tirsdag 24. mai 2011

Statsstøtte som våpen

Eit NLM-arrangement har kansellert avtalen med artist Maria Merete Trøen, etter at dei fann ut at ho skal synge årets "Pridelåt" på Skeive dagar. Dette er i seg sjølv ei ganske logisk avgjerd, sidan Skeive dagar og det dei står for bryt kraftig med dei etiske normene i NLM. Dei står for to så ulike syn på homofilt samliv, at dei ikkje kan foreinast.

Leiar for LLH er raskt ute og seier at dette bør få konsekvensar for statsstøtten til NLM. Grunngjevinga er at NLM er "intolerante" og står for andre verdiar enn det regjeringa gjer. I seg sjølv er jo dette ein ganske hårreisande påstand. Skal alle som står for andre verdiar enn dei regjeringa har, miste statsstøtta? Vil det då seie at viss for eksempel Krf skulle komme til makta, så bør dei stoppe statsstøtta til LLH? Nei, det blir jo heilt vanvittige tilstandar i norsk politikk viss det å vere på same linje er avgjerande for å få statsstøtte.

Tilsvarande kan ein jo tenkje seg at LLH kan havne i same situasjon som NLM er i no. Kva om for eksempel ein av hovudartistane under Skeive dagar gjekk ut i avisene nokre dagar i førevegen og hevda at alle homofile lever i synd og burde blitt blitt behandla, slik at dei endra legning. Kva ville LLH-leiinga gjort då? Ville denne artisten fortsatt blitt godt motteken under arrangementet deira? I så fall, er det ganske inkonsekvent politikk, sidan LLH sjølve kjempar mot slike haldningar.

Er LLH "intolerante" viss dei då avlyser avtalen? Nei, eg trur ikkje det. Dei fylgjer berre si eiga linje. Eg ser det som sjølvsagt at LLH gjer avtalar med personar og artistar som står på deira eiga linje. Akkurat slik NLM gjer det.

Toleranse er eit vanskeleg omgrep, som mange misbrukar. Det er ikkje intolerant å kansellere avtalar med artistar som bryt med eins eige verdigrunnlag. Det er konsekvent.

Toleranse handlar om å tolerere at vi er ulike, har ulike meiningar og haldningar. Eg tolererer LLH sitt arbeid. Dei er ein del av norsk organisasjonsliv, og har full rett til statsstøtte. Så lenge dei fylgjer spelereglane i samfunnet, har dei rett til eksistens og drive med sine aktivitetar. Eg er likevel ikkje einig med dei. Eg står for andre verdiar og etiske normer. Kan LLH tolerere det?

Er det plass til oss verdikonservative i det norske samfunnet? Kan vi bli tolererte? Kan dei som meinar andre ting enn NLM, likevel akseptere at dei får statstøtte til sitt arbeid. Eller er vi blitt eit samfunn som faktisk er intolerant, i den tydinga at alle må meine det same som dei som styrer for å kunne få støtte?

5 kommentarer:

  1. Feil, les setningen i VL en gang til:

    "– Jeg går ut i fra at de nå takker nei til statsstøtte, siden vi har en regjering i dette landet som står for verdier som er uforenelige med NLM sine, avslutter Bård Nylund."

    Nylund går ut i fra at NLM nå takker nei til statsstøtte. Han sier ikke noe om at regjeringen bør ta fra dem statsstøtte.

    SvarSlett
  2. Buster: Det er jo helt åpenbart hva Nylund sikter til. Hvis man ikke skjønner det premisset, så blir det vanskelig å diskutere denne saken med deg.

    KrF kan være uenige i mange av LLHs kampsaker, men de vil aldri trekke statsstøtten til organisasjoner som man er uenige med. Jeg håper at dette også gjelder den rødgrønne regjeringen og at Bård Nylund tar kraftig feil.

    SvarSlett
  3. Det er flere kristne organisasjoner som mener det å motta statsstøtte er galt, fordi regjering og stat forfekter "syndige" verdier og begår ukristelige handlinger.

    Nylund mener at så lenge NLM ikke vil slippe til mennesker som er uenige med dem i verdispørsmål, bør NLM også vurdere å ikke slippe til staten med penger. Altså, det handler ikke om at staten skal stoppe støtte.

    Forøvrig tenker jeg at det er galt av staten å støtte organisasjoner som begår ulovligheter. Men det har vel ikke NLM gjort i denne saken.

    SvarSlett
  4. Eg er klar over at Nylund ikkje sa (i alle fall ikkje er sitert på) at "NLM må no miste statsstøtta", men som Emil André påpeikar, er det rimeleg klart at intensjonen verkar å stille spørsmålsteikn ved det at NLM mottar statsstøtte.

    Eg tykkjer det er temmeleg utidig at ein stadig vekk skal trekkje inn statsstøtta som eit våpen for å ramme organisasjonar ein er ueinige med. Det skjer stadig vekk at nokon reagerar på moralske haldningar og normer i kristne organisasjonar, og ofte vert då statsstøtta trekt fram som eit verkemiddel for å ramme dei ein er ueinige med. Som prinsipp er dette temmeleg forkasteleg. Og særleg forkasteleg vert det viss ein samstundes trekk fram ord som demokrati og toleranse/intoleranse.

    Respekt for annleis tenkjande er eit viktig prinsipp i eit kvart demokrati.

    SvarSlett
  5. Jeg ser altså ikke den intensjonen dere snakker om. Nylund stiller opp et moralsk dilemma for NLM.

    (Et lignende moralsk dilemma vil f.eks. være om det er riktig av KrF å delta i en regjering som administrerer abortloven.)

    Ellers er jeg enig i at man skal være varsom med å frata organisasjoner støtte. Jeg mener bestemt at LLH ikke er blant de som roper om det.

    Selv mener jeg at det av og til er riktig å stoppe støtte, eller å la være å støtte organisasjoner. Jeg er ikke enig i at det som prinsipp er "temmelig forkastelig".

    Jeg regner med at du ikke ville vært med på å støtte ungdomsarbeidet til Vigrid.

    Dessuten mener jeg det er rimelig å stille enkle organisatoriske krav til de som får støtte

    SvarSlett