søndag 7. april 2013

Tomas

Du var der ikkje, du fekk ikkje sjå, du visste ikkje kva som hadde hendt,
den dagen meisteren dukka opp
stod der
smilte
snakka til oss, som før,
og tømte hjarta våre for frykt og det andre     

Det
som ikkje er så lett å setje ord på, det som berre er der
som ein skugge,
ei klippe som lenar seg innover liva våre
og hindrar sollyset og varmen og gleda i å strøyme frå Guds hand
og inn i liva våre

Det
som så ofte vert kalla tvil
medan vi skakar i kroppen, som av eit kuldegys
og snur oss til ein annan kant i håp om å sleppe unna
men like fullt
er det der. I hjarta. I kroppen. I orda
vi talar til kvarandre når vi møtest, tilfeldig, som båtar på livshavet
og ynskjer å dele noko av oss sjølv

Det
som ligg der, som eit bakteppe, uynskt og frykta
og som vi prøver å røme frå
legge bak oss
stikke under ein stol
eller tømme som oske på havet
Det
som vi aldri klarar å bli kvitt, trass alt vårt strev og slit

Og du, Tomas, fekk det som eit stempel over ditt liv: Han som tvilte,
han som ikkje klarte å tru det han høyrde
men måtte ha bevis
Noko å ta på, noko å sjå, noko å surre fortøyingstauet rundt
Noko å stole på

Og vi kalla deg Tvilaren. Med  stor T.
Rista litt på hovudet, kanskje litt oppgitt,
du var den som hadde Det
vi andre ikkje ville nærme oss, frykta meir enn sjukdom, meir enn våre eigne liv

Tvilen, som ei grå tåke gjennom hjarta våre
Mørke dystre dagar i skuggen av tvilen, vekkgøymde for oss sjølv,
skjelvande av angst for – ja, for kva? For å dø? For å ha teke feil? For å vere svikta
av Gud sjølv?
For å møte vener og familie,
dei som ikkje gjer oss vondt, men ser på oss med blikk som seier: Det var det vi sa…

Då Meisteren sjølv dukka opp, steig gjennom den låste døra,
blåste han tåka ut av hjarta våre,
let sollyset fylle opp kvar krok, let oss forstå: Vi hadde ikkje forstått nokon ting

men no!

No var det borte,
liksom du også var borte, Tomas,
då han tømte hjarta våre, og du, du vandra fortsatt rundt i tåka, nekta å tru
nekta stole på orda, før du hadde sett

Så fekk du sjå, og tvilen, det tunge, forsvann
Akkurat som hos oss andre, akkurat som då vi fekk sjå, første gongen

Likevel var det du som fekk namnet Tvilaren --

Det kunne vore kven som helst av oss andre, det kunne vore eg
Eg som stadig vekk let hjarta vandra på villvegar
ut av stien du har merka opp,
let skuggar felle over krossmerket
og tankane tumle av garde, som eit opprørt hav, som bølgjer – på veg vekk
Og let det strøyme over meg, som om det var ein del av meg

Dei kalla deg Tvilaren, Tomas. Men eg veit ikkje.
Du trudde, då du møtte Meisteren
Og er det ikkje det som tel?
Er det ikkje den vegen vi alle må gå?

Tomas, Han Som Trudde, min bror som la ned sitt eige liv
i tenesta for Han
som sopte tvilen ut med eit einaste ord: “Kom!” Og det var nok.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar