søndag 30. juli 2017

Ein tredje tilstand



Matt 6, 24: Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

fredag 28. juli 2017

Der du er



Joh 12, 26: Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra. 

søndag 23. juli 2017

Ein i vrimmelen


så vanskeleg det er å sjå
enkeltmennesket
i den store folkemengda

så vanskeleg å få auge på
den eine
med det knuste hjartet

midt i folkehopen
av menneske
med knuste hjarte
og lengtande sjeler

så er det som du zoomar inn
og fokuserer
retter blikket mot
akkurat denne eine

vinkar mennesket til deg
pustar liv i skulpturen av mold
og jublar
når du ser livsgnisten verte tent
i auga




(Luk 15, 10)
 

søndag 16. juli 2017

På ditt ord


framfor auga mine
står eit blindvegskilt;
hit går vegen, ikkje lenger

du ser det som er bakanfor –
ber meg fortsetje
tru, våge
ikkje stoppe
ikkje snu
… gå
berre gå

og eg går
eg går
på ditt ord
Herre
vil eg prøve
å gå




(Luk 5, 4-5) 
 

lørdag 8. juli 2017

Tomt prat






Jer 23:
16 Så seier Herren over hærskarane:
          Høyr ikkje på orda til dei profetane
          som profeterer for dykk!
          Dei gjer dykk tomme,
          dei fortel om syn frå eige hjarte
          og ikkje frå Herrens munn.
         
   
17 Dei seier til dei som foraktar meg:
          « Herren seier: De skal ha fred»,
          og til alle som følgjer sitt eigenrådige hjarte:
          «Ikkje noko vondt skal koma over dykk.»
         
   
18 Men kven har vore med i Herrens råd
          og sett og høyrt hans ord?
          Kven lytta til hans ord og lydde det?



søndag 2. juli 2017

Helga Flatland: En moderne familie

Splitter ny bok frå Helga Flatland! Endå ein gong har ho gjort det ho er aller best til: Personlege refleksjonar og innsiktsfulle studiar i menneskeleg åtferd, gjennom ei forteljing som er delt mellom ulike synsvinklar.

Utgangspunktet for forteljinga er dei tre søskena Liv, Ellen og Håkon, som er på familieferie i Italia for å feire faren sin 70-årsdag. Sjølv om dei alle tre er vaksne, den eldste 40 og den yngste 30, opplever dei alle saman ei dramatisk endring i liva sine då foreldrene annonserer at dei vil skiljast.

Sidan synsvinkelen skiftar mellom dei tre søskena, får vi innsikt i kva dei ulike tenkjer om både seg sjølv, sin eigen situasjon og dei andre familiemedlemene. Dermed vert vi godt kjent med alle tre, og vi, som lesarar, får innsikt i både mistydingar og ting som heilt medvite vert skjult for dei andre.

Språket er lett, og innhaldet innsiktsfullt. Det er ein imponerande prestasjon å klare å skrive ei heil bok med utgangspunkt i ein heilt vanleg familiesituasjon, og attpåtil klare å gjere forteljinga interessant!

Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke

Endå ein gong kjem Brynjulf Jung Tjønn med ei stillferdig og samtidig sterk bok. I "Alt det lyse og alt det mørke" er det først og fremst Vibeke som er hovudperson, og vi får innblikk i både lyse og mørke minner frå hennar barndom, ungdomstid og vaksen alder.

Forteljinga startar med at dottera Hildegunn oppdagar at ho er gravid, og kjem på besøk til mora. Ho har ikkje treft mora sidan ho var lita jente, men no søker ho tilbake til røttene. Kanskje ynskjer ho å forstå litt meir av det som skjedde den gongen dei kom og henta henne og dei ikkje lenger kunne bu saman.

For å forstå, må vi vite kva som styrer Vibeke sine handlingar og tankar, og gjennom alle glimta i boka, både gjennom det som vert sagt og det som vi berre må gjette oss til, får vi teikna eit meir komplett bilete av henne. Det heile kulminerar i ei drastisk hending som vert eit før og eit etter i både Vibeke og Hildegunn sine liv.

Tjønn beherskar språket godt, og skriv aldri meir enn det som er absolutt naudsynt for å få fram forteljinga. Kapitla er korte, og det er mykje luft på sidene. Dette er med og lyftar fram det knappe og poetiske språket.

Det einaste som irriterar meg, i alle fall i starten av lesinga, er den konsekvente bruken av orda "noe" og "mye". I eit ellers vakkert nynorsk språk, verkar bruken av desse to orda som forstyrrande element i heilskapen.

Boka inneheld ei vakker og sår forteljing, og er absolutt ei forteljing du bør ha med deg!

Ein veg med mål







1 Kor 9, 26: Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta.