Ei stillferdig og gripande forteljing om Stoner, som kanskje ikkje er av dei som kjem heldigast ut i livet. Som lesar får eg sympati med han, samtidig som forfattaren held han litt på avstand. Han vert ein noko lukka person, både for omgjevnadane og meg som lesar.

Etterkvart som historia skrid fram, sit eg med eit intenst ynskje om at hovudpersonen må få oppleve den lukka han søker.








8) Harper Lee: Drep ikke en sangfugl

Dette er slett ikkje ei ny bok, og den har lenge stått på leselista mi. No var endeleg turen komen, og eg kan forstå kvifor dette har blitt ein klassiker.

I boka vert vi kjent med ein liten, avsidesliggjande landsby i dei amerikanske sørstatane, der skiljet mellom kvite og svarte gjennomsyrar heile samfunnsstrukturen.

Ein dag vert ein av dei farga arrestert, skulda for å ha voldteke ei kvit jente. Advokaten, som er far til hovudpersonen, får ein vanskeleg jobb, og saka pregar heile landsbyen.

Forteljinga er fortalt ut frå eit barns synsvinkel, og som lesar får vi innblikk i kva som skjer etter kvart som hovudpersonen opplever og fortel om hendingane.

 9) Emmi Itäranta: Kildens vokter

Eg er glad i dystopiar, og denne boka sette fokus på eit ganske jordnært problem i ei tenkt framtid: Kva om tilgangen til ferskvatn vart så redusert at myndighetene kontrollerar bruken og straffar - hardt - når nokon brukar ulovleg vatn?

Dette er utgangspunktet for denne boka, og hovudpersonen får ansvaret for å passe på ei hemmeleg kjelde med ferskvatn. Ho kjem snart opp i moralske dilemma, for medan ho sjølv har rikeleg tilgong til ulovleg vatn, vert folk sjuke og strevar med å overleve rundt henne. På toppen av det heile kjem ho og venninna hennar over ei plate med innspelt lyd frå tida like etter at 'den store katastrofa' inntraff.

Store val må tas, og ei spennande historie, både på det indre og det ytre plan, utspelar seg i denne framtidsverda. For nordmenn med uavgrensa ferskvasstilgong er dette ei ukjent problemstilling, men kanskje derfor også eit viktig tema å tenkje gjennom.


10) Siri Pettersen: Ravneringene (trilogi)

Eit av årets største leseopplevingar var dei tre bøkene i Ravneringene: Odinsbarn, Råta og Evna. Dette er fantasy-bøker, og historia er lagt til eit parallelt univers, der folk flest har hale, og evna til å trekkje til seg styrke frå jorda (i boka kalla "å famne"). Inn i dette samfunnet kjem Hirka, ei halelaus jente utan evne til å famne. I det forteljinga tek til, er ho komen i den alderen då ho skal møte "Seeren", ein helte-/gudeskikkelse, som er den øvste autoriteten i landet. Men ting går ikkje slik leiarane har tenkt det, og Hirka finn plutseleg seg sjølv midt i eit intenst drama.

I kvar av bøkene utvidar Pettersen hovudpersonane sine univers, og tilfører stadig ny kunnskap. Gamle fordommar må ryke, og noko vi får vite i eine boka, endrar plutseleg karakter i neste bok - akkurat som personane vert stadig meir komplekse utover i bøkene, og det er ikkje alltid godt å seie kven som er venn og kven som er fiende. Denne kompleksiteten er det eg likar aller best med bøkene, i tillegg til det faktum at helten i forteljinga er den einaste personen utan magiske krefter i det heile. Eit ganske annleis utgangspunkt for ein fantasy-serie!

Det skulle ikkje forundre meg mykje om denne bokserien ein vakker dag vert å finne som storfilm i tre/fire delar, á la Hobbiten eller Hunger games.

Filter



orda dine bygde meg
eit palass frå støvet
som eit filter for auga, eit forheng
mellom det vanlege
meg
og det nye aller heilagaste
der vegen min snor seg innover
mot lyset over horisonten –

eg hadde ikkje forstand
til å be om slikt,
og likevel har du teikna dette
levande bildet
framfor auga mine

alt eg ser herifrå
ser eg gjennom
dine filter


Luk 2, 30: For mine auge har sett di frelse

lørdag 26. desember 2015

Spotifyåret 2015

2015 nærmar seg slutten, og det er på tide å oppsummere - med andre ord: Det er kavalkadetid! Eg startar med litt ferdiglaga statistikk, servert av spotify. Det er vel lite truleg at denne oversikten er interessant for nokon andre enn meg sjølv, men pytt sann... Eg skal ikkje tvinge nokon til å lese verken denne eller andre kommande lister!

I løpet av året har eg spelt 142 ulike artistar, og over 1100 songar. Dei mest spelte artistane er:

1) Caroline Cobb
2) Kevin Max
3) Copperlily
4) Third day
5) JJ Heller

Det er naturleg at dei mest spelte albuma er blant desse artistane, og lista ser slik ut:

1) Kevin Max - Broken temples
2) Caroline Cobb - Sing
3) Caroline Cobb - The blood + The breath
4) Third day - Lead us back
5) Copperlily - Copperlily

Lista over dei mest spelte songane er noko meir einsformig...:

1) Kevin Max - Just as I am
2) Kevin Max - When we were young
3) Kevin Max - Clear
4) Kevin Max - That was then but this is now
5) Caroline Cobb - Your wounds

Spotify kan også gi kvartalsvis oversikt over dei mest spelte artistane. Mine sesonglister ser slik ut:

Vinter: Caroline Cobb, Copperlily og Tom Russell
Vår: Kevin Max, Third day og Caroline Cobb
Sommar: Kevin Max, Caroline Cobb og TobyMac
Haust: JJ Heller, Children 18:3 og Showbread

På denne spotifylista kan du høyre dei songane eg likar best frå artistane som er med i listene mine, og frå dei albuma eg har høyrt mest på i år:





torsdag 24. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #24



noko endrar seg i verda
ingenting er lenger som før;
alt vi visste, alt vi jobba for
alle tinga vi samla
og makta vi bøygde oss for –

no er det som skuggar
bleiknande under sola,
overstråla av eit teppe av lys
som fargar verda i nye fargar;
vegen går vidare – ut frå stallen

men du ser det ikkje med auga
- du ser oss vende heim
som etter ei reise –
men det er andre menn, andre hjarte
som vender tilbake til start

noko vert att i stallen
og noko i stallen vert med tilbake;
det vi gjorde før
er ikkje lenger så viktig –
dei liva vi lever no
er for barnet med tornekrona!