lørdag 14. april 2018

Inn porten



som ein varmesøkande rakett
pendlar hjartet seg inn
mot det som er heilt
ekte
vare

bomtreffa er mange
og såre –
berre sjå desse arra
på kryss og tvers over sjela mi

men eg bryr meg ikkje lenger
for alt det der er over, ferdig
finito

i det eg fann den opne porten,
den som førte meg inn i tryggleiken
bleikna alt anna bort

no er det berre Jesus, her
berre Han og berre Han
og berre i Han
finn hjartet sitt svar på lengten




Joh 10,9: Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite.
 

lørdag 7. april 2018

Elskar eg?


tankane mine er infiserte
og merka,
eit slags antistoff
som støyter frå seg alt
som vil gjere meg godt –

elskar du –
elskar eg?
det er så vanskeleg å vite,
så umogleg å setje tankane saman
med kjenslene eg
- av og til -
har, dei som dreg meg til deg
medan antistoffa i meg strittar imot

og alt eg – eigentleg – ynskjer  
inst inne
er at Du skal lyfte meg opp
halde rundt meg
seie, stille
- det er ok,
alt er ok,
for Eg elskar deg –
 



 
Joh 21,17: Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!»

søndag 1. april 2018

Leite og bli funnen






vi leita på feil stad;

vi såg etter frelsa
i eigne handlingar
prøvde å vere gode
men svikta så altfor ofte

vi såg etter frelsa
i auga til våre medmenneske
leita etter nåde og tilgjeving,
men fann berre søkande hjarte

vi såg etter frelsa
i det gode livet
bygde oss eit slott
men fann ikkje anna enn tomme draumar;

vi såg etter frelsa
men det var frelsa som fann oss
ein dag stod han der, omfamna oss
med sine naglemerkte hender




Luk 24,6a: Han er ikkje her, han er stått opp.