fredag 28. desember 2012

Juletrepynt som vitnar om Gud!

Tradisjonen med å ha juletre er ein skikk som lenge virka noko merkeleg for meg. Kva i all verda er poenget med å dra eit tre inn i stova, pynte det, gå rundt det, synge om det og la det stå der til allmenn glede så lenge jula varer? Det verka så ... ulogisk.

Heilt til eg høyrte ein andakt om nettopp juletreet, der andaktshaldaren forklarte symbolikken med treet og mykje av pynten som er på. Det er ei stund sidan eg høyrde andakten, så eg har nok gløymt ein del av det som var sagt. Likevel hugsar eg hovudpoenga, og eg har blitt meir glad i juletreet (Ikkje at eg ikkje var glad i det før heller, altså, det gir jo julestemning!)

Her er noko av pynten som er på vårt juletre:


Hjarte i mange storleikar og fasongar. Hjartet er kanskje det finaste julesymbolet eg veit om. Kvart einaste hjarte vitnar om Guds kjærleik til oss menneske, ein kjærleik så stor at han ikkje ville la oss fortsetje inn i vårt eige mørke, men valte å bli menneske for å kunne opprette det som var øydelagt! Eg tenkjer også på kor viktig det er å vise kjærleik til menneske vi har rundt oss (og ikkje berre i jula). Vi må oppmuntre og glede kvarandre, og vi må vitne om Guds evige kjærleik til oss. Når vi ser oss sjølve i lys av Guds kjærleik, vert menneskeverdet vårt lyfta opp til eit ukrenkeleg nivå.


Juletreet vårt har også ein del englar i ulike fasongar:


Englane er Guds bodberar, og kunne forkynne det store som var hendt for gjetarane på markene utanfor Betlehem. Englar er mykje omtala i Bibelen, men viktig: Ikkje som åndsvesen vi skal tilbe eller prøve å komme i kontakt med. Englane er Guds tenarar, og tilber sjølv Gud. Det er likevel fint å ha dei på juletreet, for då Jesus vart fødd var det ei hending så stor og viktig at Gud valte å sende ein heil hærskare av englar for å vitne for menneska!


Det er også kongler på treet. Eg kjenner ikkje til den offisielle symbolikken, men for meg symboliserer dei nytt liv. Kongler inneheld frø, og kan vidarebringe livet som er i treet. Grantreet er jo eit symbol på Jesus, difor tenkjer eg at konglene er oss menneske, som har fått livet frå sjølve treet planta i oss, og skal vere med og spreie dette livet vidare til andre!


Stjerna stoppa over stallen, og viste dei vise menn kor Jesus var. Stjerna står i toppen av treet, og minner oss på barnet i stallen, himmelkongen som kviler på ei seng av strå og halm. Vi som ser stjerna, må gå inn i stallen og gje barnet dei gåvene vi har med: Hjartene våre, hendene våre, hovuda våre, liva våre.


Og så er det julekulene då, i alle storleikar og fasongar. Runde kuler, nett som verda. Når eg ser på julekulene, tenkjer eg på Tellus, planeten vi bur på, med alle sine krinkar og krokar, øyer, kontinent og menneske. Kven var det barnet i krubba kom for å frelse? "For så elska Gud verda, at..." Guds frelse er for alle, heile vide verda! Kvar kule på treet vitnar om at Gud ikkje berre er min Gud, eller Gud i Rogaland, i Noreg eller Skandinavia. Han er Gud i heile verda, og alle menneske burde få kjenne på gleda å få feire jul, Guds komme til jorda.


I stova mi står juletreet og vitnar om Guds frelse, om det vesle barnet som vart født til jorda for å dø. Det eviggrønne treet, symbolet på Jesus, står midt i blant oss. Immanuel, Gud med oss, kom til jorda, og i dag, 2012(+/-) år seinare er han fortsatt blant oss, og vi kan innvitere han inn i stovene våre og ha fellesskap med han!

Viss vi vil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar