lørdag 27. april 2013

Jesus - Gud frelser


Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt. No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.
     Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine. Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei. Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.
(Joh 17, 6-11)

I vår har vi vore veldig opptekne av namn heime hos meg. Ikkje så rart, kanskje, sidan vi har gått og venta på at dottera vår skulle bli fødd. Det er ikkje alltid så enkelt å bestemme seg for kva namn dei små skal få. Ein ynskjer at namnet skal passe, at det skal vere fint, at barnet skal like det og at det skal vere eit namn ho kan trivast med resten av livet sitt. Og så skal ein kanskje kalle opp nokon, eller ein har namn som ein likar ekstra godt og ynskjer å bruke. I tillegg er vi to som må bli einige.

Vi legg ikkje så stor vekt på tydinga av namn i dag. Kanskje vektar klangen tyngre, eller om det er eit namn ein har eit positivt forhold til. Vi knyter namn og person saman, og tillegg namnet dei eigenskapane vi finn hos personen som ber det.

I bibelteksten for denne helga kan vi lese litt av bøna Jesus bad for læresveinane, før dei gjekk ut i Getsemane-hagen, der han vart teken til fange og seinare korsfesta. I bøna seier han at han har “openberra ditt namn”, altså openberra Guds eige namn. Her er det mange aspekt å gripe tak i, men eg vil særleg sjå på to av desse:

For det første: Kva er Guds namn? Den mest kjente plassen i Bibelen der det vert omtala, er i 2. Mos 3,14. Moses spør etter namnet då han møtte Gud i den brennande tornebuska. “Eg er den eg er,” var svaret han fekk. Dette namnet, “Eg er,” vert brukt om Gud også seinare i Bibelen. Gud er den som er, den som eksisterer i seg sjølv og som ikkje er bunden av tid og rom. Han er uforanderlig. I Hebrearbrevet 13,8 vert det same namnet brukt om Jesus: “Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.” I Jesus møter vi den evige Gud, og den viktigaste openberringa har vi i Jesu oppstode frå døden. Jesus er, og eksisterer uavhengig av tid og rom. Døden kan ikkje halde på den som ikkje er bunden av naturlovene.

For det andre kan vi sjå på namnet Jesus, eller den arameiske forma Jeshua, eit namn engelen Gabriel fortalte Maria at ho skulle gje til barnet ho bar. Det er altså ikkje eit tilfeldig namneval, bestemt ut frå oppkalling eller kor godt ein likar klangen. Namnet seier noko om den som ber det, og Jeshua tyder “Gud frelser.” Når Jesus seier at han har openberra Guds namn, kan vi altså omskrive det til: “Eg har openberra Guds frelse.” I Jesu openbaring ser vi like inn i Guds eigen natur: Ein Gud som ynskjer å frelse menneska.

Mot slutten av bibelteksten ser vi at Jesus ber: “…hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.” Å verte kristen vil seie å gje livet sitt til Jesus, som har openberra Guds eige namn: Han som er evig, og som ynskjer å frelse. Vert vi haldne fast i Jesu namn, i “Gud frelser,” vert vi bundne saman til eitt folk, ein søskenflokk, som har erkjent sanninga i orda i Jesaja 45, 21b: “Det finst ingen annan gud enn eg [Gud], ingen annan rettferdig og frelsande Gud.”


(Skrive til spalta "Helgetankar", Suldalsposten 26.04)

onsdag 24. april 2013

To lyriske romanar

Det er mange grunnar til å lese bøker. Lærdom, opplevingar, avkobling, tvang, lyst, nyfike... og sikkert eit utal andre. For oss som er interesserte i språket i seg sjølv, kan det vere god nok grunn å lese ei bok at den er vakkert skrive. Dei to bøkene eg vil presentere heilt kort her, er slike bøker. Dei har så vakkert språk, at det nesten hadde vore unødvendig med handling og framdrift i tillegg... I alle tilfeller fortel dei også interessante historier, så dei burde vere interessante for ganske mange.

Den første boka heiter "Syngja", og er skriven av Lars Amund Vaage. Det er ei svært personleg bok, om handlar om han som far til ei jente med autisme. Forholdet til mora vert skildra, forholdet til dattera og forholdet til vener og nærmiljø. Ungdomstid, etablering av familie, oppbrot og funderingar rundt si eiga rolle i andre sine liv er også tema som vert belyste.

Gjennom ei utruleg vakker språkdrakt tek Lars Amund Vaage oss med på ei reise gjennom vanskelege tankar og minne, og funderingar som garantert gjer noko med deg som lesar. Det eg likar aller best med boka er kor ærleg forfattaren nærmar seg problemet. Han unndreg ikkje seg sjølv for noko ansvar, eller dekkjer seg til bak masker, men slepp oss så nær innpå seg at det nesten føles som vi sit og ser det heile gjennom hans eigne auge...

Ei tvers gjennom vakker bok som du kan ansjå som eit tap å ikkje lese!

Den andre boka heiter "Ned til elva", og er skrive av norskamerikanaren Leif Enger. Også her er det eit vakkert og blomstrande språk, samtidig som den fortel ei god historie som riv oss lesarar med frå første blad. Ei ekte moderne westernbok, som utfordrar oss på rett/gale, skam/ære, svik/trufastheit og vår eiga haldning til verda. Korleis vi møter våre medmenneske, og korleis dei ser på oss.

Historia er spennande, og er ei blanding mellom krim, western og drama. Sympatien ligg like gjerne hos dei "slemme" som hos dei "gode".

Ei noko annleis bok, med, som sagt, utruleg flott språk!


lørdag 20. april 2013

Filip


“Kom og sjå!” sa Filip til Natanael,
så enkelt, så likefram
og han meinte det, var overtydd om at det faktisk var noko å sjå,
viss han kom, og Natanael kom
og såg
og vart verande
og Filip, med sine enkle ord
fekk ein ven med på reisa

Eg ser på Filip og tenkjer: Her har eg mykje å lære

Og var det ikkje til Filip dei gjekk,
grekarane som gjerne ville sjå Jesus?
Var det ikkje nettopp til denne enkle Galilearen dei kom
og sa: “Vi vil sjå Jesus” og Filip, kva gjorde han då
anna enn å gå til Jesus og seie frå
seie det som det var, og sjølv om svaret han fekk var gåtefullt,
og ikkje så enkelt å forstå
- for kven kunne vel eigentleg forstå Jesus?
så gjorde han det han tykte var best

Eg ser på Filip og tenkjer: Slik ynskjer eg også å gjere

Og det var Filip som gjekk
då Herren kalla han til vegen frå Jerusalem
så mykje seinare, nesten eit liv seinare
kan det verke
alt som hadde skjedd, i betraktning
Han gjekk, og vitna
La ut
Forklarte
Overtydde
Denne mannen frå enkle kår i Galilea, eit vitne
Ja, eit augevitne
Og villig til å gå

Eg ser på Filip og tenkjer: Slik ynskjer eg også å vere




tirsdag 16. april 2013

Språk er makt

Språk er makt, og det å dekke over ting som er ubehagelege ved å gje det nye namn er ein teknikk som mest truleg har blitt brukt sidan tidenes morgon. Ta for eksempel Kain sitt aggressive svar, då Gud spør kor broren er: “Er eg min brors vaktar?” Å framstille broren som svak, som ein som treng vern og ein vaktar, og samtidig bedyre at det ikkje er eins eigen jobb, var nok ein naturleg forsvarsmekanisme. Kain brukte språket i eit forsøk på å vri seg unna si eiga skuld og Guds dom.

Kjelde: thomasberg.wordpress.com
Meir nærliggande kan vi ta eit eksempel frå førre hundreår. Tenk om nazistane på 1930-talet i Tyskland hadde sett inn denne annonsen i avisene:

                Massemord under planlegging!

I mange generasjonar har dei tyske jødane tilført landet vårt sårt tiltrengt arbeidskraft, kunnskap og kvalitetsprodukt. Kven har vel ikkje kjøpt skreddarsydde klede eller ei kvalitetsklokke frå ein jøde? No vil vi ha slutt på denne praksisen. Ikkje fordi jødane har gjort noko ulovleg eller er til sjenanse på nokon som helst måte, men fordi vi treng ein syndebukk og nokon å ta ut vårt raseri på. Av den grunn ynskjer vi å audmjuke, torturere og i siste omgang drepe alle jødar i Tyskland.

Vi håpar flest mogleg vil støtte oss i denne aksjonen. I første omgang startar vi med å merke alle jødar med gul stjerne, og det hadde vore fint om alle tyskarar som deler våre rasistiske synspunkt, kunne begynne å spytte etter dei på gata og nekte dei arbeid eller tilgang til butikkar og offentlege bygg.

Venleg helsing Heinrich Himmler

PS! Dette skal bli tidenes industrielle massemord, folkens! Støtt opp om saka!

Det er ikkje sikkert at det hadde vore noko sjakktrekk for antisemittane. Ord som rotter, svin og undermenneske fungerte nok betre i kampen for å utrydde jødane. Det er altså eit forståeleg, om enn tvers gjennom grusamt, trekk å bruke språket aktivt i krigføringa.

Då Tyskland vart fridd frå nazistane sitt styre i 1945, og dei grusame gjerningane kom fram i dagen, reagerte dei aller fleste, naturleg nok, med sjokk og vantru. Spørsmål som “Korleis kunne dette skje?” var, og er, ikkje uvanlege. Svaret på spørsmålet er blant anna korleis språket vart brukt, korleis orda tåkela motiva til dei som styrte. I dag er det brei semje om å ta avstand frå denne type retorikk.

På same måte som vist i eksempla over, er det svært forståeleg at aborttilhengjarane av i dag fortsatt klyngjer seg til ord og omgrep som “celleklump”, “embryo” og “ein del av mora sin kropp”. Det er heilt naudsynt for å skape avstand til mennesket inne i magen. For kven ynskjer vel å ta livet av eit barn?

Dette er ein spade!
Med dagens teknologi, og den innsikta vi har i fosterutviklinga, er det på høg tid at desse orda luskar stille ut bakdøra. Vi veit for eksempel at hjartet til babyen byrjar å slå allereie etter tre veker, og at alle organsystema er på plass åtte veker ut i svangerskapet. Vi veit også at det ikkje skjer nokon store forvandlingar eller hokus-pokus inne i magen til mora. Barnet utviklar seg gradvis, dag for dag, og vi kunne filma korleis barnet veks frå under ein millimeter og opp til rundt 50 cm i løpet av berre 9 månadar. Barnet som kjem ut rundt termindatoen, og veks opp til å kanskje bli ein rebelsk tenåring og etter kvart ein vaksen mann/kvinne med eigen jobb og familie, er det same barnet som ligg inne i magen i veke 35, 25, 15, 5 og 1. Det skjer ikkje noko bytte, der vert ikkje drege til side eit teppe rundt veke 12 og vips! der var det eit menneske! Nei, mennesket er der i veke 8 også.

Eg har heller ikkje sansen for argument som går på at menneskebarn tidleg i svangerskapet, dei såkalla “embryo”, kan forvekslast med ein gris eller ein apekatt, fordi “celleklumpane” er så like. Og ja, eg tek poenget, for det er vanskeleg å sjå forskjell. Likevel er det ikkje noko argument for å så tvil om livskvaliteten til barnet i mors mage. Ingen kjem til ultralyd på sjukehuset og lurar på om det er ein gris, ein apekatt eller eit menneske der inne! Så lenge det veks i ei menneskemor sin mage, så er det då eit menneske og ingenting anna, same kva det liknar på!

I dette blogginnlegget har eg brukt språket for å fremje mitt eige syn på saka, blant anna ved å aktivt bruke hermeteikn rundt kjente omgrep som eg meiner tilslørar menneskeverdet. Eg har eit mål med dette, og eit stort ynskje: At vi skal begynne å kalle ein spade for ein spade. Kan vi ikkje begynne å kalle menneska som veks i mors mage for nettopp det: Menneske?




Mi yngste dotter, slik ho såg ut inne magen. Og bildet er av same person som eg no kan sjå og halde i hendene mine!


søndag 14. april 2013

Brød og fisk

1
Eg er ein av dei i utkanten
Står og ser, frå utsida, betraktar, vurderer
Ein av dei som legg merke til,
men som sjølv får gå i fred, vert akseptert som ein av massen
Fyllmassen
rundt dei store og viktige
Vi som går etter, som ein fiskestim, ført av havstraumen i tilfeldige retningar
Tilsynelatande, ja, berre tilsynelatande,
for eg er ikkje dum, eller lat eller ei overivrig dørmatte på jakt etter
eit glimt av dei store

Vi i utkanten har også vår agenda, vi har også våre mål,
vi er der, som regel, av eige val,
og likar oss på utsida, utanfor lysglansen

Her får vi gå i fred, vere i fred, vere oss sjølve,
kunne trekke oss vekk når vi vil, eller vere, viss det passar betre
Valet er teke, gjennomtenkt og medvite;
eg er ein av dei som likar seg – i utkanten

2
Han kallar oss sauar utan hyrde,
ein flokk med viljelause dyr, som traskar av garde i mangel på noko betre
Menneske utan mål, utan meining, utan retning i livet
Sauar utan hyrde—
Eg kjenner blodet stivne i årene mine

Det er ikkje alltid  lett å forstå kva han meiner, og lett å misforstå og snu ryggen til
Men eg ser kjærleiken i auga, og den milde stemma
og omsorga for oss som går og lyttar
og noko meir, ei kjensle i tillegg:
Ein undertone av respekt, av ord som lyfter opp
Ord som omfamnar, utan å dytte vekk
Lyfter opp, utan å velte
Ord som seier: Sauar utan hyrde, javel, men...

Noko meir. Ikkje berre viljelause menneske. Han snakkar til oss med respekt,
som om vi slett ikkje er så ille,
men er utsette for eit svik, eit ran
har blitt fråtekne noko fundamentalt og viktig, utan å forstå det sjølve

og at han kan gje oss det tilbake

3
Kven vert vel ikkje trollbunden av slikt,
kven evnar å stå imot dei gode orda, dei gode blikka,
løftet om oppreising – og nytt liv?

Kven klarar å seie nei til denne mannen,
denne læraren, som leier tankane våre inn på ukjente stiar,
snirklar seg rundt sjela vår, vippar oss av pinnen
og granskar vilje og hjarte, kvart ynskje og draum i vårt indre

Han som ser alle skuggane som har hopa seg opp utanfor terskelen
til alle våre gode intensjonar
Kven klarar å seie nei til ein som ser ut til å vite alt,
og likevel orkar smile, likevel orkar å bruke all si tid
på oss?




4
Det var ikkje brød og fisk
som fekk oss ut i øydemarka,
heller ikkje sirkus eller eit uannonsert shownummer av ein ny artist
Det var ikkje dagdriveri eller viljeløyse heller

Nei, det var auga og orda;
Ord som lyfta oss opp, anerkjente og lækte, bygde opp og støtta
trass alle våre eigne feilsteg

Det var ikkje brød og fisk,
det var den gode hyrde sjølv

Kanskje var det difor han viste oss ein flik av himmelen,
fordi vi slett ikkje hadde venta
langt mindre fortent
å vere vitne til det vi har høyrt fortalt, som ei historie,
utfalde seg framfor våre eigne auge:
Han sa eit ord, og det vart 
Skaping av ingenting,
berre levande ord frå Guds eigen munn
og vi kan alle sjå at det er godt 

Eit lite glimt inn i den Allmektige sitt skapande vesen,
som får sjølv oss
i utkanten
til å gleppe med auga og ynskje vi stod litt nærare



søndag 7. april 2013

Tomas

Du var der ikkje, du fekk ikkje sjå, du visste ikkje kva som hadde hendt,
den dagen meisteren dukka opp
stod der
smilte
snakka til oss, som før,
og tømte hjarta våre for frykt og det andre     

Det
som ikkje er så lett å setje ord på, det som berre er der
som ein skugge,
ei klippe som lenar seg innover liva våre
og hindrar sollyset og varmen og gleda i å strøyme frå Guds hand
og inn i liva våre

Det
som så ofte vert kalla tvil
medan vi skakar i kroppen, som av eit kuldegys
og snur oss til ein annan kant i håp om å sleppe unna
men like fullt
er det der. I hjarta. I kroppen. I orda
vi talar til kvarandre når vi møtest, tilfeldig, som båtar på livshavet
og ynskjer å dele noko av oss sjølv

Det
som ligg der, som eit bakteppe, uynskt og frykta
og som vi prøver å røme frå
legge bak oss
stikke under ein stol
eller tømme som oske på havet
Det
som vi aldri klarar å bli kvitt, trass alt vårt strev og slit

Og du, Tomas, fekk det som eit stempel over ditt liv: Han som tvilte,
han som ikkje klarte å tru det han høyrde
men måtte ha bevis
Noko å ta på, noko å sjå, noko å surre fortøyingstauet rundt
Noko å stole på

Og vi kalla deg Tvilaren. Med  stor T.
Rista litt på hovudet, kanskje litt oppgitt,
du var den som hadde Det
vi andre ikkje ville nærme oss, frykta meir enn sjukdom, meir enn våre eigne liv

Tvilen, som ei grå tåke gjennom hjarta våre
Mørke dystre dagar i skuggen av tvilen, vekkgøymde for oss sjølv,
skjelvande av angst for – ja, for kva? For å dø? For å ha teke feil? For å vere svikta
av Gud sjølv?
For å møte vener og familie,
dei som ikkje gjer oss vondt, men ser på oss med blikk som seier: Det var det vi sa…

Då Meisteren sjølv dukka opp, steig gjennom den låste døra,
blåste han tåka ut av hjarta våre,
let sollyset fylle opp kvar krok, let oss forstå: Vi hadde ikkje forstått nokon ting

men no!

No var det borte,
liksom du også var borte, Tomas,
då han tømte hjarta våre, og du, du vandra fortsatt rundt i tåka, nekta å tru
nekta stole på orda, før du hadde sett

Så fekk du sjå, og tvilen, det tunge, forsvann
Akkurat som hos oss andre, akkurat som då vi fekk sjå, første gongen

Likevel var det du som fekk namnet Tvilaren --

Det kunne vore kven som helst av oss andre, det kunne vore eg
Eg som stadig vekk let hjarta vandra på villvegar
ut av stien du har merka opp,
let skuggar felle over krossmerket
og tankane tumle av garde, som eit opprørt hav, som bølgjer – på veg vekk
Og let det strøyme over meg, som om det var ein del av meg

Dei kalla deg Tvilaren, Tomas. Men eg veit ikkje.
Du trudde, då du møtte Meisteren
Og er det ikkje det som tel?
Er det ikkje den vegen vi alle må gå?

Tomas, Han Som Trudde, min bror som la ned sitt eige liv
i tenesta for Han
som sopte tvilen ut med eit einaste ord: “Kom!” Og det var nok.