søndag 11. februar 2018

Eit ord i jorda



så ofte eg såg deg gå
gjennom gatene;
lute skuldrer
subbande føter
blikket i bakken, unnvikande
liksom redd for å vise att
i våre reaksjonar

men eg sa aldri noko
ikkje eitt ord

ikkje før den gongen vi venta
på den same bussen, saman
i skuret i le for regnet
og eg tok mot til meg;
sa det var godt å sjå deg
at eg alltid vart glad for å sjå deg
at du høyrde med
her
i lag med oss andre

kor eg såg lyset i auga dine blenkje
skuldrene litt strammare
ryggen litt rakare
orda, nølande – eit svar
og eg smilte til deg
og lurte, med meg sjølv
kvifor eg aldri sa noko før –




Joh 12, 24: Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar