søndag 3. januar 2016

Bøker lest: Desember 2015

Desember var ein god lesemånad, og eg fekk lest ein del bøker som har stått på vent ei tid i hylla mi. Slik endte boklista mi opp (i den rekkefølgen eg las dei):

Conn Iggulden - Keiseren; Gudenes blod

Eg las dei fire første bøkene i Keiseren-serien i 2012, og fekk då eit godt innblikk i livet til Julius Cæsar. Gudenes blod er altså femte bok i serien, og tek for seg åra etter at Cæsar vart drept. Vi fyljer den unge Gaius Octavius (som skifta namn til Gaius Julius Cæsar, etter adoptivfaren) sin kamp mot mennene som planla og gjennomførte drapet.

Det verka eigentleg som Iggulden hadde avslutta serien med bok fire, så det var ei hyggeleg overrasking at denne kom no. Og kanskje er det håp om fleire - det skjedde då tross alt ein god del spennande etter at Octavius vart keisar Augustus...





Inger Bråtveit - Alice A4

Dette er jo lokallitteratur, og eg syns eg burde lese noko av denne forfattaren frå min eigen kommune.

Boka speler ein del på det klassiske eventyret om Alice i eventyrland (og her må eg tilstå at eg aldri har lest historia om Alice. Det gjorde nok at eg stilte litt svakare når eg las boka til Bråtveit...)

Gjennom mange små tekstar/kapittel vert det fortalt ei historie om jenta Alice, om val ho tek og angrar på og kampen for å finne sin plass.

Det er ikkje ei veldig tilgjengeleg bok, for det er mykje som må tolkast. Eg likte den, og hadde kanskje likt den endå betre viss eg hadde forstått referansane til Alice i eventyrland.


Helge Torvund - Alabama?

Torvund skriv dikt som tek opp mange ulike tema i denne boka, og han har ein skrivestil eg likar. Her er rom for mykje meddikting!













Margaret Skjelbred - Det lir mot kveld/Kristinas reise

Denne diktboka inneheld to sonettar, i tillegg til kommentarar frå forfattaren både når det gjeld det å skrive sonette og om tema i dikta.

Det er imponerande å lese sonettane - korleis forfattaren har fått dei fjorten dikta i sonetten til å passe i hop, i tillegg til at språket er lett og ledig og med gode rim og rytme. Dette er godt dikthandverk!








Jostein Krogedal - Kommunikasjon, sex og penger

Denne boka er skriven til menn, og handlar om det å vere ein god ektemann, med fokus på tre områder der det kan vere ekstra utfordringar. Den kan også brukast som studiebok, då det er spørsmål til samtale etter kvart kapittel.

Her er mange gode råd, og det var ei grei bok å lese. Likevel sit eg med ei kjensle av at menn som er nokre år eldre enn meg, kanskje ville hatt meir nytte av den. I min generasjon er mange av dei tinga forfattaren tek opp meir sjølvsagte, i alle fall i dei miljøa eg har gått i. Men for all del - det er alltid greit med repetisjon og oppfrisking!





Emmi Itäranta - Kildens vokter

Fascinerande dystopi, om ei verd der vatn er blitt den største rikdomen, og den viktigaste grunnen til konflikt. Eg har skrive litt meir om boka i dette blogginnlegget: Topp 10 bøker 2015












Elena Ferrante - Mi briljante venninne

Ferrante har skrive ein annleis og fascinerande oppvekstroman frå Napoli på 50-talet, og vi vert kjent med venninnene Elena og Lila. Det er dei rike familiane i bydelen som styrer gamet, og dei to jentene veks opp i eit fattig og valdeleg miljø.

På kvar sin måte prøver dei å komme seg ut av fattigdomen og grepet andre held om familiane deira.

Ei flott historie, og den første boka i ein serie på fire. Eg gler meg til å lese fortsetjinga!





Jonas Jonasson - Morder-Anders og hans venner

Etter all den herleg galskapen i "Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant" og "Analfabeten som kunne regne", såg eg fram til denne nyaste boka. Og fantasien til forfattaren boblar vidare, og eit nytt fascinerande persongalleri er på plass!

Denne gongen er tema vald og religiøsitet, og som vanleg er det mykje pengar involvert. Viss du lurar på kva som skjer når ein tidlegare mordar og valdsmann begynner å tru på Gud, og får vegleiing av ein sint, hevnlysten prest som IKKJE trur på Gud, og desse får selskap av ein resepsjonist som syns verden og livet generelt har behandla han urettferdig og desse saman startar ein eigen menighet, der målet er å få inn mest mogleg i kollekt (til seg sjølv)... ja, då er dette rett bok å lese.



M.R. Carey - Menneskebarnet

Hadde eg lest denne boka før eg skreiv topp 10-lista for 2015, så hadde den nok komt med!

Også denne boka er ein dystopi, og ein fascinerande sådan. Det er tjue år sidan ein forferdeleg sjukdom raserte heile den kjente verda, og det er fortsatt fare for smitte. På ein hemmeleg militærbase sit vesle Melanie innesperra på einecelle, og vert bunden fast til rullestol kvar gong ho skal ut. Og ho skal aldri lenger enn inn i eit klasserom, der ho får undervisning - og der lærarane veit at ho er eit geni.

Historia vert fortalt gjennom auga til Melanie, og gradvis får vi eit tydelegare bilde av kvifor lærarane og soldatane er så redde henne, og kor mykje som eigentleg står på spel.

Dette er ei grusom, fascinerande og utruleg bra skrive bok. Eigentleg er det eit filmmanus, og slik eg forstår det, kjem filmen "Menneskebarnet" på kino seinare i år.


Ope

dette treet er eit tre
seier eg
snur det rundt, så lyset treff
frå alle sider samtidig 

kan du opne skoddene,
kle av fasaden, kleda, kamuflasjen,
brette det heile ut, så vi ser
kjernen – det indre i dette

så eg snur det ein gong til
peikar på treet – det er eit tre!
og det du ser utanpå
er det du ser inni (bark, ved)
det er ikkje meir enn det 

og det korset, då?
kva gøymer du under røtene
kva kjem fram når vi grev opp denne boka
og let sola tørke blada? 

dette korset er eit kors –
            her vann Han liv gjennom døden
denne boka er ei bok
            her fann eg vegen til livet
og trua – den er ei tru
for eg trur det er dette som gjeld
og eg trur
ja, eg trur –
og det er alt eg treng



2. Kor 4, 2: Nei, vi har sagt frå oss alt hemmeleg og skammeleg; vi går ikkje fram med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Men vi legg sanninga ope fram, og for Guds andlet stiller vi oss sjølve fram så alle menneske kan dømma oss etter sitt samvit.

lørdag 2. januar 2016

Favorittsongar 2015

Mi topp 20 liste for songar høyrt i 2015. Nokre av dei er allereie nemnde i tidlegare lister for 2015. Under ligg ein link til ei spotifyliste, der songane kan høyrast:

1) JJ Heller - Fully known
2) Pacific Gold - I will know him
3) Tree63 - Blood flows
4) NF - Mansion
5) Children 18:3 - Bethlehem
6) Showbread - I'm afraid that i'm me
7) Theocracy - I am
8) TobyMac - Love broke thru
9) Kevin Max - Infinite
10) Plumb - Smoke
11) Lauren Daigle - Trust in You
12) Kutless - My heart is a ghost
13) Disciple - Bring the dead to life
14) Nichole Nordeman - The unmaking
15) Paul Colman - Someday
16) Drew Holcomb & the neighbors - Shine like lightning
17) Dustin Kensrue - There's something dark
18) Hawk Nelson - Diamonds
19) The Gray Havens - Far kingdom
20) Burlap to Cashmere - I will follow




fredag 1. januar 2016

Nærvær



der er eit stille nærvær
i dette møtet
mellom veike menneske

her sit vi, bøygde
for livet pressar frå alle kantar
og ein stad må vi gå

med alle desse sutene
feilstega i vanvare, og verre;
dei vi trør med opne auge

så vender vi hit att, saman
og Gud er i same rommet,
eit nærvær som famnar

alle våre feil
samlar Han saman
og legg dei vekk – for evig og alltid


Matt 18, 20: For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.

onsdag 30. desember 2015

Topp 8 EP 2015

Skal eg vere heilt ærleg, brydde eg meg aldri om EPar før Spotify-tidsalderen. No har det snudd tvert om, og eg syns det er ein god måte å få friske tilskot til spelelistene også mellom dei store albuma. Og ein god måte å bli kjent med nye artistar på. Her er dei åtte beste eg oppdaga i løpet av 2015: 

1) Copperlily: A very Copperlily christmas

Sjanger: julemusikk/pop

Tre songar frå ei gruppe som er blant dei eg likar aller best å høyre på. Eg seier ja takk til meir julemusikk frå den kanten!

Favoritt: My family's crazy (at christmas time)









 2) Disciple: Vultures

Sjanger: Rock

Disciples spelar rock i den meir harde enden, men har også nokre rolege songar innimellom.

Favoritt: Bring the dead to life










 3) Five Iron Frenzy: Between pavement and stars

Sjanger: Skarock

Ein festleg EP, med songar som ikkje vart tekne med på albumet "Engine of a million plots" i 2013.

Favoritt: To Astoria!









4) Nichole Nordeman: The unmaking

Sjanger: Pop

Det er alltid gledeleg (syns eg) når Nichole Nordeman kjem ut med ny musikk. Fengande melodiar, og tekstar som er reflekterte og relevante - og oppbyggande!

Favoritt: Name





 
5) Paul Colman: Recalculating

Sjanger: pop/rock

Som vanleg er det stor variasjon i stil på songane til Colman, og som vanleg er det gode songar!

Favoritt: Someday








6) Pen pals: Gold

Sjanger: Akkustisk pop/vise

Dette er ei roleg og ettertenksom plate. Fine songar, framført av to svært dyktige musikarar: Heath McNease og Jetty Rae.

Favoritt: Open door








7) Seventh Day Slumber: Redline

Sjanger: Rock

Flotte rockelåtar, med relevante tekstar. Litt å tygge på!

Favoritt: I'll bleed










8) Signum Regis: Through the storm

Sjanger: Power metal

Flott musikk frå det slovakiske metall-bandet.

Favoritt: Through the desert, through the storm










Her er songane frå alle EPar (utanom Seventh Day Slumber sin, som ikkje er på spotify) samla i ei speleliste:


mandag 28. desember 2015

Topp 10 CD-album 2015

Det har blitt laga mykje god musikk i året som gjekk, og som rimeleg altetande når det gjeld sjanger, har eg lytta til mange forskjellige artistar. Her er ei liste over dei ti platene eg likte best i året som gjekk. Fire av artistane var nye for meg, medan dei andre er gamle travarar i CD-spelaren. Eg startar med dei rolege platene, og så aukar intensiteten etter kvart:

 1) Burlap to Cashmere: Freedom souls

Sjanger: pop/folk/world med særleg preg frå gresk folkemusikk

Først på lista er det albumet eg oppdaga sist av desse ti. Burlap to Cashmere er ei gruppe eg vart glad i allereie sist på 90-talet, på den tida eg budde og jobba i Ålesund. Det er roleg musikk med gode rytmar. Tekstmessig vender dei på denne plata litt tilbake til stilen frå 90-talet, med meir fokus på Gud og trua enn på den førre CDen ("Burlap to Cashmere", 2011)

Favorittsong på plata: "I will follow"



2) Drew Holcomb & the neighbors: Medicine

Sjanger: pop/rock/folk

Denne gruppa var ny for meg i år, og det var eit gledeleg funn å høyre gjennom plata "Medicine". Roleg og festleg musikk, med melodiar som festar seg!

Favorittsong på plata: "Shine like lightning"







3) Kevin Max: Broken temples

Sjanger: pop

Med vakre melodiar og ei heilt fantastisk stemme, er plata til Kevin Max heilt klart eit av årets musikalske høgdepunkt! Det var også stas å få vere på Kevin Max-konsert på Vikeså i november, men då song han dessverre få songar frå denne plata.

Viss du ikkje har høyrt artisten før, er denne CDen ein god plass å starte eit nytt bekjentskap!

Favorittsong frå plata: "Infinite"



4) Tree63: Land

Sjanger: pop/rock

Sjølv om eg har visst om gruppa Tree63 i mange år, har eg aldri før høyrt på dei. Dei var berre eit artistnamn eg bladde forbi på spotify. Det angrar eg litt på no, for når eg no har høyrt gjennom plata Land nokre gongar, er det klart at dette er musikk heilt etter min smak. Flotte melodiar og ikkje minst djupe og lyriske tekstar som utfordrar og byggjer opp.

Favorittsong på plata: "Blood flows"



5) Third day: Lead us back

Sjanger: pop/rock/lovsong

Third day er ein av dei 'gamle travarane', som eg har lytta mykje til i snart tjue år. "Lead us back" er ei av dei beste platene dei har laga (og det seier litt, frå eit band som nesten berre har laga gode plater!) Vokalist Mac Powell og resten av bandet + gjester er god backup til dagar der ein kjenner behovet for å lovsynge!

Favorittsong frå plata: "Soul on fire"
 6) Plumb: Exhale

Sjanger: pop/rock/lovsong

Også Plumb er ute med lovsongsplate dette året, og som vanleg er tekstane ærlege og utfordrande. Eg likar Plumb særleg for evna til å nærme seg kjende tema på heilt nye måtar, i tillegg til at tekstane er lyriske og godt oppbygde. Og musikken er som vanleg god!

Favorittsong frå plata: "Smoke"





7) TobyMac: This is not a test

Sjanger: pop/rock/hiphop

Ei ny plate frå TobyMac er alltid spennande. Gode og fengande melodiar er eit varemerke, og som vanleg er det stor variasjon i songane, frå rolege poplåtar, via funky hiphop til meir rocka  melodiar. Plata er nesten like god som Portable Sounds frå 2007! Ekstra kjekt er det at han på ein av songane har fått med seg dei to andre medlemene i DC Talk (Kevin Max og Michael Tait), og klarar å møte litt av lengten etter ei ny DC Talk-plate.

Favorittsong frå plata: "Love broke thru"


8) Fireflight: Innova

Sjanger: pop/rock

Då vi kom heim frå Danmark i sommar, måtte vi køyre frå Kristiansand og heim om natta. Borna sov i baksetet, Nina sov i framsetet og ute var det mørkt og lite trafikk. Då var det godt, nesten essensielt, å ha denne plata på cd-spelaren. Den heldt meg vaken heilt fram til Stavangerferga! Gode låtar med trøkk i, og fine tekstar. Og så var det kjekt å vere på Fireflight-konsert på Vikeså i november!

Favorittsong frå plata: "Resuscitate"



9) Children 18:3: Come in

Sjanger: pop/rock/punk

Children 18:3 oppdaga eg no i haust, og paradoksalt nok er plata "Come in" deira siste - dei skal no leggje opp. Gruppa består av tre søsken, og musikken er temmeleg rå. Den eignar seg godt til å bli spelt på høgt volum i bilen på veg til jobb. Då vaknar ein skikkeleg...

Favorittsong frå plata: "Bethlehem"





10) Theocracy: As the world bleeds

Sjanger: progressiv metal

Denne plata er eigentleg frå 2011, men eg har den med her likevel, sidan eg har høyrt så mykje på den denne hausten. Også Theocracy er eit nytt bekjentskap, sjølv om sjangeren ikkje er det. Dette er rå musikk, med tung instrumentering og vokalisten Matt Smith si stemme er behageleg å høyre på. Tekstane er svært bibelsentrerte, så det er oppbyggeleg å lytte. Faktisk var det songen "Hide in the fairytale" som fekk meg inn på sporet med bibelleseplan igjen, etter ein litt "vinglete" haust.

Favorittsong frå plata: "I am"



Her kan du lytte til songar frå albuma i lista mi (med unntak av Burlap to Cashmere, som ikkje har lagt plata ut på Spotify endå. Eg har med nokre songar frå den førre plata i staden):





Og viss nokon skulle trekke den slutninga ut frå lista mi, at eg for det meste høyrer på musikk laga av kristne artistar, som lagar songar som anten er inspirerte av Bibelen, handlar om trua og Jesus eller er lovsongar til Gud, er det så nær sanninga du kan komme!

søndag 27. desember 2015

Topp 10 bøker 2015

Som vanleg er det vanskeleg å plukke ut dei beste bøkene frå året som har gått, både fordi eg har lest så mange gode, og fordi eg garantert har latt vere å lese bøker eg ville likt veldig godt. Det er jo så mange å ta av! Men av dei eg har lese, vel eg desse ti som årets favorittar:

 1) Jodi Picoult: Historiefortelleren

Notid og fortid vert fletta saman, og det som skjedde i Tyskland under andre verdskrigen får fyljer for hovudpersonen i dagens USA. Ei spennande historie vert fortalt, og vi får sjå det som skjedde  frå både fangen og fangevaktaren sin synsvinkel.

Eg likte boka særleg for dette at den ikkje er eindimensjonal. Som lesar vert ein litt glad i både dei "snille" og dei "slemme". Verda er ikkje svart/kvitt, noko også denne historia viser oss!

I tillegg til dette foretar hovudpersonen ei indre reise, og strevar både med skuldkjensle og kompleksar på grunn av eit stort arr i ansiktet.





 2) Maja Lunde: Bienes historie

Dette er ei svært fascinerande bok, og fortel ei viktig historie. Biene er, som tittelen seier, sentral i teksten, og i boka får vi møte dei i ulike historiske kontekstar. Først frå dei første forsøka på å bygge bikubar som fungerar godt, fram til dagens birøkting og vidare inn i eit tenkt framtidssamfunn, der fråværet av bier har snudd opp ned på verda.

I tillegg til å vere ei godt fortalt historie, og ei historie som viser kor viktig det er å ta vare på naturen, er det ekstra kjekt når det byrjar å dukke opp samanhengar mellom dei tre parallellforteljingane.






 3) Gaute Heivoll: Over det kinesiske hav

Denne forteljinga gjorde djupt inntrykk på meg. Det er særleg pappahjartet mitt som vert truffe (hardt!), og det er særleg ei enkelthending - som vidare set sitt preg på heile forteljinga - som er litt vanskeleg å lese om. Eg kan ikkje seie kva dette er, utan å røpe for mykje om handlinga - men du vil skjøne kva eg meiner viss du les den (eller allereie har lest den...).

Språket til Heivoll er utruleg flott, og korleis han konstruerer forteljinga er halve leseopplevinga! Dette er andre året på rad at eg har med Gaute Heivoll på lista mi. På topp ti-lista frå 2014 finn du boka "Før jeg brenner ned".




4) Synnøve Veinan Hellerud: Siste nytt fra vestfronten

Eg har med to sakprosabøker på lista mi, og den første er ei reise langs dei ulike stillingane på vestfronten i 1. verdskrigen. Med eit levande og skildrande språk tek forfattaren oss med på ei interessant reise, der vi både får vite korleis dei ulike stadane ser ut i dag, og kva som hendte der i løpet av dei fire krigsåra for hundre år sidan.

For meg var dette ei lærerik og interessant bok.







 5) Erika Fatland: Sovjetistan

Også den andre sakprosa-boka er ei reiseskildring, og turen går til fem land eg visste svært lite om på førehand. Dei gamle sovjetstatane Turkmenistan, Kazakstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan ligg sentralt plassert i Asia, og har vore åstad for mange små og store konflikter opp gjennom hundreåra. I sovjettida var det heller lite informasjon som kom ut frå landa, og fleire av dei er ganske lukka også i dag.

Fatland reiser frå land til land, skildrar naturen og folka og fortel om møter med enkeltmenneske og om styresett og samfunnsstrukturar. Det vert ei variert og lærerik reise i dette området, og eg følte meg litt klokare etter å ha lese den!



6) R.S. Thomas: Ein stad mellom tru og tvil

Eg har lese fleire gode diktbøker dette året, men den eg likte aller best var nok denne boka til R.S. Thomas. Tekstane er akkurat så passe tilgjengelege at det er mogleg å forstå kva forfattaren vil seie, samtidig som språket er lyrisk og symbolbruken rik. Dermed kan eg ofte tolke mine eigne kjensler og tankar inn i det eg les, og på den måten er det fleire av tekstane som treff meg. For eksempel dette vesle diktet kalla "Når vi er veike":



Når vi er veike, då er vi
sterke. Når vi lét att augo
mot verda, står ein stad
inne i oss ein busk 

i brann. Når vi er fattige 
og ser kor mangelfullt
bordet vårt er dekt, er det dit
den ubedne gjesten vår kjem.

Litt fleire dikteksempel og meir om boka i dette blogginnlegget.


 7) John Williams: Stoner

Ei stillferdig og gripande forteljing om Stoner, som kanskje ikkje er av dei som kjem heldigast ut i livet. Som lesar får eg sympati med han, samtidig som forfattaren held han litt på avstand. Han vert ein noko lukka person, både for omgjevnadane og meg som lesar.

Etterkvart som historia skrid fram, sit eg med eit intenst ynskje om at hovudpersonen må få oppleve den lukka han søker.








8) Harper Lee: Drep ikke en sangfugl

Dette er slett ikkje ei ny bok, og den har lenge stått på leselista mi. No var endeleg turen komen, og eg kan forstå kvifor dette har blitt ein klassiker.

I boka vert vi kjent med ein liten, avsidesliggjande landsby i dei amerikanske sørstatane, der skiljet mellom kvite og svarte gjennomsyrar heile samfunnsstrukturen.

Ein dag vert ein av dei farga arrestert, skulda for å ha voldteke ei kvit jente. Advokaten, som er far til hovudpersonen, får ein vanskeleg jobb, og saka pregar heile landsbyen.

Forteljinga er fortalt ut frå eit barns synsvinkel, og som lesar får vi innblikk i kva som skjer etter kvart som hovudpersonen opplever og fortel om hendingane.

 9) Emmi Itäranta: Kildens vokter

Eg er glad i dystopiar, og denne boka sette fokus på eit ganske jordnært problem i ei tenkt framtid: Kva om tilgangen til ferskvatn vart så redusert at myndighetene kontrollerar bruken og straffar - hardt - når nokon brukar ulovleg vatn?

Dette er utgangspunktet for denne boka, og hovudpersonen får ansvaret for å passe på ei hemmeleg kjelde med ferskvatn. Ho kjem snart opp i moralske dilemma, for medan ho sjølv har rikeleg tilgong til ulovleg vatn, vert folk sjuke og strevar med å overleve rundt henne. På toppen av det heile kjem ho og venninna hennar over ei plate med innspelt lyd frå tida like etter at 'den store katastrofa' inntraff.

Store val må tas, og ei spennande historie, både på det indre og det ytre plan, utspelar seg i denne framtidsverda. For nordmenn med uavgrensa ferskvasstilgong er dette ei ukjent problemstilling, men kanskje derfor også eit viktig tema å tenkje gjennom.


10) Siri Pettersen: Ravneringene (trilogi)

Eit av årets største leseopplevingar var dei tre bøkene i Ravneringene: Odinsbarn, Råta og Evna. Dette er fantasy-bøker, og historia er lagt til eit parallelt univers, der folk flest har hale, og evna til å trekkje til seg styrke frå jorda (i boka kalla "å famne"). Inn i dette samfunnet kjem Hirka, ei halelaus jente utan evne til å famne. I det forteljinga tek til, er ho komen i den alderen då ho skal møte "Seeren", ein helte-/gudeskikkelse, som er den øvste autoriteten i landet. Men ting går ikkje slik leiarane har tenkt det, og Hirka finn plutseleg seg sjølv midt i eit intenst drama.

I kvar av bøkene utvidar Pettersen hovudpersonane sine univers, og tilfører stadig ny kunnskap. Gamle fordommar må ryke, og noko vi får vite i eine boka, endrar plutseleg karakter i neste bok - akkurat som personane vert stadig meir komplekse utover i bøkene, og det er ikkje alltid godt å seie kven som er venn og kven som er fiende. Denne kompleksiteten er det eg likar aller best med bøkene, i tillegg til det faktum at helten i forteljinga er den einaste personen utan magiske krefter i det heile. Eit ganske annleis utgangspunkt for ein fantasy-serie!

Det skulle ikkje forundre meg mykje om denne bokserien ein vakker dag vert å finne som storfilm i tre/fire delar, á la Hobbiten eller Hunger games.