tirsdag 30. august 2011

Å samle skattar

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. (Matt 6, 19-21)


Kva er det viktigaste i livet ditt?

Kva er dine skattar?

Kor er ditt hjarte?

Samlar du skattar på den riktige plassen?

Du veit at alt det du samlar av ting og tang på jorda, er tapt den dagen du ikkje er her lenger? Og at alt det du samlar, ein gang vil gå til grunne og bli til mold og støv att? Og at om 200 år er det svært lite sannsynleg at nokon i det heile hugsar kven du var, eller kva du gjorde?

Og at dei skattane du samlar i himmelen, varer evig? Dessutan finst det ein som aldri gløymer deg!

fredag 26. august 2011

Love divine

Charles Wesley, den engelske presten frå 1700-talet, skreiv ganske mange fine songar. Faktisk publiserte han over 6000 songar! Ganske imponerande. Av dei mest kjende og populære songane er desse:
Ein del av desse songane er å finne på den ganske nye plata "Love divine: The songs of Charles Wesley for today's generation" (Dei songane som er merka med *)


Mange kjende artistar har gitt sine bidrag til plata, og det har blitt ei vakker samling songar. Min klare favoritt, per i dag, er "Christ the Lord is risen today", framført av Aaron Keyes.

Eg fann dessverre ingen songar frå plata på youtube (men det går an å lytte til smakebitar på amazon), så då får vi heller nyte julesongen (Nei, det finst ingen upassande tidspunkt å synge julesongar! Som kristne feirar vi vel i grunn jul heile året?) "Hark! The herold angels sing". Ein nydeleg song, framført av ingen mindre enn Rebecca St. James:



Ein del av songane hans er forresten oversett til norsk. Sidan Wesley var metodist, er det naturleg nok flest av songane hans i metodistane si songbok. Men også i den meir bedehusnære songboka med det treffande namnet "Sangboka" (!) finn vi nokre av songane:

"Kjærlighet foruten like" (nr. 29)
"O Jesus Krist, jeg flyr til deg" (nr. 47)
"Å, gjev med tusen tungers røyst" (nr. 132)
"Dyp av nåde" (nr. 423)
"Jesus, du som har meg kjær" (nr. 447)
"Høyr, Guds englar kved i kor" (nr. 636)

For dei av oss som er glade i gamle, solide songtekstar i nyare musikalsk drakt, er plata "Love divine" ei super plate! Herved anbefalt.

onsdag 24. august 2011

Grave robber - Petra

Dette er ein fantastisk fin song, som handlar om det å dø, og om det håpet vi har som høyrer Jesus til. Eg var på eit kurs nyleg, der kurshaldaren snakke om psykisk helse og det å ha det bra med seg sjølv. Han meinte at det å gå rundt og tenke på livet etter døden berre ville øydelegge livskvaliteten. Ein måtte leve livet her på jorda, og ha fokuset her. Og akkurat det er eg heilt einig i. Mesteparten av fokuset vårt skal rettast mot livet her og no, og på det å vere vitner for Jesus og hjelpe våre medmennesker til å få eit betre liv. Men det å ha eit himmelfokus i tillegg, det å ha eit håp for æva og ein trøystar som kan ta vekk all frykt for døden, det er på ingen måte hemmande for livsgleda. I alle fall ikkje for meg, snarare tvert om! Eg veit at Gud har eit betreliv i vente for meg ein gong, eg fryktar ikkje døden. Ein gong skal døden ikkje finnast meir! For slike som meg, som ikkje har noko til overs for døden (understatement), så er dette fokuset med på å FREMME livskvaliteten. Lytt til songen, les teksten, og takk Jesus for himmelhåpet!

Grave robber

There's a step that we all have to take alone
An appointment we have with the great unknown
Like a vapor this life is just waiting to pass
Like the flowers that fade like the withering grass
But life seems so long and death so complete
And the grave an impossible portion to cheat
But there's One who has been there and still lived to tell
There is One who has been through both heaven and hell

And the Grave will come up empty handed that day
Jesus will come and steal us away

Where is the sting tell me where is the bite
When the grave robber comes like a thief in the night
Where is the victory where is the prize
When the grave robber comes
And death finally dies

Many still mourn and many still weep
For those that they love who have fallen asleep
But we have this hope though our hearts may still ache
Just one shout from above and they all will awake
(And) in the reunion of joy we will see
Death will be swallowed in sweet victory

When the last enemy is gone from the dust will come a song
Those asleep will be awakened - not a one will be forsakened
He shall wipe away our tears - He will steal away our fears
There will be no sad tomorrow - there will be no pain or sorrow


mandag 22. august 2011

Ordfrø

Ut av munnen, med stor presisjon
Fyk ferdige kapslar av ord
Dei er som små frø
fylte med meining
og kraft
og banar seg veg fram mot målet
Dei treff det og plantar seg djupt nedi jorda.

Somme er fylte
med kjærleikens varme,
andre spreier kulde og hat
Nokre gir glede og latter og song
og nokre gir róte og sorg.

Pass på dine kapslar, pass på
dine ord
Dei fleste når fram til sitt mål

søndag 21. august 2011

Om å gje hjartet til Jesus

"Å gje hjartet sitt til Jesus" er eit ganske vanleg uttrykk, men det kan vere vanskeleg å forstå. Kva ligg eigentleg i det å gje vekk hjartet sitt? I kveld, medan eg las for Jens, kom eg over ei svært god forklaring på kva det tyder. Her er eit lite utdrag frå boka "Gud og jeg er venner" av Kari Vinje:

"-Hjertet arbeider hele dagen og hele natta så lenge vi lever, fortsatte mamma. - Det pumper blod rundt i kroppen vår, og blodet har med seg mange fine ting som kroppen trenger for å leve. Hjertet sender blod til hjernen som tenker og føttene som løper, til munnen som snakker og hendene som arbeider, til øynene og ørene og huden og magesekken og alt det som hører kroppen vår til. Hvis hjertet sluttet å arbeide, kunne ikke hjernen vår tenke lenger. Munnen kunne ikke snakke, og føttene kunne ikke løpe. Ja, vi kunne ikke puste engang, og da kunne vi ikke leve heller. Så verdifullt er hjertet vårt. Hjertet har med hele kroppen å gjøre. Derfor er det slik at når du gir Jesus hjertet ditt, da gir du ham hele deg. Du gir ham hendene og føttene og munnen og tankene, slik at han får lov å bestemme over alt sammen. - Å! sa Julie. - Og når du sier til Jesus: "Jesus, her er jeg! Nå får du hjertet mitt, og hele meg. Vær så god!" da tar han imot deg, og da er du hans."

Dette tykte eg var veldig treffande! Enkelt forklart, på ein måte som barn kan forstå. Og eg... I tillegg trur eg at det finst fleire forklaringar på dette uttrykket. Sjå for eksempel på dette sitatet frå Jesus:

"For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint." (Mark 7, 21-23)

Sidan det er frå hjartet vårt alle dei vonde tankane kjem (og her trur eg hjartet er eit symbol på det indre mennesket, sjølvet, vårt bevisste eg), er dette kanskje den viktigaste delen av oss å gje til Jesus. Det er her vi har mest behov for omforming og nyskaping. Får Jesus styre hjartet/tankane våre, får han styre heile oss. Då kan det verkelege livet begynne!

Isop

Isopen vert dyppa i blod
og så over karmen
Etter den ligg ei blodraud stripe
Ei stripe med soning og frelse
Isopen dryp av blod
den har utført si gjerning

Isopen vert retta mot mannen
han smakar på vinen
men vil ikkje ha
Isopen vert kasta vekk
og trakka på
Men langs kvistane
renn ei stripe med blod
Ei stripe med soning og frelse
Mannen har utført si gjerning


(2. Mos 12, 22 og Joh 19, 29)

lørdag 20. august 2011

Om Guds nåde og det å tilgje

I dag har eg lyst å skrive noko om nåde og tilgjeving, men merkar at det er ein fare for at det kan bli litt rotete. Har nemleg litt mange ulike tankar og aspekt i hovudet nett no.

Grunnen til dette er to avisartiklar eg las i ettermiddag, i avisa Dagen sitt magasin "Velsignet helg". Først var det eit intervju med artisten Ole Paus. Overskrifta var "Bare tilgivelse kan drepe ondskapen". Så langt hang eg med, men eg datt litt av då han sa at vi som er kristne har ei stor oppgåve i å tilgje Anders Behring Breivik. Noko i meg reiste bust, samtidig som eg visste han hadde rett.

Grunnen til at eg reagerte med det same, er todelt. For det første er det generelt vanskeleg for oss menneske å tilgje. Ja, vi kan møte ein udåd med kjærleik og samhald, men tilgje den som gjorde ugjerninga? Mange vil nok seie at det er for vanskeleg, ja nesten umogeleg. Og mange vil nok seie at dei ikkje vil tilgje. Også hos meg var dette ein tidleg tanke.

For det andre forventar vi ofte ei unnskyldning, eit snev av anger, før vi vurderar å tilgje. Hadde Breivik sitte og grått og sagt at han aldri skulle ha gjort det han gjorde, hadde det vore hakket lettare å vurdere å tilgje.

Samtidig som det stritta i mot i meg, visste eg altså at det han sa var rett. Tilgjeving er den einaste måten å bekjempe ondskapen på. Det var med tilgjeving og nåde at Jesus vann over djevelen og alt det onde, då han døydde og stod opp att. Hans død og oppstode genererar nemleg ein uendeleg straum av nåde over oss menneske. Ei elv som aldri stoppar, men som skyl over oss kvar einaste dag. Og har vi spurt om dette? Var det vi som ba Jesus dø på korset? Var det vi som trygla om nåde? Nei, det var nok ikkje det. Visst var det vi menneske som spikra han opp på korset, men det var Gud som hadde regien. Det var Gud som bestemte seg for å dø for oss. Medan vi endå var syndarar! Han kom, ubedt, og gav oss så utruleg mykje meir enn vi nokon gong kunne funne på å be om.

Som kristne bør vi følgje Jesu eksempel. Bør? Nei, vi har eit oppdrag, eit heilagt kall: Å leve liv som ærar Jesus, og viser verda hans nåde og tilgjeving. Dermed skal vi også følgje hans programerklæring: Tilgje alle, uansett. Til og med om dei ikkje angrar eller ber om nåde. Tilgjevinga er for alle, og vi har som kristne fått den gratis. Vi har betalt null og niks for den. Difor skal vi også gje den vidare gratis.

Før eg starta skrive dette innlegget, leita eg litt på google for å finne nokre passande illustrasjonsbilder. Då kom eg blant anna over bildet til venstre. Jesus som løftar ein mann opp frå søla. Mannen verkar knust og utslått. Svak. Og Jesus held han fast i armane sine. Fast, og samtidig kjærleg. Han held han som om det er sin eigen son han løftar opp og støttar.

Dette er eit godt bilde på nåden, tenkte eg. Gud som løftar oss opp og held oss i armane sine.

Så såg eg litt nøyare på bildet, og fekk auge på det mannen held i hendene sine: ein hammar og ein nagl. Litt pussig, eigentleg. Ikkje hammaren og naglen, altså, for det symbolet er tydeleg: Denne mannen har vore med og spikra Jesus til krossen. Det som er pussig, er kleda. Dongeribukse og t-skjorte. Moderne klede. Men, tenkte eg, dei som krossfesta Jesus var då soldatar. Burde han ikkje ha uniform og meir tidsriktige klede?

Nei, han burde ikkje det. Han går med dei heilt korrekte kleda. Også vi som lever i dag var med og spikra Jesus fast til krossen. Det var våre synder og feilsteg som var årsaken til at Jesus døydde, så på ein måte kan eg seie at eg også har ein hammar og ein nagl i handa mi.

Jesus held den skuldige og svake mannen oppe. Trass i kva han har gjort. Jesus tilgir alltid trass i alt. Vi har ingenting å betale han tilbake med, vi kan berre ta i mot. Gratis.

Så er det vel slik vi også bør gjere? Ja.

Akkurat no kjennes det veldig vanskeleg å tilgje Breivik for det han gjorde, men eg veit at Ole Paus har rett. Vi må tilgje.

Morten Eikli sa i ein annan artikkel i den same avisa: "... Guds nåde er ikke noe lenger unna Anders Behring Breivik enn den er for deg og meg." Og eg veit det er sant. Elva av nåde som strøymer frå krossen, er stor nok til også å omfavne Breivik. Alt han må gjere er å ta imot.

I jakta på illustrasjonsfoto fann eg også bildet til høgre. Dokumentarfilmen om Julius Paltiel: "Tilgi - men aldri glemme".

Slik er det for oss menneske. Vi kan tilgje, men det er utruleg vanskeleg å gløyme. Og kanskje skal vi ikkje gløyme heller. For eksempel bør vi alltid hugse det som skjedde i Europa på 30- og 40-talet, og dei konsekvensane det fekk. Slik at det aldri skjer igjen. Kanskje skal vi på same måten måtte hugse det som skjedde i Oslo og på Utøya, slik at vi kan gjer alt som står i vår makt å forhindre at det skjer igjen.

Vi må tilgje. Same kor vanskeleg det er. Og så håpar eg, inderleg, at Breivik kan få innsikt i kva han eigentleg har gjort, begynne å angre og be om tilgjeving. Også han treng Guds nåde, og eg håpar han kan ta i mot denne. Same kva eit menneske har gjort, er Guds nåde stor nok.

I mellomtida må vi andre prøve så godt vi kan å tilgje, slik at vi ikkje lar ondskapen få overtaket i oss. Slik at vi ikkje vert øydelagte av bitre og vonde tankar. (For akkurat dette temaet vil eg gjerne anbefale denne bloggposten: Kraften i tilgivelsen, skrive av Victoria Vik)

Og så er eg så uendeleg uendeleg glad for at Gud ikkje er som oss; Han tilgir og ... GLØYMER!