søndag 4. november 2018

Agnes Ravatn: Stoisk uro

"Stoisk uro og andre filosofiske smular" er ei todelt samling essayistiske tekstar, tidlegare gitt ut som to artikkelseriar i tidsskriftet "Dag og Tid".

I den første tekstsamlinga har forfattaren sett seg føre å teste ut ulike filosofiske idear i praksis. Kvart essay er ein presentasjon av ein ny filosof og ideane hans, etterfulgt av praktiske refleksjonar, relatering til forfattaren sine eigne erfaringar og somme tider også direkte uttesting.

I ein av testane forsøker ho til dømes å leve etter Immanuel Kant sitt kategoriske imperativ: Alt ein gjer skal kunne gjerast om til ein leveregel som gjeld alle menneske. Gjennom filosofi, ein stor dose ironi og ikkje minst humor tek Ravatn oss med inn i kvardagen, og skildrar korleis eksperimentet går.

Nettopp humor er eit fellestrekk ved tekstane. Sjølv om tema i utgangspunktet er alvorleg og til tider noko tungt, klarar Agnes Ravatn å knyte så pass mykje kvardagsironi og litterær humor til prosjektet, at det vert interessant også for oss som ikkje kan så mykje om filosofi.

Den andre halvparten av boka er eit djupdykk inn i Søren Kierkegaard si verd, i samband med 200-årsjubileet i 2013. Kvart essay tek for seg eit av hans filosofiske prinsipp, og vert behandla om lag på same måte som dei ulike filosofane i den første delen. Her er filosofi, kvardagsliv, sjølvironi og humor blanda i skjønn foreining, og saman med suveren formuleringsevne vert det heile ei fornøyeleg reise saman med Agnes Ravatn!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar