torsdag 2. juni 2016

Bøker lest: Mai 2016

Bøkene frå mai kan tematisk oppsummerast med tre ord: Krig, flukt og oppvekst. Her er leselista:

 1) Carsten Jensen: Den første sten

Omslagsbildet til boka seier eigentleg mykje om innhaldet: Eit persisk teppe, der ulike typar våpen utgjer mønsteret. I boka vert vi kjent med ein dansk tropp i Afghanistan. Dei er sent ut for å skape demokrati og verne om freden, men opplever at det ikkje alltid er så lett å avgjere kva som er rett og galt i møtet med ein framand kultur, eit land prega av tiår med krig og så mange ulike interesser at det er vanskeleg å halde oversikten. Når dei då i tillegg opplever at ein av deira eigne svik dei, vert dei ført inn i eit uoversiktleg "spel" med livet som innsats.

Dette er ei svært spennande bok, og handlinga tek stadig nye og uventa vendingar. Undervegs får eg som lesar eit litt meir nyansert bilde av konflikta i Afghanistan, og kor vanskeleg det eigentleg er å avgjere kven som er ven og kven som er fiende. Så dette er både ei lærerik og svært dramatisk bok!


2) Jan Ove Ekeberg: Den siste vikingkongen - Krigens læregutt

I denne boka møter vi den aller siste, norske vikingkongen; Harald Hardråde. Han var halvbror til Olav den Heilage, og vi kjem inn i historia ei tid før slaget ved Stiklestad. Olav må rømme austover, til Russland, og Harald, som er 13 år, vert sendt frå heimgarden saman med Rane Kongsfostre. Det er den same Rane som lærte Olav opp til å bli ein god krigar.

I boka kan vi fylgje korleis Harald endrar karakter, frå å vere ein villstyrig gut på heimgarden, til å slåss i hæren til Olav den Heilage på Stiklestad.

Det er først og fremst ei underhaldande bok, men lesaren kan også plukke med seg ei god dose historiekunnskap. Er du interessert i den norske kongesagaen, men tykkjer Snorre vert litt tung å lese, er Ekeberg sine historiske romanar absolutt å anbefale!

 3) PeKå Englund: Født på en søndag

I denne flotte oppvekstromanen er det merkevarekonsulenten Jalle som har hovudrolla. I godt vaksen alder vert han kjent med og kjærast med den nye stjerna på operaen i Stockholm; Hanna Kjøle. I møte med hennar veremåte, vert minner frå barndomen vekt, og historia vekslar mellom notid og fortid, heilt til dei to historiene møtes.

Jalle har ei mor som er misfornøgd med det meste i livet, og humøret kan snu på sekundet. Guten har difor måtte legge seg til vasstette strategiar for at ting ikkje skal gå galt. Heile personlegdomen hans vert prega av at han heile tida må vere på tå hev. Det som bergar han, er mora sin nye kjæraste: Sten. Han skapar ei frisone på arbeidsplassen sin, og Jalle vert introdusert for opera, fotball (og det er berre Stoke City som gjeld) og ikkje minst teikneserialbuma om Tintin.

Dette er rett og slett ei vakker bok, med lun humor og ein alvorleg undertone.

 4) Flukt

Dette er ei prosjektbok, der bidragsytarane gjer alt pro bono, det vil seie utan vederlag, og alle inntekter går til ei god sak. I dette tilfelle å hjelpe menneske som er nettopp på flukt.

Boka består av ei rekke portrett, der vi vert kjent med ulike historier om flukt. Her er intervju med personar som flykta til Sverige under 2. verdskrigen, Vietnamesiske båtflyktningar frå 60-/70-talet, flyktningar frå Balkan på 90-talet og Irak og Syria i nyare tid. Blant anna. Det er ei rekke interessante historier, som gir eit meir nyansert bilde av den store menneskemengda som i dag må flykte frå heimlanda sine. Det er ikkje berre tal og statistikk; der er enkeltmenneske med kvar si heilt unike historier.

Boka er eit fint bidrag til å skape litt større perspektiv over det som skjer i verda i dag.


5) Tor Arve Røssland: Snatch

Både Henrik og Martin treng pengar. Helst mange, og helst så raskt som råd. Martin har gjort hærverk i fylla, og tør ikkje innrømme dette til foreldrene sine. Han treng difor pengar til å betale bota. Henrik vil gjerne gje søstra Sarah eit betre liv, eit liv den alkoholiserte mora ikkje kan gje henne.

Løysinga på problemet er temmeleg desperat: Dei kidnappar Henriette, veninna til Sarah. Henrik veit at foreldrene hennar er søkkrike.

Det kjem vel ikkje overraskande på nokon når eg skriv at ikkje alt går heilt slik dei to gutane hadde tenkt... Og slutten er både overraskande og snedig!

Dette er ei intens og lettlest ungdomsbok i skumring-serien.


6) Vanessa Diffenbaugh: Vi ba aldri om vinger

Alex veks opp i eit fattig område i Sør-California. Det er besteforeldrene som heile vegen har teke ansvar for han og søstra, men når besteforeldrene flyttar attende til Mexico, vert mora tvungen til å ta grep om livet sitt. I løpet av boka går mora gjennom ei stor, men samtidig truverdig, karakterendring; frå å vere distansert til å bli ei ansvarsfull mor.

Livet tek endå nye vendingar for Alex: Han får møte faren sin, startar på ny skule og vert kjærast med Yesenia. Problemet er at Yesenia går på ein annan skule, der ho vert plaga av medelevane sine. Alex prøver å rydde opp, med uante konsekvensar.

Ei spennande og flott skrive bok. Både danningsreisa til mora, og fokuset på problema ved å leve som papirlaus i USA, gjer dette til ei interessant bok.



7) Harald Rosenløw Eeg: Yatzy

Dette har vore høgtlesingsbok i 10. klasse dette året, og denne månaden var vi ferdig med den. No spørs det berre om dei kjem opp til eksamen og får sjanse til å snakke om boka og filmen der...

Daggi kjem til ny fosterfamilie, og har med seg ei god dose frykt og minner i bagasjen. Undervegs i boka får vi glimt tilbake til fortida hans, og vi forstår etter kvart at dårleg samvit kanskje er den dominerande kjensla. Han kompenserar ved å spele råtøff, både ovanfor fosterforeldrene og broren, lærarar og medelevar.

Samtidig som Daggi er tøff og tilsynelatande likegyldig med det som skjer rundt han, møter vi også mjukare sider. Han vert forelska i Gloria, og dei vert etter kvart kjærastar. Han viser også omsorg for familiekatten Rambo. Heile vegen er det noko som plagar og gneg på samvitet hans, og til slutt går det nesten galt.

Ei spennande ungdomsbok, men for mange kan handlinga vere litt vanskeleg å få tak på. Det er mange ting som må tolkast ut av små hint og samanhengen det vert fortalt i, så boka passar nok best for ungdomar som er glad i å lese.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar