torsdag 6. desember 2018

Ildefonso Falcones: Jordens arvinger

På mange måtar tek Ildefonso Falcones opp tråden der han slapp etter "Havets katedral" for vel ti år sidan i denne nye romanen. Me møter att Arnau Estanyol, hovudpersonen, og også Roger Puig - sonen i familien som Arnau leia ut i ruin. Roger Puig er ute etter hemn.

Hovudpersonen i "Jordens Arvinger" heiter Hugo Llor, og er ein fattig gut som Arnau Estanyol tek under sine vengjer. Gjennom gleder og sorger, motgang, medgang og kjærleik fyljer me Hugo sin kamp for tilværet i eit Barcelona der du ikkje får noko gratis. Vald og maktkamp er ein naturleg del av tilværet, og Hugo Llor kjem raskt ut i hardt vêr.

Andre personar me vert kjent med er slavane Barcha og Caterina, som begge vert viktige personar i Hugo sitt liv. Me møter også søstera Arsenda, som veks opp som tenestejente i eit kloster. Ho vert trekt stadig meir inn i klosterlivet, der ikkje alt er berre fryd og gaman. Også den vesle, foreldrelause babyen Mercé, som Hugo etter kvart får ansvaret for, set sitt sterke preg på historia.

To andre viktige personar er Dolca og Regina, to jødiske jenter som på kvart sitt vis fyljer Hugo gjennom både oppveksten og det vaksne livet. I tillegg til desse innehar boka eit svært rikt persongalleri.

Medan lukka svingar for Hugo, og det stadig dukkar opp nye utfordringar, vert me også vitne til storpolitikken i regionen. Catalonia er eit av mange småriker på nordvestkysten av Middelhavet, og det er stadig både krigar, intriger og utskifting av maktpersonar. Mykje av det som skjer i dei store linjene, er historisk korrekte hendingar. Falcones syr sine oppdikta personar inn i dei historiske hendingane, og dermed vert det ikkje berre underhaldning, men også god lærdom om politiske, rettslege og kvardagslege tilhøve i Barcelona på tidleg 1400-tal.

Viss du likte "Havets katedral", er dette garantert boka for deg. Den er like spennande, og like uforutsigbar i alle sine overraskande vendingar! "Jordens arvinger" er ein koloss av ei bok, med nesten tusen sider, og inneheld mykje godt stoff for lange lesestunder!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar