søndag 11. november 2012

Ikkje alt er underhaldning

I avisa Vårt Land (link til artikkel) les eg at psykolog Gry Stålsett åtvarar mot å sjå filmen "Eksorsisten i det 21. århundre." Dette er ei åtvaring eg kan forstå, for ikkje alle har godt av å sjå ein slik film. Så det er ikkje åtvaringa eg stussar over i denne saka, men at det vert laga ein film der ein viser eksorsisme i praksis.

Det har tidlegare blitt laga underhaldningsfilmar med eksorsisme som tema. Eit enkelt eksempel å leite fram her, er skrekkfilmen "Exorcisten." I desse filmane vert den religiøse handlinga eksorsisme omgjort til noko fryktsamt og abnormt, og noko dei fleste kinobesøkande ikkje har forutsetningar for å kunne skilje frå røyndomen. Eksorsismen på film vert det same som handlinga eksorsisme, og ein vil då reise bust når ein høyrer at dette er noko som vert gjort i den katolske kyrkja.

For oss som er oppfostra på bedehuset, og har sett vår del av lysbildeseriar frå misjonsmarka, veit at eksorsisme er mykje vanlegare i land med religiøse kulturar prega av djeveldyrking og demontilbeding. Det er ein andeleg realitet som er ganske fjern frå oss i Noreg, og som er vanskelege for oss å forstå.

Av den grunn kan eg ikkje forstå kvifor dette skal bli gjort til underhaldning, eller kvifor katolske riter skal visast fram på film. Ikkje alt her i verda er underhaldning, og eksorsisme er så til dei grader langt unna underhaldning.

No må ingen misforstå, og tru at eg meiner vi ikkje skal snakke om tema, eller la vere å setje spørsmålsteikn ved ritual og skikkar som verkar framande. Spørsmål og søkelys er viktig, men det må gjerast på ein skikkeleg måte, og av personar som veit kva det handlar om. Hvermannsen kan ikkje bedømme om det som vert gjort i katolske riter er bra eller dårleg. I alle fall ikkje ein Hvermannsen som ikkje trur på Gud eller har erfart åndskampen på kroppen.

I same kategori kjem intime scener i underhaldningsfillmar. Dette er jo ei heilt anna sak, men også for slikt skulle det vore sett opp eit privat-skilt. Andre menneske sitt sexliv burde ikkje ha vore av interesse for nokon andre, og burde ikkje blitt fritt eksponert på kinolerret eller tv-skjermar. I det ein filmar sex til offentleg visning, har ein teke bort noko av det mest fundamentale med handlinga: Det nære og intime møtet mellom to personar. Sex er privat, men kan det vere privat viss millionar i publikum ser på?

Og ungdomen, den frå før av usikre ungdomen, kva skal dei tenkje? Eg har høyrt mange merkelege og malplasserte spørsmål og kommentarar frå mine år i skulen. Samtalar mellom elevar i friminutta, eller slengkommentarar og frekke vitsar. Eg fangar opp ein sterk mangel på kunnskap om kva sex er, kombinert med djup kunnskap om korleis sex kan sjå ut og vert vist fram i media. Og den kombinasjonen er ikkje alltid like heldig. Vi foreldre, lærarar og vaksne generelt har ei viktig rolle i det å formidle dei andre dimensjonane ved seksualiteten: Intimitet, tillit, kjærleik, fellesskap og truskap. Pornoindustrien kan ikkje, og vil ikkje, formidle noko av dette. Det blir litt slik:


(I det du har lest, som jo er vitsen med skilt, har du brote det som står der)
Sex på film har skinn av intimitet, men i det du ser det, er det ikkje lenger intimt og privat...

Så kjære filmindustri: Ikkje lag underhaldning av ting som vi ikkje kan forstå eller ikkje har noko med å sjå!

3 kommentarer:

  1. Du skriver det så bra! Og jeg skal glatt innrømme at jeg og mannen satt og så på nettopp "eksorsisten i det 21. århundre" i går. Og selvom jeg ikke blir skremt av å se det jeg så (har vært i Afrika vet du ;)), så syns jeg - som deg - at dette ble å komme altfor tett innpå mennesker. Jeg likte ikke hvordan de viste skrekken i øynene, eller for å ikke snakke om øyne som så ut som de var virkelig fulle av ondskap - på et menneske som så ble helbredet...Jeg syns det ble virkelig tøft å se på det der, og absolutt ikke noe vi, som helt utenforstående, skal bli dratt inn i og ta del i.

    jeg skjønner deg, og følger deg - det er mye som ikke bør vises, som er langt innenfor privat-sfæren, men du vet samfunnet i dag, bryr seg katta - for å si det mildt. Trist, veldig trist...syns jeg.

    Og ja, forresten, vi slo av tv`n lenge før programmet var ferdig. Ble for heavy.
    Takk for at du belyser et viktig tema. God ny uke til deg :)

    SvarSlett
  2. Så vert då det store spørsmålet: Kven skal sette standarane for kva me ikkje kan forstå, og dermed ikkje laga tvproduksjonar av.

    Når Michael Moore lagar pop-dokumentarar av dystre sider ved det amerikanske samfunnet, er me sikre på at koreanske tv-sjåarar ikkje misforstår?
    Nå Al-Jazeera lagar modige intervju med aktive Al-Quaeda medlemmar, klarar me å forstå motivasjonen deira, eller blir me berre skremt?

    Religion er subjektivt og kan difor eigentleg berre forståast innanfor sin eigen kontekst. Så eg er einig med deg, den jamne, halv-sekulære nordmann ser ikkje eit program om exorsisme på rett grunnlag. Akkurat som at eg ikkje heilt forstår eit program om fem år gamle budhistmunkar som lever etter ein streng kodeks.

    Likevel så er det viktig at det er LOV å lage slike program, for det motsatte alternativet handlar jo om streng mediekontroll, og vil me verkeleg der?

    Sex og media, er derimot ein heilt annan debatt...

    Du skriv bra Sprettstein :)

    I

    SvarSlett
  3. Takk Spirea og Asbjørn! Og nei, Asbjørn, eg ynskjer ikkje streng mediekontroll/sensur. Men eg ynskjer ei presse som ikkje viser alt som kan visast, sjølv om dei har moglegheit til det. Det er jo slik, jo meir makt ein har, jo større ansvar har ein for korleis ein brukar den.

    Eg seier ikkje at media ikkje skal omtale eksorsisme. Som eg skreiv, meiner eg det er viktig med debatt, og at kontroversielle tema vert lyfta fram. Det er berre måten... Treng ein verkeleg vise ein verkeleg eksorsisme for å kunne setje dagsorden?

    SvarSlett