onsdag 29. juli 2015

Mold møter nåde



mold møter mold
der føtene rører bakken;
molekyl mot molekyl

eg står stødig, eg
er eit menneske
skapt, ja forma av molda –

mold møter ånd
der hjartet vert lyfta av Gud
mørker vik for lyset

og auga mine, desse
vindauga inn i universet
retter eg mot krossen

der svik møter nåde
når alt mitt vert lyfta fram
og lyfta bort

så går eg på molda
frå støv til støv, men ikkje aleine
langs vegen Jesus la for meg



Luk 9, 23-26: Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne? For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom.

søndag 26. juli 2015

Noko her




det er noko her, rundt meg
eit fråvær
av ein skugge

noko som hang over meg
men ikkje lenger

det er noko her, rundt meg
eit nærvær
av noko lyst

noko eg aldri har kjent
før denne timen

det er nokon her, ved meg
ei kjærleg stemme
som eit vern

         nokon som vil meg godt; 
         lar meg starte heilt på ny 






Joh 2, 10-11:  Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»

søndag 19. juli 2015

Gripe sitt eige

eg riv all min lengt
i småbitar, held dei i handa

riv all min kjærleik, alt mitt håp
alt eg er og har – i småbitar

porsjonerer det ut;
dette er mitt, dette er ditt…

ser du alle kategoriar, ser du
korleis bakken brenn der eg står

alt smuldrar, alt rasar;
eg grip det som er mitt

og spring

frå resten, det vesle som er att
let eg liggje att – til deg







Mark 12, 41-44: Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre. Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

søndag 12. juli 2015

Synsvinklar




1
lette sommarfuglvengjer
stryk over hjarteveggen

det var denne stemma, desse orda
eg lengta etter å høyre

det var dei eg trengte
utan å vite det

2
han som står her under treet
med auge som ser – alt

veit korleis murar vert bygde
og korleis dei skal rivast

han som står her, ser framtida
sjølv i forkrøpla hjarte

3
og så er det dei som står rundt
med sine plaster og krykkjer og sår

så raske til å rope ut
om flengjene i andre si sjel

så blinde for det reflekterande
måneskinet, som no kan nå også dei




Luk 19, 5-7: Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus.» Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. Alle som såg det, murra og sa: «Han tek inn hjå ein syndig mann.»

søndag 5. juli 2015

Eg ser kven du er



eg ser kven du er
i kjærleiken,
at du ikkje vik med blikket
men held meg fast,
let meg tru
at eg er noko
for deg

eg ser kven du er
i nåden,
at det som tyngjer meg
ikkje får dra meg ned,
men at du lyfter det av,
gir meg ein ny sjanse
endå ein gong –

eg ser kven du er
i kallet,
at eg ikkje går aleine
på denne steinete vegen,
men har ei støtte, ei stemme
som leier og ber meg
framover – heile tida framover

eg ser kven du er
i livet,
det myldrande livet
som strøymer som ei elv
rundt og over meg, på alle kantar
i alt dette som du har skapt
ved ditt ord

eg ser kven du er
i døden,
når siste pusten siv ut
og siste ordet er sagt
og siste steget gått
på vegen som var meint for meg,
då er du der
tek imot meg
med opne armar





Matt 16, 15-16: «Og de», spurde han, «kven seier de at eg er?» 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»