onsdag 5. februar 2014

Reine, skjære fakta

Når eit barn er 12 veker gamalt, ser det om lag slik ut:


Dette er ei dukke, laga etter dei måla og dei kunnskapene vi har om 12 veker gamle foster. Mellom 52 og 55 mm lange, mellom 10 og 20 gram (om lag som eit vanleg brev!). Alle ytre trekk er etablerte, og kjønnsorgana byrjar å få sine karakteristiske trekk. Hjartet har slått taktfast i 7 veker allereie, og hjernen har jobba på høggir endå lenger. Nervesignala går rundt om i kroppen, og stadig fleire av dei indre prosessane er sett i gong.

Blant anna er mange av hormonkjertlane godt i gong med sine oppgåver, og blodet byrjar å bli tilført isulin. Dette stoffet er heilt naudsynt for å kunne regulere blodsukkernivået. Og sukkeret i blodet? Det kjem sjølvsagt frå mora via morkaka. Barnet har aldri felles blodomløp med mora, men blodårene ligg så tett inntil kvarandre at stoffa kan gå gjennom åreveggane ved hjelp av diffusjon. Det er den same prosessen som når vi pustar inn luft og bytar ut CO2 i blodet med oksygen!

Av den grunn så kan vi altså ikkje seie at barnet på noko stadium i utviklinga er ein del av mora sin kropp, sjølv om det er heilt avhengig av mat frå mora for å overleve. Då, nett som etter at det er født.

Mange av rørslene til barnet er fortsatt refleksar (men ikkje alle!) Det er hardt arbeid å få kontroll på ein heilt ny kropp...

Når eit menneske er tolv veker gamalt, som på bildet over, og har alle trekk som høyrer eit menneske til på plass, har det allereie gått gjennom ei lang lang reise, men ikkje ei reise utan mål og meining. Det har fulgt ei oppskrift! Og denne oppskrifta vil det fortsette å fylje resten av livet, heilt til vedkommande dør (forhåpentlegvis etter eit langt og godt liv)

Heilt sidan barnet såg ut som på bildet over - ein "klump" med celler i rask vekst, og endå litt før det - medan det endå var ei einaste einsleg celle, har DNA vore på plass. DNA vert kopiert ved kvar celledeling, og på den måten har alle cellene i kroppen eit fullstendig sett med oppskrifta til korleis barnet skal vekse og utvikle seg. Hårfarge, fingerlengde og augefarge ligg allereie bestemt i gena i det som endå er berre ei lita ansamling med celler.

Det går sjølvsagt an å seie, frå eit ytre perspektiv, at det er umogleg å vite kva denne klumpen med celler skal bli eller er, og dermed heller ikkje kunne tillegge den noko verdi som menneske.

Det er likevel det reine, skjære fakta at har cellene DNA frå to menneske, ein hann og ei ho, så kan ikkje samlinga bli noko anna enn eit menneske. Det vert ikkje ein blome, det vert ikkje ein katt, det vert ikkje ein elefant... Det er og blir verande eit menneske.

Eit fullstendig, komplett og fantastisk MENNESKE.

Frå første celle.