lørdag 30. desember 2017

Det usynlege skjoldet



som ei stille susing
gjennom musklar og bein,
noko usynleg vandrande
mellom tankane
hjarteslaga,
ein stille vind
i blodårer og nervebaner

når havet brusar opp
og vindane slår
mot den skrøpelege kroppen,
er det der – denne roen som eit skjold
held meg samla i stormen
held meg oppe i bølgjene
held meg fast
i dei verste kasta

fyller meg med fred
endå allting rundt meg rasar



Joh 14, 27: 
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

12 beste bøker 2017

Av bøkene eg har lese i år, er dette blant dei beste leseopplevingane! Bøkene er presentert i rekkefølgen eg las dei:

 1) Jon Fosse: Trilogien

Les meir her.
 2) Helga Flatland: Bli hvis du kan

Les meir her.
 3) Edvard Hoem: Land ingen har sett

Les meir her.
 4) Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Les meir her.
 5) Marte Michelet: Den største forbrytelsen

Les meir her.
 6) Eka Kurniawan: Skjønnhet er et sår

Les meir her.
 7) Lars Mæhle: Den stille flokken

Les meir her.
 8) Frida Nilsson: Ishavspirater

Les meir her.
 9) Maria Parr: Keeperen og havet

Les meir her.
 10) Colson Whitehead: Den underjordiske jernbanen

Les meir her.
 11) Elif Shafak: Arkitektens læregutt

Les meir her.
12) Niroz Malek: Slik natten er

Les meir her.

fredag 29. desember 2017

15 beste CD-ar i 2017

Dei platene eg har høyrt mest på, og likt best, i 2017:

 1) Beautiful Eulogy: Worthy

Rap-album med fantastisk ærlege og oppbyggelege tekstar!
 2) Caroline Cobb: A home & a hunger

Caroline Cobb lagar melodiøse songar, og tekstane byggjer som regel direkte på bibeltekstar.
 3) Ellie Holcomb: Red sea road

Fengande songar med oppbyggeleg innhald.
 4) Jetty Rae: Can't curse the free

Singer/songwriter med djupe tekstar og fengande melodiar.
 5) Johnny Red and the prayerhouse people: Old dreamers

Norsk sørstats-rock. Ei blanding av country, blues, bluegrass og rock. Bob Dylan møter Johnny Cash møter Eric Bibb!
 6) Justified: Gå i tro

Norsk band med sterkt countrypreg. Gode melodiar, flotte tekstar og fantastisk vokal.
 7) Paul Colman: Recalculating

Australsk pop/rock. Fine melodiar og oppbyggelege tekstar.
 8) Propaganda: Crooked

Rap med tvers gjennom ærlege tekstar om livet som både menneske og kristen. Frå same plateselskap som Beautiful Eulogy.
 9) Rising life: The lion

Ei plate i meir klassisk rocka stil. Flotte tekstar.
 10) Rusty Shipp: Mortal ghost

Litt snodige tekstar, som krev ein del ettertanke for å forstå meininga bak. Musikken varierar frå roleg til rå rock.
 11) Signum Regis: Decennium primum

Slovakisk metal-band, med rå musikk og klare bibelske tekstar.
 12) Stu Garrard: Beatitudes

Stu Garrard (tidlegare Delirious?) har fått med seg ei rekke ulike vokalistar på denne plata, som tek utgangspunkt i saligprisingane i Bibelen. Stilen er variert, og her er mange fine tekstar og melodiar.
 13) The sing team: Sing on!

The sing team tek fram klassiske songar frå den kristne songskatten, og gir dei nye arrangement og fine framføringar. Ei roleg og behageleg plate å høyre på.
 14) Third day: Revival

Ei av dei beste Third day-platene, etter mi meining. Sørstatsrock (ispedd litt gospel og country) på sitt beste!
15) Within silence: Return from the shadows

Slovakisk power metal-band. Melodiøs hardrock.

torsdag 28. desember 2017

Det store alvoret - 2



For ei stund sidan fekk eg servert eit klassisk spørsmål frå ein person som ikkje er kristen: «Trur du, som er kristen, at eg kjem til helvete når eg dør?»

Dette er eit rimeleg seriøst og alvorleg spørsmål, og eit spørsmål det er vanskeleg å gje eit «mildt og snilt» svar på. Svaret er jo «Ja», men det verkar så brutalt å berre seie det slik, rett ut.

Eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv, lese litt kva andre har tenkt om same spørsmål og sjølvsagt først og fremst les i Bibelen kva som faktisk står. Den er utvetydig klar på at livet har to utgongar, og berre ein av desse utgongane er å føretrekke. Og den einaste måten å komme seg ut den gode vegen, er gjennom Jesus.

No er ikkje eg teolog, og kan difor ikkje skilte med noko fagleg tyngde i slike spørsmål. Likevel har eg lest mykje i Bibelen, og høyrt mykje forkynning om det same emnet. Det som kan slåast fast med ein gong, er at der er ulike meiningar i denne saka, og Bibeltekstar vert tolka ulikt. Eg ynskjer difor å gjere reie for korleis eg sjølv tenkjer om spørsmålet, ut frå mi tru og mine kunnskapar. At mange kristne tenkjer annleis, tek eg som gitt.

Berre for å halde det litt ryddig for meg sjølv, nummerer eg avsnitta under her, slik at eg får litt oversikt...

1)      Først til sjølve spørsmålet. Ut frå mitt verdsbilete, som eg har ut frå mi kristne tru, så spelar det ikkje så stor rolle kva eg meiner om spørsmålet. Eg trur at der finst noko som er absolutt sant, og dermed upåverkeleg av mine meiningar, og noko som er absolutt ikkje-sant. Så uavhengig av om den kristne læra stemmer eller ikkje, så er det sjølvsagt ikkje MI meining i dette spørsmålet som er teljande. Eg kan ikkje «dømme» nokon til helvete, eller avgjere at nokon ikkje skal komme dit. Noko står fast som ei absolutt sanning, uavhengig av meg. Så gjeld det berre å finne ut kva denne absolutte sanninga er, då. Og det er ikkje så lett…

2)      Så ei lita avklaring om kva Bibelen seier at helvete er. Erfaringsmessig vil mange som spør dette spørsmålet, og som ikkje kjenner så godt til den kristne læra om livet etter døden, automatisk sjå for seg helvete som ei slags lavagrotte med brennande flammar og massevis av smådjevlar som går rundt og plagar dei ulukkelege som har hamna der. Dette bildet kjem frå middelalderkunsten, og ikkje frå Bibelen. Bibelen nemner riktig nok ein brennande ildsjø, og denne ildsjøen er berekna på «djevelen og hans englar», det vil seie onde ånder o.l. Andre stadar står det om kva som vil skje med dei som ikkje trur, og mange stadar er ild nemnt. Men: Det er altså ikkje snakk om slike «lavagrotter», det er snakk om ein eld som fortærer, altså utslettar det som brenn.

3)      Den kristne læra om livet etter døden er, slik eg forstår den, om lag slik:

a.      Når ein dør, anten ein trur eller ikkje, så vert sjela oppbevart fram til det som vert kalla for dommens dag – altså ved enden av tida. Jesus kallar dette for ein slags søvn, der menneska er i eit slags ventemodus.
b.      Ved dommens dag skal alle menneske bli kalla fram for Gud. Det står mykje om oppstoda i Bibelen, og det står at ein skal få ein ny type kropp i oppstoda. Mens vi lever her på jorda vert cellene i kroppen vår heile tida bytta ut, og vi tilfører nye atom heile vegen gjennom maten vi et. Kroppen kan altså bestå av kva celler som helst, og altså ikkje dei nøyaktig same cellene ein hadde då ein døydde! Det som er viktig, er sjela – det som gjer deg til deg (personlegdomen din)
c.       Så vil menneska bli delt i to: Dei som trudde på Jesus, og dei som ikkje trudde. Dei som trudde, vil få evig liv, dei som ikkje trudde, vil få evig død.
d.      Den evige døden det er snakk om, er eit totalt fråvær av Gud. Sidan kristne (og eg, då) tenkjer at det er Gud som har skapt livet og held det oppe, vil eit totalt fråvær av Gud vere uforeinleg med liv. Den evige døden er altså ein tilstand av ikkje-eksistens, det vil seie total utsletting.

4)      Som du ser av det eg skreiv i punkt 3 d), liknar den kristne tanken om helvete altså på den tanken humanetikarar har om livet etter døden – altså ein tilstand der du som person dør, sluttar å eksistere og aldri meir vil eksistere. Slik sett kolliderar ikkje den kristne læra om helvete med det mange ikkje-truande tenkjer om livet etter døden – altså at der IKKJE er eit liv etter døden!

5)      Det som skil kristen tru frå humanetisk tru, er det håpet vi har om evig liv ved å tilhøyre Jesus og tru på hans død og oppstode. Eg trur altså at der finst ein utveg frå fortapinga – ikkje-eksistensen – ved å følgje Jesus.

Oppsummert: Når eg fekk dette spørsmålet, vart det altså spurt om eg meiner at livet etter døden er slik humanetisk lære, og den kristne læra om helvete, seier. Og svaret mitt er ja. Men dette er berre ein liten del av mi tru! Eg er ikkje så oppteken av å fortelje folk om kva som kan gå gale, det er mykje viktigare å fortelje om kva som kan gå bra! Det er langt viktigare for meg å fortelje om Jesus, soninga på korset, oppstoda frå grava, himmelhåpet og livet saman med Jesus. Difor er det også dette eg fokuserer på når eg til dømes har andakt på KRIK eller på bedehuset eller samtalar med folk om tru. Bibelen er klar på at Guds fremste ynskje er at alle menneske skal bli frelst, og det er denne frelsa som bør få vårt hovudfokus.

Og som eg skreiv i punkt 1, så handlar dette om at det finst noko som er absolutt sant, og noko som ikkje er det. Og dette er heilt uavhengig av kva eg eller du trur! Ein gong vil det vise seg korleis alt heng saman. Om den humanetiske læra stemmer, vel, så er det over og ut for alle. Om den kristne læra stemmer, så vil det skje eit skilje: Dei ikkje-truande får det dei satsar på (ikkje-eksistens), medan dei som trur på Jesus får det dei satsar på (evig liv). Det kan sjølvsagt også godt hende at eg tenkjer heilt feil om kva helvete er.

Innan konservativ kristendom, som er ei retning eg sjølv identifiserer meg med, er det vanleg å tenkje at helvete er ein evig tilstand av pine – altså hakket verre enn det eg har skildra over. Nokon vil kanskje hevde at eg med mi tolking tek «for lett på» læra om helvete, eller at eg gjer det for «snilt». Til det vil eg berre seie: Det er ingen ting i denne verda som skremmer meg slik som tanken på ikkje-eksistens. Når humanetikarar snakkar om at døden er punktum, eller når vi kristne snakkar om ei æve borte frå Gud, så er dette dei gongane eg er nærast ved å kjenne på panikkangst. Tanken på eit univers og ei tid som vil fortsette i all æve, og eg er borte for alltid, ingen hugsar meg, ingen vil vite om at eg har funnest og ingen spor av det som var «meg» vil vere å finne  - i all æve. Denne tanken er stor og totalt umogleg for hjernen min å hanskast med. Tanken driv meg til Jesus, i bøn, og takk og lov at eg har Jesus å gå til med min redsel!

Og her vil eg ende denne tankerekka; ved kjernen, sentrum, origo for mi tru: hos Jesus. Uavhengig av kva som er rett eller feil å tru om fortapinga, er det viktigaste: Har du Jesus, har du gripe hans utstrakte hand, teke mot nåden og tilgjevinga og går gjennom livet i trua på hans soning og oppstode, vil ikkje fortapinga ha noko makt over deg. Du er frikjøpt, du har fått det evige livet i gåve og ingenting kan rive deg ut av Jesu hender!



lørdag 16. desember 2017

Det skjulte livet




Luk 3, 10-14: «Kva skal vi då gjera?» spurde folket. Han (Døyparen Johannes) svara: «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.» Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde: «Meister, kva skal vi gjera?» «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han. «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

lørdag 2. desember 2017

Hendene ropar



han rullar saman skriftrullen
set seg
og ser oss inn i auga

ser de hendene
kviskrar eg
(med pust frå ei anna tid)
sjå på hendene – sjå nøye

snart skal dei lyftast frå jorda
festa til eit tre
og visne som ei grein utan sevje

snart vil nytt liv strøyme
inn i hendene
fylle denne forunderlege læraren dykkar
med den krafta han hadde før
han kom til oss

då vil fridomen kome til dykk
og nådeåret kan ta til –

så sjå nøye på hendene
kviskrar eg
de heldige som får sjå
hendene rope ut vår fridom





Luk 4, 18-21: 
           Herrens Ande er over meg,
           for han har salva meg
           til å forkynna ein god bodskap for fattige.
           Han har sendt meg for å ropa ut
           at fangar skal få fridom
           og at blinde skal få sjå,
           for å setja undertrykte fri
         
og ropa ut eit nådeår frå Herren.

Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»