søndag 11. januar 2015

Ord på ord

Ei røyst ropar i øydemarka:
           Rydd Herrens veg,
           gjer stigane hans rette!
 

Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.» På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.

Mark 1, 3-11 



Ord på ord

at alt er ord -
at alle blomar
er ord
alle fjell
er ord
alle hav
er ord på ord på ord

at alle hjarte smeltar
og hjarte veks
og hjarte krympar
av ord

at du ser på meg
og alt eg sansar
er ord -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar