fredag 9. november 2012

Musikkhistorie del 8: Worship!

Kva er betre enn lovsang på norsk? Lovsang på engelsk! I alle fall for ein 15-åring; no er det helst omvendt. Eg er veldig glad i lovsong, sjølv om eg gjerne definerer sjangeren litt vidare enn den plar. For meg er ikkje lovsong ein musikksjanger. Alle sjangrar kan brukast til å lovsynge Gud, både viser, salmar, bedehussongar, klassisk musikk, pop, country, rock, raggae, soul osv. Det er ikkje musikken som avgrensar lovsongen, men hjartet til den som skriv teksten og framfører songen! For slike som meg, som er glade i lovsong, og samtidig er mest glade i rap/hip-hop, rock og pop, er det godt at det finst veldig mange artistar som brukar desse sjangrane til å ære Gud.

Kjærleiken min til lovsong begynte innanfor det som ofte går som "lovsongssjangeren". Keith Green og hans blanding av pop og lovsong, og ikkje minst kassettserien "The worship leaders," der eg fekk kjennskap til mange spennande lovsangsleiarar frå kyrkjelydar, og då særleg frå England. Ian White, Kevin Prosch, Graham Kendrick og ikkje minst desse to, som var mine absolutte favorittar:


Andy Park og Dave Bilbrough. Hadde eg fått ei krone for kvar gong eg har høyrt gjennom desse kassettane, hadde eg hatt ... ganske mange kroner...

På kassetten "I saw heaven", er det ein del stilig instrumentering. Eit par røffe songar, og ikkje minst inderlege songar om Gud og det han har gjort for oss. Favoritten min heitte "Philippians 2", der teksten er henta direkte frå nettopp filipparbrevet. Andy Park har fortsett å lage songar, og ein av hans mest populære songar heiter "Wonder Working God":


Dave Bilbrough hadde ein heilt annan stil på sine songar. Kassetten på bildet over var veldig keltisk inspirert, og veldig kjekk å høyre på. Utruleg flott musikk, etter mi meining! Og like viktig, sidan det er lovsang det er snakk om, tekstar som oppløfter Gud og minner oss på alt det gode Han gjer for oss!

Ein av dei songane eg likte veldig godt på den tida, er ein song som heiter "I am a new creation." Slik er den:


Viss du vil lytte meir til desse artistane, er her eit par speleliste frå Spotify:






4 kommentarer:

  1. Her var det mye bra! Og jommen fikk du meg til å mimre også :) Keith Green er faktisk enda en av mine favoritter - hans sanger er like fine i dag syns jeg. ;) Og ellers er jeg så enig med deg i det du sier om at lovsang ikke er en spesiell genre, men vi kan lovsynge gjennom mye forskjellig musikk. Herlig. Takk for spillelistene - her skal jeg sitte og lytte litt nå. Og du? takk for så fine, engasjerte kommentarer hos meg. Det setter jeg pris på. GOD søndag ønskes deg og dine :)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Ja, Keith Green sine songar har fulgt meg heilt sidan eg var 12-13 år, og er like bra fortsatt. Utruleg slitesterke songar! Og takk for gode ord!

    SvarSlett
  4. (Den andre kommentaren sletta eg på grunn av ein skrivefeil... Irriterande at det ikkje går an å redigere kommentarar! Særleg for slike som meg, som ikkje klarar å slutte å tenkje på feilen, viss eg først har oppdaga den...)

    SvarSlett