tirsdag 1. januar 2019

Colson Whitehead: Intuisjonisten

Colson Whitehead vart først kjent her i Norge med boka "Den underjordiske jernbanen". "Intuisjonisten" er litt eldre, og den første boka forfattaren gav ut.

Me vert kjende med heisinspektøren Lila Mae Watson, som er den første kvinnelege, svarte inspektøren i byen. Ho er ikkje populær blant kollegaene. Ikkje berre på grunn av kjønn og hudfarge, men også for ein nokså uortodoks metode for å inspisere heisar. Ho kallar seg sjølv for "intuisjonist", og fylgjer bøkene til professor Fulton. I staden for å sjå på motorrom og wirear, står ho med attlatne auge og lyttar og kjenner medan heisen bevegar seg, og ut får intuisjon kan ho seie om noko er gale eller ikkje. At ho har ein av dei høgste treffprosenta i byrået er ikkje så lett for kritikarane å svelje.

Ein dag fell ein av heisane ned sjakta, i fritt fall, dagen etter at Lila Mae har inspisert og godkjent den. Dette er utgangspunktet for historia. Byrået står framfor nyval til leiar, og rivaliseringa mellom dei to kandidatane er i hovudsak ei rivalisering mellom intuisjonistane og dei tradisjonelle "empiristane". Lila Mae vert dregen inn i maktkampen, og snart gjer også den mektige mafiaen seg gjeldande. Det same gjer eit rykte om at professor Fulton konstruerte "den perfekte heisen" før han døde. Ingen veit kor dei fleste av dagbøkene hans har blitt av, men alle vil ha tak i dei.

Lila Mae veit snart ikkje kven ho skal stole på, eller kor ho kan vere trygg. Kven er personane ho har rundt seg eigentleg, kven har ærlege motiv, kven vil henne vel og kvifor skreiv professor Fulton om henne i dagboka si?

Det vert ei intens jakt på sanninga, og historia tek stadig vekk overraskande vendingar. "Intuisjonisten" er ei spennande og svært velskriven bok!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar