søndag 2. desember 2012

Eg og Gud - ørkenvandraren og havet

Å påstå at Gud er død, eller at Han ikkje finst, er som å stå midt i ørkenen og hevde at havet er borte for godt, eller at havet ikkje finst... Det verkar logisk og greit akkurat der og då. Einaste haka er at same kor mykje ein seier det, og same kor mykje ein trur det, så er havet der likefullt. Det er berre det at ein ikkje kan sjå det.

Dette perspektivet syns eg det er greit å ha med meg på mi "ørkenvandring". Eg ser ikkje Gud, men eg veit at han er der. Eg har sett Han teikna inn i Atlaset (Bibelen), og eg veit at ein dag vil eg nå enden av ørkenen og få sjå Han som han er. Foreløpig er eg som ein evig ørkenvandrar, eg veit ikkje korleis havet ser ut, korleis det luktar eller kjennest. Eg kjenner berre til den tørre ørkensanden og den brennande sola, og ein og annan oase med friskt vatn. Ved desse oasane har eg fått ein forsmak på korleis havet er: Menneske som har møtt meg med kjærleik og gode handlingar. Eit smil på vegen, ei handsrekning eller eit klapp på skuldra. Og nokon gongar har eg fått dyppe hendene mine i oasen, og kjenne ein forsmak med alle sansane. Lovsangsmøter, Bibeltimar, på spasertur under stjernehimmelen, einsame timar i bil: Berre eg - og Gud.

Nokon gongar kan eg kjenne at Han er med meg, når han fyller meg med sin ande og talar til hjartet mitt. Når eg les i Ordet, og orda legg seg som brustein framfor meg: Eg kan gå på dei, få fast grunn under føttene. Når eg ber, takkar, ropar ut mine sorger og lar tårene renne framfor Guds ansikt, og eg kjenner at han fyller meg med sin fred og gir meg styrke til ein ny dag.

Andre gongar er han lenger borte. Atlaset verkar uforståande, og det verkar som eg slepar føtene rundt i ørkensanden i blinde. Då er det desse orda eg hentar fram til trøyst: Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han. (Job 35, 14)


For Gud er ikkje som havet, bunden til tid og rom, og med avgrensa rekkevidde, teikna av strender og klipper som held vatnet tilbake. Gud er ein levande Gud, ein Gud som ser mi sak.

Og ikkje berre det: Han er ein Gud som går saman med meg, gjennom ørkenen. Heile vegen, i både gode og onde dagar.

Snart skal vi feire jul. Eg skulle ynskje vi kalla det Kristusmesse også her i Noreg, det passar så mykje betre, og hadde retta blikket vårt den rette vegen: Mot Han som steig inn i vår ørken, vart ein ørkenvandrar, erfarte solsteiken, den sviande sanden, dei rennande tårene, dei såre føtene, og dei gode oasane, dei tindrande stjernene om natta. Og ikkje berre det: Han laga ein veg gjennom ørkenen, ein veg som er open for alle å gå på: Ein veg heilt ut til Storhavet!

Snør på deg sandalane, finn fram jubeltonane og bli med på vegen ut av ørkenen du også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar