søndag 31. mai 2015

Nytt syn







I same stunda jubla han i Den Heilage Ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

Luk 10, 21 
 

mandag 25. mai 2015

Kor det er

Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur, har evig liv. (Joh 6, 47)



det er ikkje i svevet
det er ikkje i fallet

det er ikkje i distansen
eller djupet

det er ikkje i tredimensjonale linjer
eller i tida som renn i timeglaset

det er ikkje i mengda
heller ikkje i mangelen

det er ikkje i kysset
det er ikkje i slaget

det er ikkje på vegen
opp eller ned, fram eller tilbake

det er ikkje på kontoen din
det er ikkje i lomma, eller i auga

det er ikkje ein gong
i ditt eige hjarte, eller i din eigen tanke –

det ligg fast, som grunnfast
i noko utanfor alt dette

og du, du kan rette ut handa,
la det sildre gjennom livet ditt

om du vil
 

søndag 24. mai 2015

Dobbeltsyn



eg har to sett auge,
to sett tankar:

eitt som filtrerar lyset
etter dei elektromagnetiske lovene

eitt som filtrerar verda
gjennom ord som ikkje er mine

to auge, som ikkje overlappar
men ser alt som frå ulike dimensjonar –

tankane svevar i sine eigne baner,
er bundne til verda – som ved gravitasjon

og så er det dei andre, dei framande
som er mine på eit sterkare plan:

dei som bryt med alt som er mitt,
og krev sanning, krev nåde, krev truskap

krev å få fargeleggje verda
med godleik frå Guds eige hjarte –





Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk.
Joh 14, 16-17 

 

lørdag 23. mai 2015

Likevektslova



det er samanhengen eg held fram,
den usvikelege logikken;

at det som renn inn
er det same som kjem ut -

at det du fyller oppi glaset
er det du får å drikke,

at orda du puttar i øyret
seinare kjem ut frå munnen

at det gode du gjer i verda
er det du har fylt i hjartet  




Joh 7, 37-38: Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»

søndag 17. mai 2015

Grensekryssar



eg vaklar, eg snublar
i den tynne lina
mellom lys og skugge;
den sylskarpe eggen
som krev mitt hjarte
til rekneskap

var eg heil
var eg tru i mine tankar
var orda rettferdig balansert
i sanninga –

eg snublar vidare
gjer mitt beste for å falle
på den riktige sida



(Joh 3, 19-21: Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»)

torsdag 14. mai 2015

Det står eit namn



det kviskrar eit namn
gjennom skogen
av namnlause tre,
det kviskrar ei stille skjelving
i vindstille lauv

det går eit namn
som vidopne auge tek inn,
eit stille gisp
og hjartebank
- det går eit rykte
om galgar som brenn

det ropar eit namn
i den døyande skogen
med urgamle sakn,
det skrik i redsle, det skrik i glede
for det gamle, for det nye

det står eit namn
som urokkeleg fjell
- det kan bli ditt
seier røysta, sakleg
over alle emosjonar,
no er det realitetar det gjeld –



(Luk 24, 46-48: og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.)