søndag 29. mai 2016

Fødd av Anden




naturen bøyer seg;
eg bøyer meg

usynlege krefter
kjem frå det skjulte, tek tak

sliper og formar,
vatnar, gir vekst –

eg kan ikkje styre vinden,
berre stille med ope hjarte

så vinden kan styre meg





Joh 3, 6-8: 
Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»

søndag 22. mai 2016

Inn til kjernen




eg såg orda
men forstod dei ikkje,
dei var som dekte av skodde
eit gråvér som kom
frå mitt eige hjarte

så opna du orda,
ei dør inn til der sjela mi budde;
eg såg kjelda til skodda
gråvéret kom
får mitt aller inste eg

heilt inn til kjernen
tok du meg med,
viste meg kor ille det stod til;
det må begynne her, sa du
la alternativa på bordet

det var berre to
og eg valte det siste;
let deg rive alt ned, hive det ut
og reise det opp att
i nytt materiale

så viste du meg orda att,
og eg såg
dei handla om deg. og meg.
og handa di peika utover;
bring menneska hit – ut av skodda!





Luk 24, 45-48:
Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.

søndag 15. mai 2016

I hamn


vindane som ein vegg
rundt hjartet mitt

den brennande sola
tørkar, forandrar, knuser

huset eg bur i
vert pulverisert under tyngda av tida

stein etter stein løyser seg opp
glir tilbake til jorda som sand;

eg kjenner uroa utanfrå
på alle kantar

innanfrå strøymer ei anna elv
frå ei kjelde utanom tida

der også hjartet har kasta sitt anker,
ei stille hamn, urørleg i stormen

utilgjengeleg
for slitasjekreftene i verda


søndag 8. mai 2016

mandag 2. mai 2016

Bøker lest: April 2016

1) Lena Mukhina: Lenas Dagbok

I juli 1941 vart den russiske byen Leningrad (No St.Petersburg) omringa av den tyske hæren. Det vart beslutta av leiinga i Nazi-Tyskland at soldatane ikkje skulle okkupere byen. På den tida budde det rundt 3 millionar menneske i storbyen, og nazistane ville ikkje ta på seg oppgåva med å styre denne menneskemengda. I staden stengte dei alle inn- og utfartsårer, og beleira byen. Beleiringa heldt i to år, og på denne tida omkom rundt ein million av innbyggarane av svolt.

Lena Mukhina var 17 år då okkupasjonen starta, og gjennom dagboknotatane hennar får vi eit unikt innblikk i det første, grusame året. Frå å vere ei sprudlande skulejente som bekymra seg mest for karakterar og gutar, dreier dagboknotatane i stadig større grad over på kampen om å få nok mat til å overleve. Menneska dør rundt henne, og uungåeleg er mange av notatane trist og tung lesning. Forfattaren er god til å formulere seg, og det er lett å leve seg inn i den vanskelege situasjonen ho var i.

Lena vert kalla for russlands Anne Frank, men i motsetning til Anne Frank overlever Lena Mukhina okkupasjonen og kjem seg vekk frå byen. Dagboka vert gløymt, og dukkar opp etter eit halvt århundre vekkgøymt i eit statleg arkiv. Innhaldet er unik dokumentasjon frå eit svart kapittel i menneska si historie!

 2) Robert Galbraith: Ondskapens kall

Eg les veldig lite krim, men bøkene til Robert Galbraith (alias J.K. Rowling) er etterkvart blitt obligatorisk lesing for meg. Historiene er intelligente, med ei fin blanding av råskap og psykologisk kløkt. Dynamikken i etterforskarduoen er i seg sjølv grunn god nok til å lese bøkene. Cormoran Strike og Robin Ellacott er begge spennande litterære figurar.

Også denne siste boka til Galbraith var vel verdt å lese. Når eg på slutten av boka får vite løysinga på mysteriet, ser eg at det undervegs i historia er lagt ut små hint. Hadde eg lagt desse saman, kunne eg løyst gåta samtidig som Cormoran. Det gjorde eg då ikkje... Men dette ser eg på som eit positivt trekk ved boka.

Eg skal ikkje seie så mykje om innhaldet, anna enn at historia startar med at Robin får tilsendt ein pakke med ein avkutta fot. Og for ein gongs skuld er det eit snev av positiv vilje frå politiet si side til å samarbeide med Strike og Ellacott...

Bøkene til Galbraith burde ha ein sjølvsagt plass på leselista til alle krimglade!

3) Emily St.John Mandel: Fordi overlevelse ikke er nok

Eg har stor forkjærleik for dystopiske romanar. Den førre eg las, M.R. Carey si bok "Menneskebarnet", var svært god, og eg var difor spent på om denne nyaste på leselista ville klare å leve opp til den. Eg vart ikkje skuffa over Mandel si historie.

Boka startar med at ein pandemi utryddar 99,99% av jordas befolkning. Heile vår kjente sivilisasjon går under, og livet vert ein kamp for dei overlevande. 20 år inn i den nye tidsrekninga møter vi eit omreisande symfoniorkester. Dei tener til livets opphald ved å blant anna spele Shakespearstykke i dei små busetningane i det som ein gong heitte Nord-Amerika. Ein dag kjem dei til ein by der ein mystisk person som kallar seg sjølv for "Profeten" styrer, og ting vert ikkje som før.

Rett før verda gjekk under, døyr den kjende skodespelaren Arthur Leander. Han er dermed ikkje med i den nye verda, men likevel vert han eit bindeledd for fleire av menneska vi møter. Boka flyttar seg lett mellom fortid og notid, og historia vert som eit puslespel der stadig fleire delar kjem til syne - heilt til siste brikka vert lagt og vi ser heile bildet. Boka er velkomponert, og på eit vis meir realistisk enn førnemde "Menneskebarnet".

 4) Roald Dahl-bøker

Bøkene til Roald Dahl går aldri av moten. Leseglade Matilda, jenta med den magiske fingeren og den Store Venlege Kjempa har alle saman vore god underhaldning for jentene denne månaden. Dei to siste bøkene hadde eg faktisk ikkje lese tidlegare sjølv heller, så også mitt Roald Dahl-univers har blitt utvida!








5) Patricia M. St.John: Friska

Dette var ei mine favorittbøker då eg var liten. No leita eg den fram igjen og las den for Lise. Historia om hunden Friska er fortsatt interessant; Spenninga i starten, då det er tvil om guten får behalde hunden, sorga då hunden forsvinn, og ikkje minst gleda når han vert funnen att - Lise levde seg inn i historia slik eg ein gong gjorde det - tilbake på 80-talet ein gong... Så dette var kjekt for oss begge!











6) Holly Black/Cassandra Clare: Jernprøven

I boka Jernprøven vert vi kjent med 12 år gamle Callum Hunt. Han har evna til å utføre magi, men faren, som er ein magus, vil ikkje at Call skal gå på magisteriet og lære meir om evnene sine. Faren har sine grunnar, og sonen gjer det han kan for å mislukkast i opptaksprøven. Like fullt endar Call opp på skulen, og vert ført inn ei verd som til no har vore ukjent for han.

Her møter han Aaron og Tamara, og dei vert lærte opp av sjølvaste mester Rufus. Saman får dei vanskelege og utfordrande oppgåver, og Call opplever ekte vennskap - noko han aldri fekk erfare i den vanlege verda. Etter kvart som han vert kjent med Magisteriet og utfordringane magiverda står ovanfor, går det opp for Call at faren ikkje har fortalt heile sanninga om kven han faktisk er...

Dette er første boka i ein serie på fem, og dei passar godt for ungdomar seint på mellomtrinnet og i ungdomsskulen. Og for vaksne som er glad i fantasy, sjølvsagt... Eg gler meg i alle fall til fortsetjinga!

søndag 1. mai 2016

Vekse i det enkle




dei elastiske tankane,
strekk seg
gjennom alle mine landskap,
over fjella, rundt fjordane
heilt til enden av dette storverket

og dei tøyer seg alltid oppover,
ynskjer å dra meg etter
dra meg opp dit vindane bles
og fridomen liksom lokkar
med sine strålande tindar;

så kjem Jesus gåande langs stranda,
inviterer meg til eit måltid
ved eit enkelt bål
– livet, seier han
er eigentleg på vranga,
tankane må vende tilbake til jorda,
røte seg i det enkle, det vesle,
for å kunne vekse til noko
som tel