mandag 16. november 2009

Vegval

Herre, syn meg dine vegar, og lær meg dine stigar! Lat meg få ferdast i di sanning; lær meg, Gud, for du er min frelsar! Eg ventar dagen lang på deg. (Sal 25, 4-5)

Ofte skulle eg ynskje at den rette vege å gå låg framfor meg slik som dette:


Tenk så greit! Ingen vanskelege val. Ingen problemstillingar eg aldri får svar på. Inga grubling og fundering og hovudkløing, berre beine vegen. Så godt det hadde vore!

Desverre er det meir slik:

Korleis kan ein velje det rette? Skal eg svinge til høgre, venstre eller fortsette rett fram?

Heldigvis har vi ei god kartbok. Bibelen. Eg syns det er vanskeleg å velje rett, sjølv når eg les i den, men eg får i alle fall litt meir peiling på den rette vegen.

Og så får eg be Gud om å vise meg den rette vegen. Han plar svare i rette tid. Dessutan har vi også den flotte songen "Der det nye livet lever", som inneheld strofa: "Med heile verda som sitt mål, kan ingen gå seg vill." Vi er i Herrens hender, han leier dit han ser er best, og uansett kor i verda vi er, så kan Herren bruke oss i si teneste.

Min konklusjon vert difor: Eg les i Bibelen og ber, og stolar på at Gud leier meg dit han har bruk for meg og der den rette staden for meg er.

søndag 15. november 2009

Inga skam

"Eg vender alltid mine augo mot Herren, for han dreg mine føter ut or garnet. Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud." (Sal 25, 15-16)

Det er inga skam å be om hjelp.

Det er inga skam å be om tilgjeving.

Det er inga skam å innrømme sin feil og manglar.

Det er inga skam å gå til Gud med alt som er gale.
Når du er treng hjelp, er det lurt å spørje om hjelp. Og det er lurt å spørje om hjelp på den rette plassen.
Gud sviktar aldri den som kjem til han og ber om utfriing.
Du kan alltid gå til Gud.

lørdag 14. november 2009

Forsoninga

"Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då hans Son døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då bli frelste ved hans liv!" (Rom 5, 10)

Dette bibelverset fortel noko av det mest sentrale ved frelsa Gud gir. Forsoninga, det store oppgjeret der Gud kjenner oss rettferdige, skjedde medan vi endå var fiendar av Gud! Gud sat altså ikkje i himmelen og studerte jorda og tenkte: "Når menneska vender om til meg og ser at dei treng at eg frelser dei, DÅ skal eg komme til jorda og berge dei som trur på meg". Nei, Gud kom medan vi endå ikkje hadde nokon tanke om eiga frelse, medan trua på Gud var ikkje-eksisterande (for dei fleste), medan dei fleste ikkje ein gong visste at dei trengte Gud.

Gud kom likevel. Han vart menneske likevel. Medan vi endå gjorde mot Guds vilje, gjekk han heile vegen opp til Golgata, lei seg gjennom alle timane på krossen, var tre dagar i dødsriket. Så sigra han over døden, stod opp att og sende sin Heilage Ande til å opne augene og hjartene våre. Takk og lov!

Så no kan vi bli Guds vener. Ikkje fordi vi søkte Gud først, men fordi han elska oss og søkte oss. Vi er Guds vener, fordi Gud lever som han seier. Han elskar sine fiendar. (Matt 5, 44)

mandag 9. november 2009

Krossen

Har nettopp lest eit tankevekkande innlegg på denne bloggen. Innlegget handlar om det å ikkje ville ha noko med Jesu kross å gjere.

For oss som er kristne er krossen så viktig, at utan den ville det ikkje vore noko kristendom. Utan krossen er trua mi utan meining. Utan krossen finst det ikkje noko håp for æva. Heldigvis er vi ikkje utan krossen!




Det er eit uttrykk som heiter "å klynge seg til krossen". Dette syns eg er eit godt uttrykk. Med uttrykket meinast det ikkje å klynge seg til tortur-reiskapen "kross", men til den nåde, kjærleik og tilgjeving som Jesus gjev til alle som kjem til han med syndene sine og legg seg ned for Jesu føter. Det er mange menneske som har døydd på ein kross, og det er ikkje nåde i trestokkar, like lite som det er nåde i den elektriske stol eller i giftsprøyter.

Nåden er hos Jesus. Jesus vart hengt på eit kross. Der døydde han, og sona alle våre synder. På krossen såg han sjølve helvete i kvitauget, og møtte alle dei pinsler og straffer som eg skulle møtt. På krossen gav han livet sitt. Eit liv som var heilagt og syndfritt. Han gav livet sitt, og alt var for mi og di skuld!

Så når eg seier "eg vil klynge meg til krossen", meiner eg at eg vil klynge meg til Jesu kross. Eg vil klynge meg til Jesu forsoning.

I dag er krossen tom. Krossen som Jesus hang på eksisterar ikkje lenger. Tømmeret er gått i oppløysing og tilbake til molda. Men det Jesus gjorde på krossen vil aldri gå tapt. Aldri!

Eg trur på ein tom kross. Eg trur på ein levande frelsar. Eg trur på ein nådig Gud. Eg trur på ein Gud som elskar meg så høgt, at han gjekk i døden for meg. Eg trur på ein evig himmel. Hos Jesus.

Så kan liberale teologar og ikkje-kristne seie kva dei vil om krossen.

Ingen kan ta vekk Jesu død.
Ingen kan ta vekk Jesu oppstode.
Ingen kan ta vekk Jesu nåde.

fredag 6. november 2009

Children can live - dc Talk

I vårt samfunn så har vi eitt problem som er større enn dei fleste andre, eit "moderne" barbari utan sidestykke. Nemleg sjølvbestemt abort. Retten til å avslutte eit liv, berre fordi ein vil. Rett til å drepe. Uskuldige. Forsvarslause. Tause, men likevel menneske. Menneske som er skapt av Gud, elska av Gud og med uendeleg verdi.

Eg må setje moderne i hermeteikn, for det er lite som er moderne ved denne praksisen. Viss eg lausriver meg frå min eigen kultur, og ser den litt frå utsida, er dette den type handlingar eg gjerne kunne lest om i eit historieblad. Hendingar som føregjekk i eit, for oss, usivilisert samfunn med reglar som vi i vårt demokrati tykkjer er forkastelege. Eg tenkjer for eksempel på aztekarane i det gamle Mexico. I denne kulten var menneskeofring nærast ei dagleg hending. Skulle gudane vere nøgde, måtte menneske bøte med livet. Det var helst menneske frå fiendtlege stammar og kulturar som vart ofra, og ved somme høver var det reine massemordet som gjekk føre seg i aztekartemplet. Blodet flaut, og eg, med min siviliserte og vestlege bakgrunn, føler avsky og kvalme med tanken på desse hendinga.

Kanskje er det slik ettertida vil dømme oss som lever i Norge og vesten i dag. Dei vil lese om kulturen vår i historieblad, lese om alle abortane, drapa på uskuldige foster, og tenkje: "Eg er jammen glad slikt ikkje kan skje i vår moderne verden. Tenk at dei var så barbariske."

For det er det vi er. Barbarar. Alle vi som nesten ikkje løftar på veslefingeren, endå vi veit at 16 000 uskuldige liv vert drepne, KVART ÅR, i vårt "siviliserte", "opplyste" og "moderne" land.

Vi er barbarar.

Denne sangen grin eg kvar gong eg høyrer. Og kvar gong eg høyrer den, får eg lyst til å storme eit mediehus, stille meg framfor kamera og spørje: "Er det ingen som har tenkt å gjere noko? Er vi så sløve og kaldhjerta? Finst det ikkje rettferdige menneske att?"

Songen heiter "Children can live (without it)", og det er gruppa dc Talk som har laga den.


I don't want another country
I want ta recognize intent
Of our forefathers when they wrote
Precisely what they meant
Taken on the form of christian
But the power is denied
In god we trust only when we lust
For the apple of our eye
One nation under god
With morals out of proportion
An end result is murder
Under legalized abortion

Children can live without it
Who's gonna take it away?
Children can live without it
Maybe we'll learn someday
Oh, that we'll learn, i pray

A miracle of god
Now looked on as a choice
It's time for all his children
To unify a voice
With influence in our numbers
And power in out prayer
We must defend the children
And fight for what is fair
What appears to be an upset
Can change its ugly course
And we can do it all
Through jesus christ our lord

Children can live without it
Who's gonna take it away?
Children can live without it
Maybe we'll learn someday
Oh, that we'll learn, i pray

O, they can fight, but they cannot win
They can scream, but none will hear them
Don't ya know that our conscience will die
If we take away the freedom to survive?

Ja, ein dag vil vi lære, det er eg sikker på. Hadde folk fått sett kva som skjedde med barnet i ein abort, er eg sikker på dei ville snudd seg vekk i avsky. Det er stort sett slik barbari fungerar.

Men då vil det vere for seint for så altfor mange.