mandag 29. februar 2016

Bøker lest: Februar 2016

1) John Boyne: Gutten på toppen av fjellet

John Boyne har nok ein gong sett søkelyset på korleis born vart råka av 2. verdskrigen. I "Gutten i den stripete pyjamasen" kan vi sjå på hovudpersonen som eit uskuldig offer for det groteske regimet. Også "Gutten på toppen av fjellet" har dette som utgangspunkt, men hovudpersonen må sjølv leve med skuldkjensle og skam i etterkant av vala og hendingane han er med på.

Pierrot veks opp i Paris, med fransk mor og tysk far. På kort tid mister han begge foreldra, hamnar på barneheim og vert etterkvart sendt til tanta si i sør-Tyskland. Problemet er berre at tanta jobbar som hushjelp på Berghof, landstaden til Adolf Hitler. Her vert guten inspirert og forma av tankane til Hitler, noko som får fatale konsekvensar for både Pierrot og dei han har rundt seg.

Boka er skriven for ungdom, men kan godt lesast også av vaksne!

2) Charlotte Riise: Der vi gøymer løyndommar

Dette er ei diktbok med eit mørkt bakteppe. Utgangspunktet er sjukdomen Anoreksi, og gjennom dikta vert vi med på ei reise inn i kampen mot sjukdomen og kampen for frigjering.

Her er mange mørke tekstar, men også glimt av håp! Dette er ei bok som fortel om ei vanskeleg side av livet på ein fin måte.









3) Sema Kaygusuz: En bønn faller til jorden

Den tyrkiske forfattaren har her skrive ei gåtefull og fascinerande bok. Gjennom to ulike forteljingar vert vi tekne med inn i grenselandet mellom fantasi og røyndom.

Bibliotekaren Leylan har eit heller dårleg forhold til bøker, og det er då heller ikkje mange som kjem for å låne bøker i det vesle biblioteket. Faren hennar ligg under for alkoholmisbruk, og er på sikker ferd mot å drikke seg i hel. Ryktene i landsbyen byrjar å gå om at Leylan har tenkt å ta livet av han, medan det i realiteten forheld seg stikk motsett; Ho gjer det ho kan for å redde han.

I den andre delen, som kan tolkast som ei forteljing Leylan fortel til faren, møter vi att personar og hendingar frå den første delen. Hovudpersonane, Leylan si mor, som har stukke av, og sonen hennar, legg ut på ei strabasiøs reise. Her kjem dei ut for ei rekke merkelege og snodige hendingar

Boka er fascinerande lesing, er godt fortalt og set verkeleg fantasien på prøve!

4) Kari Vinje: Den vesle jenta og den store tyven; Kamillas venn; Tyven og tyvebarnet; Den lille spionen

Dei fire bøkene om Kamilla Pytten og Sebastian Kåk eignar seg godt til høgtlesing om kvelden. Vi har lest bøkene for Lise ved leggjetid, og det er både spennande og lærerike forteljingar! I tillegg er det sjølvsagt ein god dose nostalgi for oss vaksne, som har desse forteljingane med oss frå vår eigen barndom.

Kamilla vert kjent med Sebastian rett etter at han gjorde seg til tjuv første gongen. I bøkene følgjer vi vennskapet mellom desse to, og dei møter mange utfordringar og fordommar. Sebastian vert etterkvart ein eks-tjuv, men livet vert ikkje enklare av den grunn.

Her ergode forteljingar og mykje basic trusundervisning!


5) Roald Dahl: Charlie og sjokoladefabrikken

Også denne boka har vore høgtlesingsbok i februar. At boka har kome i nynorsk-utgåve er ein ekstra bonus!

Historia om fattige Charlie som får vere med på ei fantastisk rundreise i sjokoladefabrikken til Willy Wonka og endar opp som eigar av heile sulamitten er herleg galskap og god underhaldning!









6) Edvard Hoem: Bror din på prærien

Dette er fortsetjinga til boka "Slåttekar i himmelen", og den startar akkurat der den første boka endar. Skrivestilen er den same, gode, og vi vert dregne med ut på prærien i Sør-Dakota og Alberta, og inn i den storslegne naturen rundt Molde.

Det er Edvard Hoem si eiga slektshistorie som vert fortalt her, men den vert så godt fortalt at den også kan lesast nærast som eit historisk dokument. Forfattaren er nøye med detaljane, og som lesarar sit vi att med auka kunnskap - ikkje berre om utvandringa som historiske hendingar, men også om tankane, dei vanskelege vala og dei menneskelege utfordringane både emigrantane og dei som sat att møtte.

Bror din på prærien tek oss med inn i det nye århundret, 1900-talet, og endar rett før utbrotet av 1. verdskrigen. No sit eg her med kryssa fingrar og inderleg håpar forfattaren jobbar med ei tredje bok i serien!

7) Sara Gruen: Ved vannkanten

Utgangspunktet for denne forteljinga er alle mytene rundt monsteret i Loch Ness i Skottland. Historia er lagt til vinteren 1945. Madeline og ektemannen legg ut på ei farefull ferd over Atlanterhavet saman med deira beste ven. Ubåtane trugar i djupet, og motivet for reisa er meir uklart enn det ser ut som i utgangspunktet.

Dei tre amerikanarane tek inn på eit lokalt hotell, men opphaldet vert heilt annleis enn Madeline hadde sett for seg. Medan monsteret Hitler herjar i Europa, og monsteret i djupet fortset å vere eit mysterium, er det eit heilt anna type monster Madeline må sjå i auga.

Ei velskriven og godt fortalt historie, med somme mystiske element og ein god dose realitetsorientering for overklassejenta Madeline!


8) Sadie Jones: The uninvited guests

Eg har aldri hatt noko sans for spøkelseshistorier, men eg har stor sans for Sadie Jones sitt forfattarskap. Difor gjekk eg også laus på denne mystiske forteljinga, som er både snodig, intens og morsom på same tid.

Emerald skal feire fødselsdagen sin, og huset er klartgjort for både gjester og selskap. Så skjer det ei tragisk togulukke på eit sidespor like i nærleiken, og ein god del passasjerar frå toget vert innlosjert i det gamle, engelske herskapshuset. Det vert ein uvanleg kveld, med mange merkelege hendingar og store avsløringar.  Og det er særleg den merkelege gjesten Charlie Traversham-Beechers som set sitt preg på kvelden. Det er som ei mørk sky legg seg over huset...



9) Kari Vinje: Gud og jeg er venner

Dette er ei både klassisk og likevel aktuell bok. "Gud og jeg er venner" består av ei rekke mindre forteljingar, og hovudpersonane er Julie Antonsen, mor hennar og venninnene Emma og Magda.

Gjennom kvardagslege situasjonar og problemstillingar tek forfattaren opp ulike sider ved det å leve som Guds barn. Boka er som ei lita "truslære" for barn. Og sidan tema i forteljingane er daglegdagse og kjente også for barn i dag, er det ikkje noko problem at det er over tretti år sidan den vart gitt ut.

Denne kjem nok til å bli lest om att fleire gongar!



10) Ian Buruma: År null

Dette er ei gullgruve for alle som er interesserte 2. verdskrigen, følgjene av krigen i Europa, Sør-Asia og Japan og nyare historie generelt.

Gjennom ei godt komponert og velformulert bok, gir den nederlandske historikaren Ian Buruma ei skildring av kva som skjedde i dei ulike landa som vakna opp frå den seks år lange, øydeleggjande krigen i 1945. Gjennom personskildringar og glimt inn i kvardagslege situasjonar i fredsåret, teiknar han eit oversikleg og detaljert bilde av ei verd i ruinar. Mange val måtte gjerast, mange kjensler måtte få uttrykk og mange liv måtte byggjast opp frå eit nullpunkt.

Ian Buruma startar der dei fleste bøker om 2. verdskrigen sluttar, og i alle fall for min del var dette svært lærerik lesing!





søndag 28. februar 2016

Inn i mørket



inn i denne beksvarte natta
med attlatne auge
og tankane vende feil veg;

så sterk eg var
i mi sjølvrettferdig bygde
og polerte tru

så dum eg var
her eg bygde opp mine murar
med steinar eg sjølv hogde ut –

og så kom natta,
ei knusande bør av framande ord
reiv ned alt eg kjende som mitt

og eg stod att, her
med attlatne auge
og tankar eg ikkje lenger forstod

-

men du bad for meg, du visste,
alt før dette mørket kraup inn
såg du dagen som demra i aust




Søndagsteksten:
Luk 22, 31-34: Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.» Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

søndag 21. februar 2016

Kaste det vekk



så byggjer vi ein mur
tvers gjennom landskapet

ein mur mellom fjella,
eit vern for alt som er vårt;

så byggjer vi opp alt innanfor,
ein by å bu i, eit hus å leve i

og byen lever, byen veks
vi står stødige midt i tidsstraumen –

til muren ein dag må smuldre opp
og framande hærar rykker inn

riv byen ned, hus for hus
let etter seg ei steinrøys, eit minne

og dalen ligg igjen stille, blomar får gro
der føtene trakka dei ned...

-

kva står att, kva er tilbake
- anna enn ruinar?

eg sit her i dalsida og ser
og kan ikkje la vere å tenkje:

vi kastar det vekk, alt saman,
villar oss vekk i tome val;

i morgon skal eg gjere noko betre
vende meg til noko anna –

noko som varer lenger enn veike byar,
står støtt midt i ville elvar




Jes 55, 2: Kvifor bruka pengar på det som ikkje er brød, og arbeid på det som ikkje mettar? Høyr no på meg, så skal de få eta det som godt er, og fryda dykk over feite retter.

søndag 14. februar 2016

Miste av syne



kven visste vel om tyngda
av dette mørket
som hadde lagt seg
som eit blylodd
over sjela di;

kven tenkte lenger
enn til sitt eige hjarte,
uvissa over framtida
som no såg ut til å synke
mot unåelege havdjupner

vi gjekk i ein dis,
ensa ikkje anna enn frykta
skriven i bankande blod
der auga leita etter feste,
og i frykta mista vi deg av syne;

så vi let deg gå,
let deg kjempe aleine
mot mørket, mot redsla
som greip deg så mykje sterkare
enn nokon av oss kunne fatte –




Matt 26, 38-40: Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?