lørdag 27. januar 2018

Følgje orda og vinden






Rom 10,17: Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

onsdag 24. januar 2018

Joyce Carol Oates: Vi var familien Mulvaney

"Vi var familien Mulvaney" er ei av forfattaren Joyce Carol Oates sine mest kjente bøker, og vart skriven midt på 90-talet. For nokre år sidan vart den oversett også til norsk, og det var på høg tid! Dette er ei storslått forteljing, og historia riv lesaren med inn i eit intenst familiedrama.

Som tittelen seier, er det familien Mulvaney som står i fokus. Far og mor, tre brødre og ei søster. Pluss ei mengde hundar, kattar, hestar og ein kanarifugl. Dei bur på ein liten, avsidesliggjande og idyllisk gard, og er respekterte borgarar i den nærliggjande byen i staten New York.

På ein ungdomsfest i byen vert dottera utsett for eit overgrep, og derifrå byrjar ting å rakne. Som lesar får vi vere med i heile den destruktive prosessen, og ein kan ikkje unngå å bli engasjert i og fortvila over dei vala som vert gjort og det familien vert utsett for.

Med stor psykologisk innsikt, og ein forteljeteknikk som fører oss like inn i sjelslivet til dei ulike personane, gjer at vi får sympati med alle familiemedlemene, og ei viss forståing for handlingane deira. Endå dei handlingane ein kan sitje og rive seg i håret, kaste boka i veggen og skrike høgt over. For dette er ei bok som kjem nært på det å vere menneske, og her er ingen superheltar eller superskurkar. Berre menneske ein kan synast så inderleg synd på, og heldigvis innimellom glede seg saman med når det går godt.

For deg som er glad i "the great, american novel", kan eg garantere at denne boka vil vere eit funn!

lørdag 20. januar 2018

Skuggen mellom trea





Joh 4, 10: Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»

lørdag 13. januar 2018

Rekkjefølge



det er alltid slik;
eg går gjennom døra 

        det var du som laga døra
        og kjem etter og gjer den større 

eg seier eit ord til min neste
fortel ei historie om deg 

        det var du som skapte orda
        og kjem etter og gjer dei betre 

eg rekk ut ei hand, vil hjelpe
ein som treng denne handa 

        det var du som skapte handa
        og kjem etter med læking og fred 

slik er det, slik må det vere
heile vegen fram




Mark 1, 6-8: Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

lørdag 6. januar 2018

Der vi må ta av skoa



det finst ingen båsar som passar
eller etikettar som kan markere
med tydeleg skrift
kven du er

det finst ingen med einerett
eller nokon som kan seie dei eig
den vegen du har lagt
eller den du er

det finst ingen som kan styre
eller legge føringar for handlingane
dei meiner du skal gjere
for oss

det finst ingen kontrollar

det finst ingen kjente parameter –

du er å finne for dei som leitar
men alltid på din eigen banehalvdel,
der vi må ta av skoa for å trø
og hjartet vert omskapt i gløden
frå blikket ditt





Luk 2, 49: Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?»