torsdag 19. april 2012

Løva og heksa

I dag har eg lest den fabelaktige boka "Løva, heksa og klesskapet". Historia er kjent for svært mange, og Narnia er eit spanande univers å opphalde seg i. I boka er det eit par scener eg er særskilt glad i. Den første scena er når forrædaren Edmund møter Aslan for første gong. Sjølv om vi ikkje får vite kva som vert sagt mellom dei to, har det skjedd ei fundamental endring hos Edmund etterpå. No har han berre auge for Aslan! Når heksa Jadis kjem og vil kreve Edmund tilbake, reagerar han ikkje med frykt. Han har augene festa på løva, og lar han føre heile samtalen. Det er kun det Aslan gjer som er viktig for Edmund. "Med blikket festa på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar." (Hebr. 12,2)

Heile boka, og for så vidt heile bokserien, er så spekka full av kristen symbolikk, at det vert som ein andakt å lese boka.

Den andre scena som eg syns er særleg spesiell, er når Aslan frivillig går heksa i møte, med det eine målet å ofre seg for Edmund si skuld


Det er ikkje noko hyggeleg selskap han går i møte, og det er uhyggeleg å lese kva dei gjer med han, før dei til slutt bind han fast til steinbordet. Rett før Jadis drep han, spottar ho han og hånar han for det offeret han har gjort. I hennar auge er det berre dårskap, for no har han lagt heile Narnia i hennar hender. Utan Aslan til stade, er landet overgitt til ondskapen. Det veit ho, og frydar seg! Så stikk ho kniven i Aslan, og trur ho har vunne den store sigeren.

Den gong ei.

Ved soloppgang neste dag, står Aslan opp att frå dei døde. Som symbol på Jesus, ser vi her korleis Jesus knuser dødskreftene. Steinbordet vert delt i to, og Aslan framstår som endå mektigare enn før.


Draumen om Narnia er ein bokserie der vi, via utstrakt symbolbruk, kan lese så og seie heile bibelhistoria. I bok 1, "Draumen om Narnia", vert vi vitne til skapinga av Narnia, og korleis det onde kjem inn i denne nye og fine verda. Det er sjølvsagt menneska som har skulda. Vi rota ting til, og det har vi fortsatt med i alle år sidan skapinga. Det må ein Aslan til for å knuse ondskapen i Narnia, akkurat slik vi treng Jesus Kristus til å sigre over ondskapen og dødskreftene som vil øydelegge oss menneske. Sjølv om ondskapen fortsatt er ein del av vår verd, slik den fortsatte å vere ein del av Narnia, har vi ein sikker veg ut av øydelegginga. Jesus har makt til å frelse oss frå synda som vil dra oss ned i fortapinga.

Det er spennande å fylgje debatten rundt den nye filmen "The Hunger games". Seinast i dag las eg eit interessant debattinnlegg på vl.no (Barn dreper barn). Debattantane vert sjølvsagt ikkje einige. Vald og ondskap på film og i litteratur er eit omstridt tema, men samtidig er det eit viktig tema. Ondskap er nemleg ein reell og stor del av den verda vi lever i. Vi menneske gjer så ofte onde handlingar, og handlar ofte ut frå egoistiske motiv. Då er det viktig å ha bøker som bøkene om Narnia, Ringenes herre, Harry Potter og no altså då om Katniss Everdeen og Dødsleikane. Det store bodskapet i alle desse bøkene er at det gode til slutt vil sigre over det vonde. Dødsleikane skil seg likevel noko ut, i og med at bøkene problematiserer også rolla til dei "gode", for det er ikkje alltid at dei som ser ut til å vere gode gjer det som er best for alle. Dette vert særleg problematisert i den siste boka. Og der Harry Potter og Narnia ender med ein stor siger til dei gode, har eg, med handa på hjertet, sjeldan hatt ei slik bittersøt kjensle som når eg las avslutninga på serien om Katniss Everdeen. Den var som ein knyttneve i magen.

Likevel føyer også denne serien seg inn i rekka, og hovudbodskapen er, som i Narnia: Det onde taper til slutt.


Takk og lov!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar