søndag 4. november 2018

Byen på fjellet




det synlege og det usynlege
bur saman        på dette fjellet –

ferdamenn, langt borte
ser mot fjellet
der bymurane strekk seg mot himmelen
og gatene glitrar        nyvaska
i eit stadig tilbakevendande regn

så er det sanning, dette
seier dei til kvarandre;
det er verkeleg ein by på fjellet

dei lest å vere likesæle

men når natta sig på
er det ein som gløttar på auga
og legg i veg        med kursen sett
mot den underlege byen på fjellet –





Matt 5,14: De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar