onsdag 20. september 2017

Hannah Rothschild: Kjærlighetens usannsynlighet

Hovudpersonen Annie har blitt svikta av ungdomskjærasten, og finn seg sjølv i ein noko rotlaus og rastlaus kvardag som kokk for ein rik kunsthandlarfamilie i London. Ho ber på ein stor draum: Å ein dag kunne starte sitt eige cateringbyrå, og arrangere storslåtte temamiddagar.

Ein dag dumpar Annie tilfeldigvis borti eit nedstøva maleri i ein brukthandel. Ho kjøper bildet, noko som skal forandre livet hennar totalt. Bildet har ei svært spesiell forhistorie, og i jakta på sanninga bak maleriet, kjem Annie borti både nye venner og nye, farlege fiendar. Det er nemleg ikkje alle som er like begeistra for at akkurat dette bildet er i andre hender enn sine eigne...

Historia er fortalt frå fleire ulike synsvinklar; Fleire av personane i boka vekslar på synsvinkelen, og innimellom kjem til og med maleriet sjølv til orde. Bakgrunnen for bildet vert rulla opp, og undervegs vert store hemmeligheiter avslørt. Samtidig får vi eit godt innblikk i miljøet som er interessert i gamle maleri - både korleis dei avgjer verdien på bilder, og korleis ein finn ut om eit bilde er ekte eller ikkje.

For Annie sin del vert reisa ei berg- og dalbane, og det er ikkje sjølvsagt at ho vil lande med beina på bakken. Enkelte av personane ho møter er så redde for å bli avslørte at dei ikkje skyr nokre middel for å nå målet.

Historia er både spennande, romantisk og lærerik, og er fortalt på ein fin måte av forfattaren!