onsdag 15. juni 2016

Jesu medkjensle


Nokre tankar rundt søndagsteksten for 12. juni:

Jesus gjekk no omkring i alle byane og landsbyane. Han underviste i synagogane deira og forkynte evangeliet om riket og lækte all sjukdom og plage. Og då han såg alt folket, fekk han inderleg medkjensle med dei, for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»

Matt 9, 35-38

Det er ikkje alltid så kjekt å bli samanlikna med ein sau. Vi kjenner oss som regel noko meir sjølvstendige, noko klokare og noko meir formulerte enn ein flokk brekande sauer. Likevel er dette ei samanlikning Jesus gjer fleire gongar i talane sine.

Også denne søndagen vert samanlikninga med husdyret brukt. Jesus ser på folket som flokkar seg rundt han for å høyre han tale, sjå eit under eller kanskje verte lækte sjølve. Det står at han får inderleg medkjensle med dei. Jesus ser lengten og tørsten hos menneska, og tykkjer synd på dei. Då trekk han fram samanlikninga: Som sauer utan gjetar.

Jesus var godt kjent i det gamle testamentet (tanákh), og der vert uttrykket “sauar utan gjetar” brukt fleire gongar. Det som er felles for stadene det vert brukt, er at det handlar meir om dei manglande gjetarane, enn om sauane. “Gjetarane” er kongar eller religiøse leiarar som skulle leie folket nærare Gud, men i staden fører dei folket på ville vegar. Dei er gjetarar i namnet, men ikkje i praksis.

Når Jesus ser på folket som flokkar seg rundt seg, ser han at leiarane deira har svikta. I staden for å vere gjetarar som fører folket til Gud, tenkjer dei meir på seg sjølv og tradisjonane. Men menneska har ein tørst og ein lengt i seg, då som no, og vender seg der ein trur lengten kan få si innfriing. Alt det vi menneske fyller livet med, for å stille tørsten etter meining og mål!

Då som no treng menneska Jesu medkjensle og tilgjeving. “Grøda er stor” seier Jesus, og meiner vel med det at her er det mange menneske som lengtar etter fred i hjartet – ein fred som berre “Han som er Herre over grøda” kan innfri. Så ber han læresveinane be Gud om å sende ut menneske som kan formidle denne freden. Vere ekte gjetarar som leier menneske tilbake til Gud.

Det er ein lur ting Jesus gjer her, når han ber læresveinane om å be denne bøna. Gud jobbar med hjarta våre, og viss vi vert opptekne av det Gud er oppteken av; at menneske skal kome attende til Han, vil det også endre vår innstilling til oss sjølve. Ofte endar vi opp med at bøna “Herre, send ut arbeidsfolk” vert endra til: “Herre, her er eg, send meg!” 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar