søndag 25. oktober 2015

Det som er mitt



dette støvet er mitt –
det er alt som er att
av storverka eg bygde
og med store ord
presenterte for verda;
som om det var mine byar
og mine slott – som om eg eigde
alt saman

dette fråværet er mitt –
det som står att
etter tallause netter på kne;
det som følgde
tallause netter med blind tru
på meg sjølv

for er eg ikkje som deg,
er ikkje våre hjarte like små
og våre tankar som avgrensa bobler
i det vide universet?



Luk 18, 9-14: 
Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
   
«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’ Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’
   
Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

søndag 18. oktober 2015

Levande ord



ordet er der
som brent på himmelen

berre at flammene er borte
og oska vaska av regnet

skyene dekkjer stjernene
og let oss sitje att med komma og kolon;

for ordet vart kjøt og blod
og vandra i tida, med støv på beina

og eit hjarte i brann;
minne frå tida sin første morgon,

pusten frå ein Gud som skapte
etter sin vilje og kjærleik

og historia går – derfrå til hit,
det er berre å fylje spora –

gjennom ørken og sand
vatn, eld og kross

over fjell, gjennom dalar
heilt hit, til kulda og regnet sitt land –

heilt inn til menneskehjartet i dag
er ordet levandegjort i ande – ved Anden


søndag 11. oktober 2015

Magnetar



lik magnetiske motpolar
dreg vi på kvarandre –

så er vi jord
så er vi pust

forma av same leira,
bygde etter mål og ein plan

usynleg for auga,
uvitande om anna enn oss sjølve;

og tida går mot æva
jorda snurrar i si bane,

vi er jord og pust
og kjærleik –

fordi det var dette
Gud ville – og det vart



Mark 10, 6: 
Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.

søndag 4. oktober 2015

Straumar midt i ordet



på avstand
ein strek
i landskapet

nærare
eit blått belte
buktande

på stranda,
vatn i jamne straumar
mot havet

ikkje før du går uti
kjenner du krafta
og forstår heilskapen;

vatn som samlar seg
vert til ei elv, fossande driv
mot nullpunktet for alle ting –

så står Jesus i gata
deler ord så mykje større
enn vår stødige grunn

og eg kastar meg uti,
kjenner straumen frå æva
rive meg med mot noko større



Joh 7, 16-17: 
Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg. Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv.