søndag 28. juni 2015

Vaklande, solid




eg som alltid vakla
mellom eigne svik
og eigne mistak

eg som alltid var svak,
vingla mellom meiningar –
vende blikket dit vinden blas

eg som alltid bøygde av
ved første motstand,
snudde ved første hinder

og gjekk dei enklaste vegane
som likevel aldri førte fram
dit eg burde

eg, dette egosentriske vesenet
med korthustankar og
falleferdige draumar –

og så skulle eg likevel oppleve dette;
ein siger – trass i alt
som er meg og mitt:

i mørkaste natta, i hardaste stormen
finn eg meg oppreist, stødig
som ein betongkoloss imot vinden

stødig, om enn på vaklande bein,
for grunnen eg står på er fast;
det er nokon – nokon større

som held meg oppe




Matt 7, 24-25: Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.

søndag 21. juni 2015

Lengtande blikk

1 
desse lengtande blikka,
orda som aldri får tak;
eg strekk hendene fram
grip det hjartet attrår
og trykkjer det tett til brystet,
legg det forsiktig
saman med alle mine skattar

og dei lengtande blikka
i mørket – flammar som strekk seg
stadig nærare;
eg veit utfallet av denne kampen
men kan ikkje anna
enn vakte kammeret
dag ut, dag inn, år etter år

lengtande blikk, kva er det de vil,
kvifor stemner det meg
som for retten?
dagar går, veker går
eg er ein skugge av meg sjølv,
låst til denne døra
og alle skattane – mine vakre skattar
på andre sida, som magnetisme



2
ikkje før eg vaknar siste natta
og kjenner att dei lengtande blikka
som mine eigne,
ikkje før orda trengjer gjennom
frå min eigen munn
og eg forstår; eg er aleine –

ikkje før eg riv opp boltane
låser opp kvar einaste lås
og skyv opp døra,
ikkje før eg ser at døra er ein fasade,
bak finst det ingenting – alt er borte;
ikkje før eg ser at alt eg vakta
var luft
vert eg fri



Matt 16, 26: Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?



lørdag 13. juni 2015

Tablå



1
det er eit sørgjeleg syn
eit tragisk bilde;

eg høyrer lyden av slipte knivar
og lammet, i midten – eit offer

rundt står det vanlege menneske,
groteske i alt sitt uvit




2
det er eit skremmande syn
eit svartmalt bilde;

eg ser blodet på marka, og smerta
som eit andelaust klynk i mørket

rundt står det vanlege menneske,
tafatte i all sin udåd




3
det er eit mektig syn
eit hittil ukjent tablå;

eit lam fell tungt mot jorda,
ei løve stig fram i morgongryet

rundt står det vanlege menneske;
gjennom døden gjekk vegen til livet




Joh 1, 36: Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»