søndag 5. mai 2013

Fridom (andakt på KRIK-samling i går kveld)

Lengselen etter fridom er ein grunnleggjande eigenskap ved oss menneske. Det å kunne styre seg sjølv, bestemme over eigne val og kunne gjere det ein sjølv har mest lyst til. Eg reknar med at de kjenner godt til denne lengselen… At de lengtar, i alle fall innimellom, etter den dagen då de skal få bestemme sjølv og at foreldra dykkar ikkje lenger kan leggje band på kva du skal gjere eller kor du skal vere. At de lengtar etter den dagen de kan reise vekk på hybel. Ta eigne val. Leggje opp kvardagen heilt sjølv…

For berre eit par hundre år sidan var det vanleg med slavehandel i Europa og Amerika. Det vart henta tusenvis på tusenvis av menneske frå Afrika, og sendt over til slavemarkene i Mellom- og Nord-Amerika. Desse menneska visste veldig godt kva lengsel etter fridom var, og dei hadde heller ikkje noko kortsiktig perspektiv på ein fridom som låg og venta. Det einaste dei hadde i vente, var meir arbeid, meir undertrykking, meir fornedring.

Desse slavane utvikla ein eigen musikksjanger, som vi i dag kjenner som Negro Spirituals. Dette var songar som vart brukt både i gudstenester og når dei arbeidde på markene. Det store tema i desse songane var fridom. Når vi høyrer desse songane i dag, kan vi ane litt av den enorme lengten etter fridom.

Men kva vil det då seie å vere fri? Er det å kutte alle band til andre menneske og arbeid og plikter og forventingar? Er det å kunne gjere nett kva ein vil, heile tida?

Eg trur ikkje det var det slavane lengta etter. Sjå på meg, eg er ein fri mann, slik slavane ynskte å vere. Likevel har eg plikter eg må oppfylle. Eg må stå opp tidleg kvar dag i veka og gå på jobb, og der må eg gjere jobben min godt for å få behalde den. Eg har barn som skal ha mat og klede, komme på skulen og i barnehagen til rett tid. Eg har billån og studielån eg betalar på, og husleige og straum og alle andre utgifter som fyl med det å ha familie. Eg kan ikkje sitje i ein lenestol heile dagen og lese i ei bok, med musikken dundrande ut frå høgtalarane og bordet fullt av chips og sjokolade og druer. Det hadde vore herleg, men kva hadde då dei andre i familien sagt? Og kva skulle eg gjort når kontoen tørka ut? Eg er fri, men eg kan ikkje gjere nett som eg vil likevel.

Fridom treng ei forankring, eit festepunkt. Er det nokon av dykk som har vore ut og flydd med drakar? Kva må til for at draken skal fly?

Kva skjer viss du kuttar snora, slik at draken vert verkeleg “fri”? Akkurat, den styrtar. Den vil falle til bakken, og bli kasta hit og dit av vinden, utan styring. Til slutt vil den sannsynlegvis bli øydelagt av regn og vind og snø og kulde. Den store fridomen var ein illusjon. Draken hadde det mykje betre då han var bunde til nokon på bakken.

På ei anna side kan ikkje den flygande draken vere bunden til kven eller kva som helst. Festar du den til ein stein som ligg i ro, vil draken få same skjebne som om tauet var kutta. Den vil halde litt lenger, men kjem vinden plutseleg frå feil kant, eller stoppar opp, vil den falle til bakken.

Det same vil skje viss den som held i tauet er interessert i å øydeleggje for draken. Det går an å halde det heilt feil: Sleppe tauet på gale tidpunkt, og dra på andre, med det resultat at draken styrtar raskare enn nokon gong.

Det er altså ikkje det same kven som er i andre enden av tauet. Det må vere nokon som vil sjå draken fly, og vil gjere alt dei kan for å hjelpe den til å halde høgda. Dra i snora på riktige tidspunkt, og slakke snora når det er behov for.

Også i Bibelen kan vi lese om fridomen. Joh 8, 31-36:
Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. 35 Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.

Synd er alt det vi gjer som fører oss vekk frå Gud. I tillegg øydelegg synda mykje i forholdet vårt til andre menneske. Og som ikkje det var nok, seier Jesus at synda gjer oss til slavar. Alle dei tinga vi gjer som er imot Guds vilje, er som tau som vert surra rundt kroppen vår, og bind oss hardare og hardare. Det finst berre ein måte å bli fri på:

Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.

Jesus er den einaste som kan setje oss fri frå synda sitt slaveri. Viss vi held oss til bildet med draken, kan vi seie at vi er draken og Jesus er den som held i snora. Den einaste måten å vere verkeleg fri på, er å la han styre snora. Då vert ikkje alltid livet heilt slik ein hadde tenkt, og kanskje får du ein del plikter, krav og forventingar å rette deg etter og ta omsyn til. Til gjengjeld vert du fri. Verkeleg fri!

1 kommentar:

  1. Så fint og så sant skrevet om frihet!
    Ønsker deg en god uke!

    SvarSlett