søndag 31. mars 2013

Peter


Simon Peter, du frimodige, du impulsive fiskar
frå ein landsby nord i landet, usvikeleg ivrig,
usvikeleg først, der det er noko som skjer

også først inn i grava, den første som våga seg inn i det mørke
inn i dødens kammer,
der din venn hadde vore, der din venn var blitt lagt vekk
for å sakte forgå
medan tida sine store tannhjul sakte ville snurre
og drive deg, og oss andre, med seg
rundt ein miniatyrkarusell i sakte fart
Så sakte, at vi ville stivna i våre rørsler
og gått inn i æva som saltstøtter, utan håp, utan liv, utan glede--

Du var først, om ikkje raskast, dine vener var gjerne sterkare
Dine vener var gjerne tryggare, sikrare
meir stabile i sin iver

meir stabile i sin måte å nærme seg Meisteren på
Rolige, nølande, truande
kanskje meir fatta i sin omgang med det guddommelege

Likevel var du først
Du var den som vart valt, utpeikt, som sjølve klippa
Sjølve grunnsteinen under kyrkja, Kristi eigen kropp
Du, den urolege, skjelvande, sviktande…

Du, som impulsivt viste glede, impulsivt falt på kne, impulsivt ville bygge dine luftslott der meisteren viste deg det heilage. Du, som impulsivt snudde ryggen til alt du hadde fylt og trudde på og bygde livet på, i redsel for ditt eige liv. Du som impulsivt gjekk ut og grein dine sorgsvarte tårer, då du forstod kva du hadde gjort

Du, som er så lik – dei fleste av oss

På deg ville han bygge si kyrkje
Det er ein slag logikk i det også; den store kyrkja,
bygd på gyngande grunn

Kven, med sin beste fornuft
ville bygge sitt liv
på den usikre grunnen, under, der kyrkja står?

Du, mest av alle, forstod at trua treng eit ankerfeste – utanfor deg sjølv
At trua aldri kan basere seg på deg

Du er klippa
og eg ser deg som ein ven, eit forbilde
ein som gjorde det eg aldri ville tort å gjere sjølv
(kanskje?)
og gjorde det av heile ditt hjarte
Viste ein veg for oss ustabile

Klippa, som kan rase ut når som helst
og får meg til å gripe fast i noko betre, noko sterkare:

Han du søkte då du sprang
og såg tannhjula sakte stoppe sin vandring mot æva, stoppe
og skifte retning, tida som plutseleg endra karakter

og verda som skifta sine fargar
frå grått til fargerike nyansar
får svart til lys og glede
frå redsel og gråt og smerte
til håp--

For grava var tom, og du visste
trass dine eigne ustabile tankar, dine impulsive og kortvarige idear:
Dette er noko evig, noko sikkert og stabilt,
det sikre du kan klynge deg til
når livet rasar mot deg og dreg deg med i sine akselererande malstraumar bort
frå den sikre vegen

Ved grava såg du
erkjente du
visste du
at frå no av
ville livet aldri meir bli som før

Du er klippa
men ikkje den sterke

no kunne du, som eg,
klynge deg til korset
- ikkje av frykt, men av ei veksande glede
og ei visse
om at det held

trass alt…



fredag 29. mars 2013

Gud går forbi



1
Eg høyrer den ståkande hopen
som larmar forbi gjennom gatene
Kva er det dei seier? Kva er det dei ropar?

Høyr, de som går med blikket i bakken, med føter så tunge som stein
Høyr mine ord, opne opp blikket. Ver stille, ver stille og lytt

Ein forbrytar går no gjennom gata
Ein forbrytar som subbar, sakte, under børa av eit tre

2
Og det raude på bakken? Kan du sjå kor det glimrar?
Friske flekkar av blod, dråpe for dråpe
Eit spor
viser vegen, frå dom og til død

Bak kjem menneska trakkande i flokk, som sauer,
og trakkar blodet utover,
smør det utover steinar og støv
og sandalar vert merka
av blodet

3
Nokon ropar, er sinte, andre ropar, av sorg
Lufta er full – av ord

Hysj! Lytt! Det er noko som ikkje vert sagt!
Det er ordet som ingen vil seie,
det er ordet som svir over tunga

uskuldig--

Uskuldig? Etter auga som ser, etter øyra som øyrer, etter tankar som svevar
som bier
frå blom til blom, i ein hage av villniss og blomar og tre

Ein hage, ukjent og vill, skjult for avgrensa menneskesinn

4
Uskuldig… Vel, det er domen som tel, og domen seier: Dø!

(Eg spør: var det Pilatus, som klubba det gjennom?
Var det Pilatus, keisarens mann, som sa: Du må dø, som forbrytar, di skuld er
erkjent, di straff må du sone, dine gjerningar vitnar imot deg?)
Eg spør
sjølv om svaret er gitt
som eit stille rop
ei smerte som dirrar i lufta

5
Det er blodet, ja blodet –
på bakken, det glitrar og lyser og ropar:

Skuldig!        Du     er      skuldig!       Du    skal dø!    Du   skal

Du skal             Du skal           DØ!

Viss ikkje…

Viss ikkje kva? Fullfør din dom, ikkje tei ikkje stopp ikkje drep alt mitt håp ikkje fyll opp mitt hjarte med mørke!

Sjå, seier blodet, følg våre spor
Heilt fram
Gå dråpe for dråpe, gå steg for steg, ikkje stopp før ved enden
Kva ser du der?

Vegen er tung, men eg går
og

6
lyftar blikket, frå dråpane, smertesporet
som ein kårde tvers gjennom hjartet
Oppover, ja, oppover frå støvet
Oppover treverk og fliser
To føter, gjennombora, ein nagl
Eit kne, blodstriper renn som ei elv
Ein kropp, som ristar av smerte, ristar og vrir seg og skjelv,
Eit ansikt, knust og forslått, blodstenka rått og brutalt
Skjelvande lepper som kviskrar ei bøn

7
Og auga…
Hans blikk møter mitt, og eg ser allting klart
Som ein ørn som vert lyfta av vinden

Skuldig, uskuldig, mitt blod og hans
Eg trudde eg fylte ein dødsdømt til grava,
ein skuldig (uskuldig? For kva veit vel eg?) og dømt. Bannlyst av verda.
Ein fredlaus, snart støv under molda

8
Og eg ser
med auge og hjarte og sjel:
Blodet sin veg gjennom gater i byen, ein leietråd, eit spor eg fekk fylje
heilt fram til rettarstaden

Min rettarstad. Ja, min!

I auga hans ser eg kor alt er snudd om. Det var min veg han gjekk --

No, seier auga, som lyser frå korset, har eg gått vegen for deg.
Frå no av skal du fylje spora,
og alltid gå tett etter meg.

9
Eg seier igjen:
Høyr, de som går med blikket i bakken, med føter så tunge som stein
Høyr mine ord, opne opp blikket. Ver stille, ver stille og lytt

Det var Gud som gjekk gjennom gata
Det var Gud som subba så sakte, under børa av eit tre

Det var Gud som merkte dine føter med blod

Du er fri,
Gud går for evig forbi!


mandag 25. mars 2013

Don't waste it

"Eg skal fortelje deg om ei tragedie..."

Kva tenkjer du når du høyrer/les desse orda? Det første som dukkar opp i hovudet mitt, er ord som død, skade, naturkatastrofe, økonomisk ruin, konkurs, bedrag, vald, svik, svindel... osv. Det er ingenting godt med ordet tragedie, og vi har vel alle våre bilder av kva ei tragedie kan vere.

Baksida av boka "Don't waste your life" av John Piper startar med nettopp desse orda: "I will tell you what a tragedy is." Eg rettar ryggen, forberedt på det verste, og startar å lese. Piper fortel ei historie om eit ektepar som pensjonerte seg tidleg og flytta til Florida. Der lever dei avslappande dagar: seglar i båt, spelar softball, samlar skjel... (Og inni hovudet mitt ventar eg: No synk båten, dei vert rana eller huset går opp i flammar)

Ingenting av det eg tenkte skjer. Tragedien var nemleg av ein annan art: Det skjedde ingenting. Ingenting! Og ein dag kjem ekteparet fram for Gud, og alt dei har å vise til er... ei skjelsamling!

Og då snakkar vi verkeleg om tragedie av dimensjonar!

Der fanga John Piper interessa mi, og boka "Don't waste your life" er verkeleg utfordrande. Den handlar om eit liv i etterfølgelse, eit liv i Jesu fotspor. Mykje av det han skriv er verkeleg provoserande. Viss du er av dei som ikkje kjenner Jesus eller ynskjer å fylje han. Og ein del ville vore direkte latterleg og uforståeleg. Viss du ikkje kjenner Jesus og ynskjer å fylje han.

Med andre ord, dette er ikkje ei bok først og fremst for dei som lurar på kva kristendom går ut på. For dei finst det heldigvis andre (og i den samanhengen betre) bøker.

For meg som kristen, og for oss som ynskjer å leve livet i Jesu fotspor, er denne boka både eit godt spark i baken og ei inderleg oppfordring til å vakne opp: Ikkje kast bort livet ditt! Tek du val som ærar Gud? Lever du dagane dine slik Gud vil du skal leve dei? Tenkjer du på dine medmenneske som evige sjeler, i desperat behov for Jesus?

og trur du at kallet stoppar den dagen du vert pensjonist?

Gud krev heile livet vårt. Og Han er den einaste som kan kreve det, utan å bli despotisk eller øydeleggjande for oss. Gir vi livet vårt til nokon andre enn Han, vil det til sjuande og sist ta knekken på oss.

Det er sjølvsagt ikkje noko must å lese denne boka for å leve eit liv til Guds ære. For min del sette den ein del skap der dei høyrer heime, og hjalp meg til å sortere i kva som er viktig og kva som er mindre viktig i livet.

Det er ein del veker sidan eg las boka no, men eg kom på den att då eg høyrde på denne songen til All Star United i bilen på veg til jobb ein dag i førre veke. Dude - don't waste your life!


søndag 3. mars 2013

Ein som dør for folket

I Johannes kapittel 11 kan vi lese om den gongen Jesus vekte Lasarus opp frå dei døde. Viss Jesus var berre eit heilt vanleg menneske, ville dette vore ei utruleg, for ikkje å seie umogleg, forteljing. For oss som trur at Jesus også er Guds son, er hendinga ikkje så utruleg. Det er ei fantastisk hending, men finst det nokon grenser for kva Gud kan gjere?

Uansett kva folket på den tida tenkte om det dei såg og høyrde at Jesus gjorde, så er det i alle fall sikkert at han skapte oppstyr. Det er ikkje dagleg kost å høyre om menneske som vekkjer andre opp frå døden! Mange av dei som såg underet begynte å tru på han, medan nokre gjekk til dei religiøse leiarane og fortalte det som hadde skjedd. Det Høgste Rådet vart kalla saman, og det var stor enighet om at noko måtte gjerast med Jesus. Først og fremst frykta dei romarane, at dei skulle sjå på det heile som eit opprør og komme med soldatar for å ta endeleg rådevelde over jødane.

Det er då Kaifas, øvstepresten, stig fram og seier: "De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne." (Joh 11, 49-50) Kaifas meinte altså dei skulle gå så langt som å drepe Jesus, for å stagge romarane sin aggresjon.

Denne utsegna går midlertid så mykje djupare enn det Kaifas hadde tenkt. Utsegna passa nemleg perfekt inn i planane til ein annan, som altså hadde tenkt akkurat dei same tankane: Gud sjølv! Heilt sidan menneska snudde ryggen til Gud i Edens hage, hadde Gud planlagt og førebudd det som no var nært føreståande.

Kjelde: www.biblestudyspace.com
Litt seinare i johannesevangeliet er Jesus teken til fange, og vert avhøyrt av Pilatus. I kapittel 19 vers 9 kan vi lese at Pilatus stiller eit spørsmål som Jesus nektar å svare på. Då kjem det følgjande, i vers 10: "Svarar du meg ikkje?" sa Pilatus. "Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?"

I vers 11 kan vi lese Jesus sitt svar, og han riv ned heile maktillusjonen til Pilatus. Makta har han fått ovanfrå, og utan at Gud ville det, kunne ikkje Pilatus gjort nokon ting.

Det spelte altså inga rolle kva Kaifas, Pilatus eller kven som helst meinte eller tenkte om Jesus. Det spelte inga rolle om dei ville drepe han eller ikkje. Jesus kom til jorda nettopp for å dø! Det var altså ikkje noko justismord eller eit martyrium, men eit kalkulert og planlagt offer. Ikkje frå Kaifas eller Pilatus, men frå Gud sjølv si side. Jesus skulle dø for å redde folket (Slik Kaifas sa, men på ein heilt annan måte enn han tenkte)

Jesus skulle dø for å redde deg!