torsdag 15. januar 2015

Ein stad mellom tru og tvil

For nokre dagar sidan las eg boka "Ein stad mellom tru og tvil", som inneheld gjendiktingar av ein del av R.S. Thomas sine dikt. Det er Hans Johan Sagrusten som har 'oversett' dikta til norsk.

R.S. Thomas var walisisk prest, og levde frå 1913 - 2000. Han henta mykje av inspirasjonen til dikta sine i den walisiske naturen, og frå si eiga prestegjerning. I denne boka er det dikta som handlar om tru og tvil som har fått plass, i tillegg til nokre utruleg vakre kjærleiksdikt.

Forfattaren streva mykje med tvil, og skildrar ofte Gud som eit "fråvær", som nokon som går ut av rommet rett før han sjølv kjem inn. Likevel held han fast på trua.

Eg kjenner meg att i ein del av dikta, samtidig som eg sjølv ikkje har kjent på dei same kjenslene av "fråvær" i same grad. Likevel er det nyttige tekstar å lese - det er sterkt å lese om tvilen og strevet og dei vanskelege tankane, samtidig som han klamrar seg til trua og korset. Han har ei ærefrykt for Gud, og ei tillit til at Gud er der, sjølv om forfattaren ikkje kan merke han.

Eit av dei religiøse dikta som gav meg mest, er dette:

Då han kom

Og Gud heldt i handa
ein liten klode. Sjå, sa han.
Og sonen såg. Langt borte,
som gjennom vatn, såg han
eit solsvidd landskap med skarpe
fargar. Ljoset brann
der, utbrende hus
kasta lange skuggar; ein blenkjande
orm, ei elv
snodde seg fram, glimande
av slim.
             På ein naken ås
la eit nake tre eit sorgfullt drag
over himmelen. Mange menneske
strekte dei tunne armane sine
mot det, liksom dei venta på
at ein bortfaren april skulle
koma attende til dei krosslagde
greinene. Sonen følgde dei
med auga. Lat meg fara dit, sa han.

For eit fantastisk fint bilde han teiknar av Gud! Sonen som vel å stige inn i verda, fordi han ser lengten og einsemda og nøden. Og allereie før han kjem, ser han krossen som ventar, men kjem likevel. Fantastisk!

Og så var det kjærleiksdikta. Dette diktet skreiv han etter at kona døydde tidleg på 90-talet. R.S. Thomas var over 80 år då han skreiv denne kjærleikserklæringa til kona:

Samanlikningar

Med alle lette ting
likna eg henne, med
ei snøfjon, ei fjør.

Eg hugsar ho kvilte
mot armen min då vi
dansa, lik ein fugl

på reiret, redd egga
skulle knusast, redd
ho låg for tungt

på kjærleiken vår. Snø
smeltar, fjører
blæs bort;

eg har senkt
oska hennar ned
i meg lik eit anker.

Det er ei tankevekkande, litt vond, vakker og ærleg samling med dikt ein kan lese i denne boka. Og R.S. Thomas utfordrar så absolutt tankane våre om Gud og tru.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar