søndag 26. mai 2013

På veg - tilbake (til Emmaus)



1
Dei gjekk side ved side på vegen, dei to
Og den tredje, litt rare mannen
Som dei slett ikkje forstod;
Visst var han klok, og visst tala han tydeleg
Dei skjøna orda, dei tok logikken
Trass alt, dei kjende då både lova og profetane…

Men dei forstod ikkje likevel,
For dei forstod ikkje kven han var
Dei såg ikkje – tolka ikkje det dei sansa – dei stille strålane
Som liksom lyste frå mannen
            Ikkje slik at det lyste av han, eller at dei vart trefte av noko
            Men meir stille bylgjer, som svake vindpust
            Mot hjartestrendene deira

Han snakka og smilte og lo og insisterte
Dei prata med – dette var ein umerka mann!
Umerka av stemninga som prega byen, og dei
Umerka av den stille sorga – vemodet – som hadde lagt seg over den vesle flokken
Tynga dei ned, pressa dei inn i skuggane, inn bak låste dører

2
Alt dei såg – kvart steg på vegen, kvar blome, kvart tre – var prega av gråfargen
som siva ut frå deira indre smerte
Livet ville aldri bli godt att
Dei hadde mista fundamentet – det smuldra opp under beina deira
Og alt dei no kunne sjå, var tomme dagar i sakn og redsle
- kva ville no skje med dei…

Og så kjem han her, denne livlege mannen
Denne pratmakaren, ein samtalepartnar med glimt – og fornuft!
For det han seier høyrest logisk ut
Det han seier stemmer med alt dei har lært, og det passar så godt inn
Brikkene fell på plass, ei etter ei, og dei kan ikkje forstå…
Kan ikkje – for dei har ingen omgrep, inga erfaring, ingen bilete
Som liknar den scena denne mannen teiknar opp

Likevel er det som hjarta deira brenn
Likevel er det som dei vandrar ut av tåka og inn i det klare solskinet
- Han pustar luft på glør som nesten var slokna, no logar flammane opp

Kan det vere sant? Kan dei tørre å håpe?

3
Ikkje før dei et i lag, ikkje før dei deler det mest grunnleggjande menneskelege
Deler brød, deler drikke, deler takka til Han som gav dei maten
Så nært!
Så naturleg og kvardagsleg!
Og der! Då!
I det mannen riv ein bit av brødet og lyfter hovudet
I det han seier dei kjente orda, den kjente bøna
Og takkar for det dei har fått
Ser dei eit glimt –
Ser dei noko i auga hans, noko i huda, noko i smilet
…er det ikkje?
…kan det vere?

Hjarta opnar seg, det er som ei demring brest
Gleda fløymer utover kroppen, dekkjer alt det bitre, alt det triste, alt det vonde
Gleda opnar auga, og dei ser den oppstadne
Akkurat slik han sjølv vitna om langs vegen, mellom buskar, småstein og kratt
Den kjente vegen
Kvardagsvegen
Deira eigen, støvfylte veg
Og der hadde dei gått… saman med, side ved side med-
Herren sjølv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar