lørdag 7. januar 2017

Motlys




ørkenkulda sit djupt i kroppen
den nattlege smerta
av einsemd og lengt etter meining

for tomme landskap strekk seg
til alle sider, går frå horisont til horisont
og endå vidare ut – så langt vi kan tenkje

og i hjartet er einsemda ei grå sky
eit tåkelandskap utan innsikt eller utsikt
som eit spegelbilete av ørkenen under foten

berre det duse lyset bak himmelranda i aust
kjem med løfter om endring
løfter om ei ny tid for føter og auge og hjarte

så vi vender blikket dit
og går mot soloppgangen
som insekt mot det einaste lyset

let det verte eit motlys til hjartet
ei varmekjelde for stivfrosne tankar
eit håp som gir meining i alt det tomme –



Jes 60, 3: Folkeslag skal gå mot ditt lys, kongar gå mot din soloppgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar